Tilbake til Røff

Glør i oska

Bjørn Sundquist har dei siste åra sett opp både Mens vi ventar på Godot og Krapps siste spole. Etter meir enn 40 år på scenen i eit mangfald av store roller, kvifor minimalisten Beckett?

Første gongen eg såg Godot var ei framsyning på teaterhøgskolen med Anne Marit Jacobsen og Anne-Marie Ottersen. Eg kom heilt uførebudd, hadde ikkje lese Beckett, ikkje sett noko av han og blei slått rett ut, det trefte meg grasalt. Det er ei livskjensle hos Beckett som treffer mi livskjensle, noko det ikkje er så lett å setje ord på, ei kjensle av einsemd, av venting på noko ein ikkje heilt veit kva er, dette trur eg dei aller fleste har kjent på. Da eg spelte Hamlet, las eg Beckett, han skriv om den same framandfølelsen. Samtidig har han som dramatikar desse motsetningane som kjem til uttrykk i karakterane hans, gjerne parvis, og som uttrykker lys og mørke, håp og håpløyse. Det gjer at det depressive, som finst der i full monn, òg får ei lettheit, noko komisk over seg, slik vi kan oppleve det i kvardagssamtalen som handlar om vind og ver, men eigentleg dekker over smerte og tvil, gjerne tvil om heile eksistensen. Denne tvilen, denne aninga og uroa hos Beckett sine karakterar er det som i mine auge gjer han til ein stor humanist. Han skildrar menneske i utkanten av samfunnet, menneske som tilsynelatande har gitt opp, men ikkje heilt, dei er ikkje offer, men overlevarar. Denne illusjonslause famlinga etter håp fascinerer meg.

Samuel Beckett (1906-1989), irsk dramatikar, forfattar og poet som skreiv  både på engelsk og fransk, og har hatt svært stor innverknad på moderne litteratur og teater. Han fekk Nobels litteraturpris i 1969.