Tilbake til Tonje Glimmerdal

Kjersti Dalseide er Tonje Glimmerdal: Tonje er fri og vik ikkje for noko.

Aktuell i tittelrolla i TONJE GLIMMERDAL og som Marta i FULLE FOLK.

Ho seier ting akkurat slik dei er.

Eg gler meg til å ta fatt på skodespelaryrket. Sjølv om eg eigentleg ikkje veit korleis det er å jobbe, så veit eg at det er no læringa verkeleg begynner. Som fersk skodespelar er møtet med publikum det eg gler meg aller mest til. Og sjølvsagt det å få kollegaer!

Heimplassen min er Ål i Hallingdal. Eg er oppvaksen på ein gard og trudde eigentleg at eg skulle bu og stifte familie der, men så har eg kjent på utferdstrongen sidan eg var lita. Det er så todelt, det der. På den eine sida kjenner eg dragninga mot storbyen, mot det som kjennest meir anonymt. Men når eg er i byen, lengtar eg heim, til det nære, til den vakre naturen og til dei mindre tilhøva. Men eg er ikkje berre bygdejente eller berre byjente, det trur eg ingen er. Også byfolk trekkjer mot naturen. Eg veit at eg har mange ulike sider ved meg sjølv som kan hjelpe meg i å skape truverdige rolletolkingar.

Men eg kjenner igjen Glimmerdalen og Tonje. Eg vaks opp med berre to venninner i same grenda. Skulle du finne på noko, måtte du gjere det i naturen, ta med bror din i skogen eller gå julebukk til naboen på 70. Eg kjenner igjen det vesle lokalmiljøet der du veit kven alle er. Og den strenge campingplasseigaren finst mange stader rundt om i landet, også i Hallingdal. Rollene mine i debutsesongen er ulike, men på same tid opnar dei for at eg kan vere fri på scenen. I Fulle folk skal det bli herleg å snakke rett frå levra, kaste alle hemningar eg måtte ha og våge å gi litt blaffen. Tonje er jo fri, ho går inn for fullt i det ho trur på og vik ikkje for noko.

 

Fortalt til Ida Michaelsen. Foto: Siren Høyland Sæter