Tilbake til Påfuglen

Tilbake til Festning Europa

Håp om framtid

Når namnet har ei slik tyding, er det kanskje ikkje rart at framtida alltid har fortona seg lys for Amell. For det har heile livet berre blitt betre.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter STYLING Oskar Andreas Pask/YME/Paléet

AMELL BASIC
AKTUELL SOM SKODESPELAR I PÅFUGLEN OG I FESTNING EUROPA, SOM BEGGE HAR FLYKTINGAR OG INNVANDRING SOM TEMA.

Den fargerike og atypiske skodespelaren med det vinnande smilet og den positive haldninga kom til Noreg som krigsflyktning. Saman med mor og far og ei syster som berre var spedbarn, rømte den vesle familien frå eit krigsherja Bosnia–Herzegovina tidleg på nittitalet. Sju år gamal fekk han eit nytt heimland, eit land dei ikkje kjende til. Alt dei visste, var at dei måtte vekk frå det infernoet dei stod midt i på Balkan. I haust er han aktuell i Festning Europa og Påfuglen, i roller som Amell har solid bakgrunnskunnskap til å tolke.

– Det skal mykje til før ein reiser frå heile livet sitt, seier Amell om det å bryte opp i håp om eit betre liv. I Påfuglen, haustens store barnemusikal, spelar han ungen til påfuglen. Ho vel å reise vekk frå ungane og heimen, til eit kaldt og framand land langt nord, der dei rike labradorane bur, dei som kanskje kan hjelpe. I Festning Europa følgjer vi livet til to familiar; ein som ferierer på ei solrik øy i Middelhavet og ein som sym inn til den same stranda frå ein overlasta gummibåt.

– Frykta for eigne barn og håpet om at dei skal få ei framtid gjer at menneske tar slike brutale og dramatiske val, seier han. – Det er så lett å tenke at det ikkje gjeld oss, men det er ei viktig human oppgåve å ta i mot folk på flukt, folk som lid og folk som har behov for vern. Vi var heldige og blei raskt integrerte. Bosniarane som kom i kjølvatnet av krigen, har både høg sysselsettingsgrad, og barna deira tek høgare utdanning. Dei er ressursar for samfunnet. Men vi må ha ein plan for integreringa, seier han.

Flykting frå Bosnia-Herzegovina

Familien Basic hamna først i Saltdal kommune i Nordland. Det første han kan hugse frå møtet med Noreg, er mora som frykta mørkret.

Det vil seie, det blei jo aldri lyst. Dei gjekk til vindauget, titta ut og kunne ikkje forstå at det aldri blei lyst. Og faren, som syntest at kaffien kom i så store dosar. Når ein er van med små espressokoppar, blir ei kaffimugge eksotisk. Familien måtte gjennom det vanlege mottaksapparatet og følte nok at dei blei sett litt rart på. Da dei til og med fekk opplæring i tannpuss, stussa dei litt over korleis ein eigentleg såg på utlendingar i dette nye landet. Amell flytta ein del rundt i barndommen, og overalt omfamna han det nye. Han følte at det låg ei positiv kraft i det å ha ein annleis bakgrunn, at han var litt meir spesiell, litt meir interessant og at folk var nyfikne på historia hans. Han hadde lett for å bli kjend med nye menneske og dreiv rundt på leit etter det som skulle bli hans oppgåve. I klassesituasjonar var han urokråka, hadde mykje energi som skulle ut og blei fort klassens klovn.

Amell-Basic-er-flyktning

Amell Basic flykta med familien frå det krigsherja Bosnia-Herzegovina da han var barn.

– Eg var opptatt av å få merksemd, seier han om barneåra. – Eg dumma meg gjerne ut dersom det kunne glede andre. Samtidig utvikla eg ein slags street smartness som har følgt meg.

Eg har hatt mykje temperament, men fekk ut den verste aggresjonen i bokseklubben på ungdomsskolen.

På vidaregåande ville eg vekk frå alt dette og tok det siste året på Den norske skolen på Costa Blanca. Der blei eg med i revyen og fekk gode tilbakemeldingar. Det tende meg. Fader, kanskje scenen kunne vere ein stad for meg. Men ved sida av ein ordinær jobb, sjølvsagt.

Han ville ikkje tilbake til Noreg med det aller første og loffa rundt på Solkysten, som pool boy, DJ, bartender og vakt. Men pengane tok slutt, og han måtte vende heimover. Gjennom Man Power hamna han på kaia i Fredrikstad der han tømte konteinarar på akkord. Her trefte han Stian, psykologistudenten som var stand up-komikar på si og som såg Amell slik han var. Stian utfordra Amell til å bli skodespelar.

Han meinte eg var heilt utan sperrer, at eg hadde ein open natur og at eg ville passe som skodespelar.

Sjekk ut Romerike Folkehøgskole, sa han, og det gjorde eg. Der var det som om alle brikker fall på plass. Eg kunne gjere noko nytt kvar dag, eg fekk lære masse – også om meg sjølv – og eg sette meg som mål å bli skodespelar.

Sidan tok han det han spøkefullt omtalar som Noregspakka i drama. Etter Romerike gjekk turen til NISS (Nordisk Institutt for Scene og Studio) før han tok eit år med Drama, teater og kommunikasjon på Høyskolen i Oslo. 26 år gamal kom han endeleg inn på skodespelarlina ved Kunsthøgskolen i Oslo og kunne våren 2015 gå ut med eit engasjement ved Brageteatret i baklomma.

– Det at eg fekk tilbod 4 månader før eg var ferdig, gav meg sjølvtillit og gjorde meg trygg. Etterpå kom eg hit til Det Norske Teatret og til rolla som Andrej i Tilnærma lik.

Nordmann og bosniar

Jonas Hassen Khemiris stykke handlar om korleis pengane styrer det meste. Vi møter den unge Andrej som er på jobbsøk. Han vil ha gode jobbar, han vil tene gode pengar, og han søkjer seg til stillingar han kanskje ikkje er heilt kvalifisert for. Etter kvart innser han at han må senke krava, men det framandklingande namnet gjer at han blir ståande utanfor arbeidsmarknaden; ei rolle som har mykje humor, mykje håp og frustrasjon og mykje sanning i seg.

– Eg kan kjenne meg igjen i Andrej. Det å ha ein såkalla dobbel identitet har sine sider. Det er rart, og nokre gonger kjenner ein seg åleine. At ein ikkje passar inn nokon stad, eller høyrer til nokon stad. Ikkje snakkar eg bosnisk som mine jamgamle der nede, og ikkje er eg heilt norsk. For å seie det slik: Eg reknar og bannar på bosnisk og tenkjer på norsk! Eg er norsk, men med bosniske røter. Og det er ein kulturarv eg er både stolt av og glad for.

Amell har gjort det å vere "annleis" til sin fordel, sjølv om han innrømmer at det til tider kan vere tøft.

Amell har gjort det å vere «annleis» til sin fordel, sjølv om han innrømmer at det til tider kan vere tøft.

Når han no står på scenen i to framsyningar som begge tar for seg utfordringar som vår tid står overfor, nemleg flyktningsituasjonen i Europa og korleis vi tar i mot dei framande i samfunnet vårt, er det ein trygg skodespelar som tar fatt på arbeidet. Han er sjølv eit bevis på at framtidstru ber frukter. Han har vore gjennom mykje og kome ut med stor sjølvtillit. Slikt smittar over på andre. Han understrekar at det viktige er å ikkje bli redd, ikkje føle utryggheit og ikkje frykte noko i møte med det ein ikkje kjenner.

– Når ein ikkje lar seg avgrense, men berre ser moglegheiter, er framtida lys, seier Amell og gliser.

Han veit kva han snakkar om og brukar gjerne sportsmetaforar når han omtalar eigne prestasjonar og draumar. Det er noko frigjerande med skodespelarar som er så frie og lite høgtidlege som Amell. Som strekkjer hendene i været etter premieren og jublar over eigen og andre sin innsats. Som er overtydd om at han kunne fått nokre roller til å svinge kraftig. Og som ikkje legg skjul på at han er på rett hylle i livet. Det er på scenen han høyrer heime, og det er her han skal få vise seg fram. Sjølv om han ikkje er den typiske skodespelaren, korkje av sinn eller utsjånad. Men så har det heller aldri stoppa Amell i noko han har gjort.