Tilbake til Herostratos

JANNE-CAMILLA LYSTER

Det handlar om ein trong for å gå frå å vere jakta på til å jakte sjølv. Frå å vere redd for mørkret til å gå inn i mørkret. Frå å kjenne seg undertrykt til å bli den som knusar, seier dramatikar Janne-Camilla Lyster, som er aktuell med eit scenepartitur til Herostratos.

JANNE-CAMILLA LYSTER: DANSAR, KOREPGRAF, POET OG STIPENDIAT VED KUNSTHØGSKOLEN I OSLO

Eg forsøker å dykke inn i tilstanden til den som har denne drifta i seg, gjennom å skape rom skodespelarane kan gå inn i. Om ein ser ting på avstand, kan det vere veldig enkelt å dømme. Gjennom å komme på innsida av korleis slike menneske kan tenkje, kan ein kanskje også kjenne på sitt eige mørker og komme til ei djupare forståing.

«Scenepartituret» er ein eksperimentell sjanger eg har utvikla sjølv, inspirert av komponistar frå 60-talet og «open form», der mitt bidrag er eit framlegg, eit forslag. Ein litterær tekst som skal generere rørsle. Det som står på papiret, kan like gjerne bli uttrykt fysisk, som gjennom ord. Så blir det opp til regissør Øyvind Osmo Eriksen og skodespelarane å gi teksten sitt preg. Mitt framlegg er av poetisk art, men det kan godt hende at den sceniske versjonen av Herostratos blir med replikkar. Det blir spanande å sjå, for det er første gongen ein av mine tekstar blir gjort av skodespelarar og ikkje dansarar.

Eg trur folk ønskjer å gjere herostratiske handlingar for å kjenne seg i kontakt med livet. Eit behov for å vere i berøring med noko viktig, noko meiningsfylt. Samtidig er det jo det motsette som hender. Vi har alle desse kreftene i oss, behovet for å gjere noko destruktivt, sjå noko bli øydelagt. Knuse ein porselenskopp, for eksempel. Knuse eit anna menneske emosjonelt. Berre fordi vi kan. Men det må vere spesielle føresetnader til stades både i individet og i vilkåra rundt for at ein skal gjere noko ekstremt i stor skala.

Det er stor utryggheit i verda i dag. Det finst så mange sanningar, tenkjemåtar og ønske om korleis verda skal vere. Det kan opplevast som eit kaos, ting heng ikkje saman. Mange kan kjenne eit behov for å snevre inn og skape ein orden. Det kan vere lett å gå i fella å forenkle verkelegheita og presse eit verdsbilde igjennom for å skape tryggleik og ei kjensle av meining. Men Hitler var ikkje eit monster. Han var eit menneske. Ein må dit for å forstå noko som helst.

Fortalt til Åsne H. Dahl Torp. FOTO Siren Høyland Sæther