Tilbake til Andre verdskrigen – Natt i verda

Korleis eg fann Peggy

Til mi store forundring hadde alle ei historie å fortelje.

TEKST David Greig

Da eg først vart spurd om å fordjupe meg i denne store hendinga, denne lange teaternatta som handlar om krig, vart eg både oppglødd og audmjuk. At teateret på denne måten vil syne fram denne svære historiske hendinga, ei hending som framleis påverkar oss, også i kvardagen, var for meg ei vedunderleg handling. Mitt første innfall var å samle materiale frå folk eg møtte, og eg tok til med å stille folk dette enkle spørsmålet: «Kva er di historie om den andre verdskrigen?» Og til mi store forundring hadde alle ei historie å fortelje.

Andre-verdskrigen-Natt-i-verda-på-Det-Norske-Teatret-2016-15

Gåsa flyg med Peggy på ryggen for å vise henne krigens sanne natur. Foto: L-P Lorentz.

Dei fleste var berre på nokre få linjer: «Bestefar min sigla med destroyerar frå Alaska, og eg trur han møtte bestemor mi der», eller «grandonkelen min vart skoten ned mens han var med på eit flyåtak inne i Burma, og dei fann aldri liket. Eg kan hugse at besteforeldra mine for til Burma på 1980-talet for å sjå minnesteinen men namnet hans på ein krigskyrkjegard der. Eg har sett eit bilete av dei, der dei står i sola. Kleda er utprega 1980-tal. Han var berre nitten da han døydde».

Folk sende meg lange, forunderlege forteljingar. Somme brukte Facebook eller Twitter.

Medan eg samla inn desse forteljingane, tok eg naturleg nok til å tenkje over kva mi historie om andre verdskrigen kunne vere.

Andre-verdskrigen-Natt-i-verda-på-Det-Norske-Teatret-2016-1

Peggy elskar ein flygar. Gåsa gir henne eit vanskeleg val der ho kan redde flygaren, men ofre fleire sivile i staden. Foto: L-P Lorentz.

Bestemor mi arbeidde ved flybasen på Lossiemouth i Skottland under krigen. Da var ho ei ung jente, berre ein tenåring. Ho fortalde aldri mange historier om erfaringane sine frå krigen, men eg hadde ei kjensle av at det måtte ha hendt noko romantisk. Det var jo så mange flygarar som kom og gjekk på basen, flygarar frå heile verda. Til slutt møtte ho bestefar min, som var bussjåfør, og når krigen var over, gifta dei seg. Men eg tykte eg såg ein glimt i auga hennar. Kan hende hadde ho også opplevd historier ho ikkje kom til å fortelje vidare.

Så dette fekk meg i alle fall til å tenkje på ein flybase.

Det finst ein gamal RAF flybase kalla «Leuchars», i nærleiken av St. Andrews universitet i Skottland, der dotter mi studerer. Kvar gong eg vitjar ho, køyrer eg framom den basen. Elva Eden renn langsmed basen før ho nærmar seg havet. På dei salte myrene nær utløpet er det ofte vadefuglar. Ein dag eg var på veg for å vitje dotter mi, tok eg til å tenkje på dei jentene som arbeidde på basen under krigen. Dei ville vore på alder med dotter mi. Og dei ville nok tenkt på mykje av det same.

Andre-verdskrigen-Natt-i-verda-på-Det-Norske-Teatret-2016-22

Foto: L-P Lorentz.

Og det fekk meg til å tenkje på ei jente og ei gås.

Da eg voks opp, var det slik at kvar gong den eldre generasjonen talte om krigen, så høyrdest det ut til å ha vore vanvettig glamorøst. Nå var krigen sjølvsagt frykteleg, på så mange måtar. Men i Storbritannia, i Skottland, var dette kan hende ein av dei siste gongene da alle var på same sida, og kjende seg som likemenn, og fulle av vitalitet og framtidsvon. På 1930-talet må livet på landsbygda i Skottland ha vore temmeleg vanskeleg, og heller lite glamorøst. Men så kom flygarane, uniformene, amerikanarane, framande eventyr – og samstundes var døden så nær. For unge menneske gav dette livet skarpare fargar.

Og dette fekk meg vidare til å tenkje på ein dansefest, ein dansefest i den store hangaren på ein flybase, som alle vil vere med på.

Og derifrå kom ideen om Peggy.

 

Omsett av Berit Helene Dahl