Tilbake til Nila og den store reisa

Historia om Nila i bilde

Nila er ei lita jente som elskar å fortelje eventyr.

Familien hennar ertar henne med at ho alltid går med hovudet i ei sky. Men Nila bryr seg ikkje om det, for ho veit at både familien og vennene hennar likar å høyre på alt det spennande ho diktar opp. Den aller mest spennande historia handlar om ein farleg drake som heiter Morgana. Morgana vil fange barn og suge fantasien ut av dei.

Ein dag blir landsbyen til Nila angripen av Den Morganske Milits.
Nila har ei kjensle av at draken Morgana har komme til byen.

Plutseleg kjem mor og far springande og ropar at familien må flykte. I kaoset som oppstår kjem dei vekk frå kvarandre. Nila hamnar i ein liten båt saman med bestefar.

Så er Nila og bestefar heilt aleine i ein liten båt langt ute på det store havet. Nila er fortvila og rasande, men bestefar seier at ho må vere tolmodig, så vil ho få håpets kraft. Han minner henne om at ho kan fortelje eventyr for å få tida til å gå.

Midt i stjernenatta finn Nila og bestefar ein gut i vatnet. Han heiter Yasin, og han er heilt aleine i verda. Yasin fortel at han ikkje har fantasi. Det trur ikkje Nila noko på. Alle har vel fantasi? Ho bestemmer seg for å prøve å hjelpe Yasin å få fantasien tilbake.

Nila diktar fantastiske eventyr for Yasin om vindguden Ailos og om forvandla prinsar og prinsesser.

Av og til har ho kjensla av at den skumle draken Morgana dukkar opp og øydelegg dei fine eventyra. Men Yasin trur ikkje på noko av det ho fortel. Så blir bestefar sjuk, og døyr. Nila og Yasin må gje kroppen hans til havet.

Utan bestefar kjenner Nila seg tom og rasande. Ho kjem ikkje på eit einaste eventyr. Det einaste ho kan sjå føre seg er den vonde draken Morgana, som vil stele fantasien hennar.

Ho blir sint på Yasin. Kva har han her å gjere, eigentleg? Kanskje det er hans skuld at bestefar døydde?

Det bles opp til storm, og Nila fell i vatnet. Ho søkk. Når ho slår opp auga att, er ho i ei magisk verd under vatnet.

Nila treffer ein vakker prins som seier at han heiter Prins Morgan. Han gir Nila perler som ho kan ete, og ho et.

Plutseleg forvandlar Prins Morgan seg til eit uhyre, og no skjønar Nila kven ho står overfor. Det er Morgana, draken frå eventyret! Nila kjempar mot Morgana på havets botn. Nila vinn kampen, og Morgana forsvinn.

Men Nila er så sliten. Ho orkar ikkje å symje, ho har meir lyst til å bli på havets botn og gløyme alt anna. Men så høyrer ho stemma til mor si. Stemma seier at Nila ikkje har noko val, ho må opp, for ho har ei oppgåve som ventar der oppe. Ho skal spreie glede og håp med fantasien sin, ho skal spreie støvet frå fantasiens blå blome ut over alle menneska på jorda.

Yasin trekker Nila om bord i båten. Ho er heilt utsliten og har mest lyst til å gi opp. Men det vil ikkje Yasin. Han fortel Nila at han såg korleis ho kjempa mot Morgana, og han seier at Nila ikkje kan gje opp no. Dei skal klare å komme seg heilt fram til Norden, no som dei begge har fantasiens kraft. Og plutseleg er båten omringa av fantastiske eventyrfigurar som både Nila og Yasin kan sjå! Eventyrfigurane hjelper Nila og Yasin det siste stykket til Norden, og endeleg kan dei gå i land i ei heilt ny verd.

Men kva skal dei gjere no? Dei er jo heilt aleine! Og verda rundt dei er så kvit og kald!

Dei får auge på menneske i det fjerne. Og plutseleg ser Nila at det er mor, Serdal og Aisha! Og Yasin spring mot ein mann, det er onkelen hans! Nilas store reise er over, sjølv om ho framleis saknar far og bestefar. Men ho veit at ho framleis har ei stor oppgåve framfor seg: å spreie glede ut over heile verda med fantasien sin.