Tilbake til Abrahams Barn

Zakaria Saaliti: Korleis er det å leve som muslim i Noreg?

Det er fantastisk og gjev meg religiøs og kulturell fridom. Eg kjenner meg privilegert og set pris på rørslefridom, fred og orden, skriv Zakaria Saaliti.

TEKST: Zakaria Saaliti, styremedlem i Ung Muslim (teksten er skriven i 2011, etter åtaket på Utøya)
MEN, eg misliker å bli sedd på som utlending fordi eg går med hijab.
Eg er lei av å bli kopla til kjønnslemlesting, tvangsekteskap og terror.
Idiotisk spørsmål. Norske muslimar er som alle andre menneske. Det er det ein sjølv gjer det til. Det er aldri ein kjedeleg augneblink.

Dette er nokre av svara eg fekk da eg spurde dei muslimske vennene mine om korleis dei opplever livet sitt som norske muslimar. Responsane er, som de ser, svært forskjellige, men likevel kan eg kjenne meg igjen i alle svara. Det er fordi eg har blanda kjensler om korleis det er å leve som muslim i Noreg.

La oss starte med dei positive sidene: Først og fremst set eg pris på fridommen til å vere meg sjølv. I Noreg kan eg tru på kva eg vil og seie kva eg meiner utan å vere redd for å bli forfølgd. Det ville vore umogleg for meg å vere aktiv i organisasjonsarbeid i land der majoriteten av folket er muslimar. Der kan ein i verste fall risikere å bli drepen av styresmaktene. Slik er det heldigvis ikkje i Noreg. Her blir ein oppfordra til å engasjere seg både politisk og religiøst. Og om nokon skulle prøve å true eller skade meg fordi eg trur på Allah, veit eg at eg har loven på mi side.

Men engasjementet mitt har ein pris, også her i Noreg.

Her om dagen fekk eg vite av ein framståande leiar i næringslivet at eg aldri ville ha fått jobb hos han. Årsak: Eg er engasjert i debatten om islam, og dette trass i at eg har forsøkt å ytre meg nyansert. I ettertid har eg vore meir forsiktig, fordi eg har innsett at eg må drive sjølvsensur dersom eg skal gjere karriere innanfor næringslivet. Dette meiner eg er eit demokratisk problem i eit land der ytringsfridommen står sterkt.

Men kanskje er det ikkje så rart at somme leiarar vel å skyggje unna muslimar. Og da særleg når ein ser på korleis media konstant problematiserer islam som religion. Hijab, terror, moralpolitiet på Grønland, steining av homofile, den feilaktige koplinga mellom islam og ugjerningar som tvangsekteskap og kjønnslemlesting, går stadig att i media. Misforstå meg rett, eg er ikkje imot at desse sakene blir diskuterte. Men eg har store problem med at muslimar blir presenterte som ei homogen gruppe, og at det sjeldan er plass til dei normale muslimane. Muslimar som er opptekne av barnehageplass, som meiner noko om eldreomsorga, og som irriterer seg over at fotballnasjonen Noreg aldri kvalifiserer seg til ein stor internasjonal meisterskap.

Det er ikkje lett å leve med denne konstante førestellinga om at det er noko alvorleg gale med min religion, og påminninga om at eg er annleis.

Det har vore dagar der eg har blitt så nedstemt at eg har tenkt at det ville vore best å flytte. Til ein stad der ingen definerer meg som muslim. Der ingen bed meg om å ta avstand frå terror. Der ingen spør om foreldra mine skal velje ei passande kone til meg. Der ingen sarkastisk seier at dei ikkje skjønar korleis eg orkar å faste frå soloppgang til solnedgang. Det er dagar da eg ønskjer meg vekk til ein stad der folk ser på meg som økonom, som ektemann, som bror, som far, som son og ikkje minst, som medborgar.

Etter 22. juli skjedde det noko. Plutseleg var det ikkje muslimen som var vår fiende. Det var ikkje lenger muslimen som representerte det vonde.

Det fekk oss til å stå saman som ein nasjon på ein måte som eg før ikkje har opplevd. Og som mange andre muslimar har eg aldri kjent meg meir stolt over å vere norsk. Tross i all sorga og kjensla av sjokk, trudde eg at dette ville endre Noreg til det betre. For fellesskapskjensla som kom til syne, gav meg håp om ei betre framtid, der muslimen ikkje lenger var den stygge ulven, men ein del av det nye Noreg.

No har det berre gått litt over ein månad sidan dei grufulle åtaka. Sjølv om mange debattantar har varsla ein mildare tone i samtalen om islam og muslimar, er det lite som tyder på at det vil skje ei forandring. Retorikken er den same, og i pressa ser ein at dei same generaliseringane om muslimar framleis pregar nyheitsbildet. Og er det berre noko eg synest, eller er fellesskapskjensla i ferd med å bli borte? Eg håpar inderleg at eg tek feil.

Eg håper det nye Noreg vil vere eit meir inkluderande Noreg.

Eg håper at den sju månader gamle dottera mi slepp å vekse opp med spørsmål om korleis det er å vere muslim i heimlandet sitt. Eg håpar at det blir så dagligdags – ja, nærmast kjedeleg – å vere muslim, at det ikkje skal vere nødvendig å stå og lese desse orda igjen på ein scene.