Tilbake til Snøkvit

Frydefullt og fantasieggjande

-I denne versjonen av Snøkvit gler det ein gammal feminist som meg at «vår» Snøkvit i Maria Tryti Vennerøds versjon er ei sterk og handlande jente med opprørstrong. Det treng vi i ei verd som for barn blir meir og meir rosa og lyseblå, seier scenograf Unni Walstad.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Siren Høyland Sæter

Unni Walstad har levd eit langt liv i og blant kulissane i teateret. Der har ho skapt fargesterke, forførande og eventyrlege univers som har fryda og begeistra publikum i tiår etter tiår. Under mottoet «strekk deg slik at du nesten bryt nakken» har ho tøygd strikken til brestepunktet fleire gonger. Scenografen til Snøkvit har ikkje spart på magien denne gongen heller.

Unni Walstad er kjent for sine leikne, men presise kostymeskisser. Her er Snøkvit.

Ho har hatt signaturen sin på nærast alle dei største barne- og familieframsyningane på Det Norske Teatret dei siste tiåra. Det har hagla med lovord som fantasieggjande, magisk, spektakulær og fortryllande. For når Unni tar fram tryllestaven og drysser sitt støv over scenen, finst det knapt grenser for kva slags eventyrunivers ho kan brette ut. No sist var det svart teater i Kvitebjørn Kong Valemon, før det eit underskjønt bygdeeventyr med Tonje Glimmerdal i sentrum, men det er mange som også hugsar fantasilandet Narnia som ho skapte, Pinocchio, Guten og Stjerna, Trollmannen frå Oz – lista er lang og strekker seg over fleire barnegenerasjonar.

Tar barn på alvor

– Teater for barn er for meg noko av det mest givande og viktigaste eg kan jobbe med. Eg har sett mykje barneteater i inn- og utland gjennom åra. Det slår meg at det er mykje rart ein kan servere barn. For meg er det viktig å ikkje undervurdere barn, men ta dei på alvor, gi dei kvalitet og sikre dei ei magisk stund slik at dei kan gå ut av teateret med stjerner i auga. I ei stadig meir digitalisert verd, kan vi her på teateret gi barn ei annleis, unik og levande oppleving.

Kostymeskisse for Dronninga. – og bilde frå prøvene av korleis den ser ut til å bli.

Det er ein krevjande jobb å skape teater med dei premissane ho legg for ei oppsetjing. Det tar tid å la ein heil produksjon modne i hovudet. – Eg gjer ufatteleg mykje research og har lange samtalar med instruktøren før eg set meg ned med scenemodellen. Løysinga på scenen er avgjerande for korleis resten av arbeidet blir. Eg vil vite kva for avgrensingar som finst, men ser ikkje på det som noko hinder, meir som ei utfordring, og er avhengig av å kaste ball med teknisk avdeling før eg set i gang for fullt. Det kan vere teknisk komplisert og store element, men når alt det er på plass, begynner den kreative prosessen med dekorasjonen. Fargane i scnografien er avgjerande for kostyma og maskene som kjem til slutt. Alltid i den rekkjefølgja.

Nitidig arbeid

Unni har ord på seg for å vere ein scenograf som ikkje berre stiller store krav til det tekniske, men òg til kostyme- og maskeavdelingane. Og scenografen veit å setje pris på medspelarane sine. – Eg er heilt avhengig av eit godt team rundt meg. Så snart eg har løysinga, er eg rask med å knytte dei andre avdelingane tett til meg. Det hjelper ikkje å lage modell i målestokk 1:25 dersom ingen kan vidareføre den til dekorasjon i full storleik. Eller teikne dei mest utsvevande og fargesterke skapnader dersom ingen kan klippe og sy kostymet, støype maska eller utforme parykken. Lysdesignaren har òg sin del av æra, seier Unni og legg vekt på at nettopp dei dyktige medarbeidarane gir ein tryggleik i arbeidet som ho er heilt avhengig av. – Eg kan drive dei til vanvit i løpet av ein produksjon, men utruleg nok er det blitt mange framsyningar med dei same folka. Nokre gonger har eg lurt på kva eg har sett i stand.

På avsluttande prøver når skodespelarane sit i dei mest vanvittige kreasjonar som dei knapt kan røre seg i, når teknikken sviktar og når dreieskiva står, da kan eg ha høg puls og kjenne uroa breie seg. Til dømes den gongen vi sette opp Trollmannen frå Oz. Det er den desidert mest kompliserte framsyninga eg har gjort. Det var gonger då eg var drivande våt av sveitte. Men når alt klaffa, så var det, ja, om eg får seie det, slett ikkje verst! Unni er ikkje den som tar dei største orda i munnen når det gjeld eigne merittar. Ho veit at ho er omstendeleg. Ho er klar over all detaljfokuseringa, at ho er utførleg i kostymeteikningane, ho veit at ho tøyer grensa for det som er mogleg å realisere, pressar avdelingane på teateret til det ytste. Men ho er også klar over at med ein slik pakke under armen er det vanskeleg å vende tommelen ned for prosjektet. – Dessutan kan det kome mykje godt ut av eit kompromiss, seier den prislønte og kritikarroste scenografen.