Tilbake til Lesingar

Jon Fosse og Edda

Namnet Edda er eit eige mysterium, det kan bety «oldemor», kanskje diktingas urmor.

Ein av dei som gav oss kunnskap om gudedikta og om norrøn gudetru var sogeskrivaren Snorre Sturlasson i si lærebok om diktekunst, gjerne kalla Snorre-Edda eller Den yngre Edda (1220). Gudedikta er ei hovudkjelde til kunnskapen om det religiøse livet i Skandinavia fram til om lag år 1000, og i Sverige endå eit par hundreår.

Fosse har tatt utgangspunkt i Den eldre Edda, ei samling dikt som blei gjenoppdaga på midten av 1600-talet. Han har bygd på fleire av dei kjende gudedikta, mellom andre Voluspå, Vavtrudnesmål, Grimnesmål, Trymskvida, Loketretta og Balders draumar. Dette er dikt som truleg hadde levd på folkemunne og blitt framførte på ulikt vist i fleire hundre år også her i landet, før dei vart skrivne ned i Island på 1200- og 1300-talet. Fosse har gitt dikta si personlege form. Han har skrive ein dramatisk dialog med sterke musikalske og rytmiske kvalitetar, og han maktar å flytte historiene nær oss, samstundes som han held forteljingane og ideane framande og fjerne.