Tilbake til Abrahams Barn

Inn mot det enkle

Kjetil Bang-Hansen og Svein Tindberg har i mange år hatt eit nært og fruktbart samarbeid på mange scenar og i ulike stykke og teatersjangrar. Dei fleste vil nok først og fremst knytta dette samspelet til deira framsyningar over kristne grunntekstar og til teaterstykke med ein tydeleg religiøs tematikk, men det byrja ikkje der.

TEKST: Ola E. Bø, dramaturg

Det byrja med 1700-talsdramatikaren Beaumarchais opprørske Figaro på Det Norske Teatret i 1990, og seinare same året Edvard Hoems religionspolitiske historiedrama Sankt Olavs skrin. Kaj Munks Ordet fekk mykje å seia for deira seinare arbeid. Dette hovudverket til den omstridde danske presten og dramatikaren (1898-1944) sette Bang-Hansen opp på Det Norske Teatret i 1991 med Tindberg i hovudrolla som den nesteldste sonen på garden Borgen. At han sjølv trur han er Jesus og derfor er erklært galen, understrekar det berande temaet om tvil og tru i den sterke teaterforteljinga. Stykket er forresten med i den offisielle, danske kulturkanon, vart filma av Carl Dreyer i 1954 og vann fleire internasjonale prisar. Ei anna viktig oppsetjing var Bodskapet til Maria (1993) av den franske diplomaten og dramatikaren Paul Claudel (1868-1955) som i eit omfattande forfattarskap arbeidde mykje med religiøse tema. Handlinga er lagt til fransk mellomalder, og er nærmast ei liturgisk forteljing om eit barn som på mirakuløst vis får livet attende ved brystet til ei truande sjel. Her spelte Tindberg den spedalske kyrkjebyggaren Pierre de Craon.

Meir jordnær, men himmelropande poetisk, er han som sjølvaste Cyrano de Bergerac i Edmond Rostands romantiske kommedie i den siste vakre omsetjinga Halldis Moren Vesaas gjorde for Det Norske Teatret. Han var også med i Bang-Hansens oppsetjingar av Koltes’ Roberto Zucco og suksessframsyninga Tida er vår heim av Lars Noren, som Kong Lear på Trøndelag Teater, som den tyske atomfysikaren Werner Heisenberg i Thalia Teaters Copenhagen av Michael Frayn og i fleire andre leiande roller i Bang-Hansen-regi.

Men i ei særstilling, og som ein raud tråd i deira felles utforsking av teateruttrykk og menneskas leiting etter meining i ei verd med himmel over, står arbeidet, nærmast i Claudels ånd, med å føra teatret attende til eit av sine opphav, til dei tekstane som høyrer kyrkjerommet til. Evangeliet etter Markus som hadde premiere på Scene 2 i april 2004 er i seg sjølv eit lite ”teaterunder”. Svein Tindberg fortalde Markusevangeliet i regi av Kjetil Bang-Hansen og publikumsinteressa tok fullstendig av. Det stod billettkøar rundt teaterkvartalet som til ein ombrust 80-talsmusikal. Og oppslutninga var ikkje mindre, over 200 framsyningar på teatret og på turné for eit publikum på over 72 000. I høve tusenårsskiftet hadde dei to i eigen regi ein minst like stor suksess med Apostlenes gjerninger, ei vidareføring av arbeidsmåten med Markusevangeliet. I salongane sat både nyskjerrige, skeptikarar, tvilarar og strengt truande kontrollørar med bibelen i fanget. Kvifor denne veldige interessa? Svarte ligg nok både i det enkle formspråket og i val av stoff? Publikum får eit nært møte med ein skodespelar som har noko på hjarta, tekstane, velkjende som mange av dei er frå samanhengar der dei ofte blir rituelt sundkverna, får nytt liv, ein gir seg over til forteljingane og forteljaren.

Eg hadde sjølv den hoverande gleda å bli oppringd av Den Kungliga Dramatiska Teatern i Stockholm som gjerne ville ha tilsendt eit manus til Evangeliet etter Markhus, og like stor glede av å spørja om dei ikkje hadde ein bibel på huset.

At to ”gamle” teaterrevar, som kan dei fleste triks, prøver å gjera det så enkelt som muleg for seg, kom òg fint til uttrykk i deira siste samarbeid, framforteljinga av Jon Fosses roman Andvake til musikk av Benedicte Maurset, ei forteljing om kjærleik om kunstnarskap og eit under av ein barnefødsel.

No realiserer dei ein gamal draum, å syne at den religiøse lengten som både kristne, muslimar og jødar har felles også har sitt opphav i dei same legender og mytar og kjem til uttrykk i vakre forteljingar som ikkje er meir ulike enn dei må vera når ein har opplevd store ting.