Tilbake til Snøkvit

Hermann Sabado – aktuell som Jan Grøn

Eg er utruleg glad for at min eigen barndom var fri frå internett og det umenneskelege kroppspresset barn og unge blir utsette for i dag gjennom sosiale media.

I Snøkvit er det spegelen som står sentralt. Dronninga vil tvinge Snøkvit inn i sitt forvridde idealbilde.

I denne nye versjonen finst ingen prins – men ein gartnarsøn; gartnarguten Jan Grøn, som eg skal få spele. Han kjem tidleg inn i historia og er som ein katalysator for Snøkvits ferske ønske om å utforske verda. Han representerer det Snøkvit ikkje er i kontakt med hos seg sjølv; eit naturbarn, jordnær og sann. Han blir hugteken av Snøkvit fordi ho er annleis og vil frigjere henne, vise alt det vakre som finst der utanfor slottsmurane.

Det er også masse song, musikk og humor i stykket. Dvergane er for eksempel ikkje gruvearbeidarar, men kloakkarbeidarar i underverda. Kanskje ikkje alle er så stuttvaksne, heller? Eg har gjort mykje barneteater før, og likar at det innbyr til meir leik. Barneframsyningar er ofte meir teatrale, på ein god måte. Kanskje vaksenteater har noko å lære frå barneteatret?

Les også: – Grimms eventyr, som framsyninga er basert på, er ei nokså mykje mørkare historie enn den vi alle kjenner frå Disney, seier Heidi Gjermundsen Broch.

Hermann Sabado og Charlotte Frogner (Snøkvit) på innspeling av den første låta frå Snøkvit. Foto: Siren Høyland Sæter.

Snøkvit er ein musikal, ein sjanger eg ikkje har utforska mykje. Men da eg gjorde Spring Awakening i Trondheim, oppdaga eg at sjangeren har mange moglegheiter. Kanskje må eg danse? Der har eg ikkje så mykje erfaring ut over litt ironisk dansing på Mono og kontaktimpro under teaterutdanninga. Forresten, eg er jo frå «bøgda», så eg måtte jo lære meg swing før konfen! Så den utfordringa tek eg på strak arm.

 

Fortalt til Åsne H. Dahl Torp. FOTO Siren Høyland Sæther