Tilbake til Hamlet

Fenomenet Hamlet

Samtale med Marie Blokhus og Frank Kjosås før dei gjekk i gong med prøvene på Hamlet. Marie i tittelrolla, Frank i rollene som Ofelia og Horatio.

– Eg blei utruleg glad da eg fekk vite at eg skulle spele Hamlet, seier Marie.

Og overraska?

– Ja, men ikkje fordi rolla er mann og eg er kvinne. Eg likar å tru at eg kan gestalte både menn og kvinner. Men eg hadde ikkje våga å håpe på at ei så krevjande rolle skulle bli mi allereie no. Eg er veldig glad for tilliten og lykkeleg over det sterke teamet rundt meg.

Frank, som sjølv spelte Hamlet i ei oppsetting på Hålogaland Teater i 2012, gler seg til å ta fatt på teksten på nytt frå eit anna perspektiv.

– Ein skulle kanskje tru at eg kjenner teksten godt, men eg trur eg kjem til å oppdage at det motsette er tilfellet. Utgangspunktet no er så totalt annleis enn det var førre gongen. Da eg spelte Hamlet, var vi opptatt av personen Hamlet. No er det det teatrale fenomenet Hamlet vi skal utforske.

Kva vil det seie?

– Hamlet er eit verk som veldig mange veit veldig mykje om, og som enno mange fleire trur dei veit mykje om. Noko av ambisjonen bak dette prosjektet er å forske i nett desse «sanningane».

– For meg er det likevel eit personleg prosjekt, seier Marie. Sjølv om framsyninga som heilskap tar for seg Hamlet som fenomen, så vil eg prøve å finne mennesket Hamlet, og fordjupe meg i han.

Marie, som har eit langt samarbeid med regissør Peer Perez bak seg, fortel at han er ein særs utforskande regissør.

– Peer er god til å setje opp stramme rammer som vi kan leike innanfor, seier ho. Når det er nødvendig, detaljstyrer han oss, samstundes som han oppmodar oss til anarki. Han er på ein måte presis og anarkistisk på same tid. Eg har ei kjensle av at vårt prosjekt med denne framsyninga liknar Hamlets prosjekt: Hamlet set i scene omgivnadene sine for å prøve å komme nærmare noko som er sant og ekte. Han testar verkelegheita, prøver å undersøke kor grensene går. Innimellom har eg inntrykk av at han er like spent på korleis han sjølv vil reagere, som han er på dei andre.

Frank nikkar.

– Eg likar å vere med på prosjekt der eg kjenner at vi tar risiko, seier han.

– Det er ikkje slik at vi berre set opp eit teaterstykke, vi går inn i prosjektet fulle av spørsmål og kjem til å bruke masse tid på å leite. Slik var det i Sjuk ungdom også, og det er utruleg inspirerande. Sjølv er eg spent på det å skulle gi liv til både Ofelia og Horatio. Dei er dei to som står Hamlet nærmast, Ofelia er kjærasten hans, Horatio er hans beste ven og studiekamerat. Dei representerer på ein måte fornuft og kjensler. Horatio er ganske kompleks, han kjem i ein enorm konflikt med ein gong stykket startar. Han er ein mann som set fakta og vitskap høgt, likevel er han nøydd til å gå til sin gode ven og fortelje at han har sett eit gjenferd. Ofelias problem er av eit heilt anna slag. Ho er totalt utestengd av kjærasten sin. Han er i djup sorg over tapet av faren, og ho når ikkje inn til han. Ho gjer alt ho kan for å få tak i hjelp, men blir misforstått av alle. Så blir ho så desperat at ho tar sitt eige liv.

Stykket opnar med at gjenferdet etter Hamlets far bed Hamlet om å hemne han. Hemnmotivet driv Hamlet gjennom heile stykket. Kvifor er det så vanskeleg for han å oppfylle denne heilage plikta?I våre dagar er det ikkje så rart å kvi seg for blodhemn, men på den tida Hamlet lever, er det å hemne eit drap like sjølvsagt som sjølvmord var ulovleg. Hamlets tvil er det som gjer han til eit moderne menneske. Han har vore i utlandet og studert, og når stykket opnar, har han nettopp komme heim frå Wittenberg der han har lese filosofi. Plutseleg kjenner han avsky for den banale kulturen han sjølv er ein del av, seier Marie.

Men han drep jo Polonius?

– Ja, og det er ei scene eg gler meg til å ta fatt på. Eg skjønar ikkje kva det er som skjer med Hamlet i den scena, kanskje er det ein slags emosjonell raptus, eller noko anna – eg veit ikkje.

 – Eg trur det er noko i situasjonen med mora som framkallar det, seier Frank. Ho trykker på alle dei rette knappane og får fram det verste i han.

– Scena er eit døme på at Hamlet ikkje kan lite på si eiga verkelegheitsoppfatning. Ingenting er slik han trudde det var. Og da blir ein lett paranoid. Eg kjenner meg igjen i Hamlets hang til kompliserte tankeeksperiment; eg hugsar ein gong eg var lita og spurde far min kva som var utanfor universet. Han svarte «ingenting», og det svaret plaga meg i sikkert to år etterpå. Det plagar meg framleis, faktisk, sukkar Marie.

 

Tekst: Ingrid Weme Nilsen