Tilbake til Brørne Løvehjarte

Fantasimakaren

Even Børsum har laga scenografien til Brørne Løvehjarte. Foto: Agnete Brun.

Even Børsum har laga scenografien til Brørne Løvehjarte. Foto: Agnete Brun.

Even Børsum, scenografen på haustens storsatsing Brørne Løvehjarte, har som tommelfingerregel at publikum skal miste pusten minst ein gong i løpet av framsyninga.

– Eg ser på meg sjølv som ein maksimalistisk minimalist. Eg likar godt tanken om minimalisme, men samstundes er eg veldig glad i alt som glitrar… Det viktigaste er å lage bilete som kan ta slå pusten ut av den som ser på. Da har eg gjort jobben min.

Scenografien til Brørne Løvehjarte er laga av stoff, lys, video pluss massevis av respekt og kjærleik. Even fortel at han og dei andre i teamet bak framsyninga har jobba saman for å skape ei levande draumeverd med ein eigen puls.

– Universet i boka er fantastisk, med ville hesteritt gjennom skogen, drake som sprutar eld, menneske som ramlar i elva og blir fiska opp igjen. Min første intuisjon var at eg måtte prøve å dra scenografien bort frå det konkrete og heller appellere til barnas fantasi. Eg ville prøve å lage eit anslag, skape bilete på scena som set i gang noko inne i dei som ser på.

Astrid Lindgrens roman om dei to brørne Kavring og Jonatan er i seg sjølv ein hyllest til fantasien. Jonatan trøster den sjuke veslebroren sin ved å dikte opp ei spennande eventyrverd som heiter Nangijala. Krafta i fantasien er utruleg sterk, så sterk at ho hjelper Kavring i møte med det han er aller mest redd for, nemleg døden.

– Brørne Løvehjarte har alt. Historia er utruleg spennande, samstundes som ho handlar om noko ordentleg, noko som det er vanskeleg å snakke med barn og unge om, men som vi veit at dei tenkjer mykje på. Dermed blei oppgåva også utruleg vanskeleg. Regissøren hadde tidleg ein ide om å bruke tøy og stoff, og mi oppgåve har vore å finne ut korleis, og kva vi kunne få ut av det. Eg har brukt masse tid på å leite etter løysingar som eg har leika meg med, prøvd å våge å vere barnsleg og open og unngå å begynne å konkurrere med dei inntrykka barna er vane med frå tv-spel og film. I filmversjonen av Brørne Løvehjarte er det ein stor snigel-liknande sak som skal førestille draken. Det fungerte sikkert godt på 70-talet, men barn i dag er vane med ein heilt anna visualitet. Eg vil leike med bilete, leike med fantasi, inspirere, og aldri undervurdere.

Korleis jobbar du når du får eit nytt manus mellom hendene?

– Eg er opptatt av å finne stemninga i teksten. Eg prøver å møte teksten så rein som mogleg og stole på den første kjensla, dei første ideane eg får når eg les. Eg har oppdaga at det ofte er dei som er dei beste. Så blar eg i kunstbøker og leiter etter bilete som eg bruker som inspirasjon. Av og til kjem bileta til meg heilt ut av det blå, det kan vere noko eg har sett for lenge sidan som plutseleg kjem tilbake med full kraft. Eg har eigentleg ingen favorittkunstnar eller favorittsjanger, det er det eg jobbar med der og da som opptar meg. No har det vore bilete av organiske, mjuke former, stoffleg kunst, lys og video. Vidare er det ein del teknisk arbeid, for å prøve å finne ut kva for moglegheiter og grenser ideen har. I arbeidet med Brørne Løvehjarte har eg brukt mykje tid på å leite etter tekniske hjelpemiddel som kunne gjere stoffet levande. Eg såg føre meg ein scenografi der alt skulle kunne komme ut av ingenting, ei verd med bilete i stadig forandring. Eg fann ut at eg kunne få fallskjermsilke til å røre seg på dei utrulegaste måtar ved hjelp av punkttrekk i taket. Så bygde eg meg eit punkttrekk i miniformat som eg har leika med heime. Det er over 30 punkttrekk som kan røre seg samstundes, men eg greier jo berre å trekke i to av gongen, så eg fekk ikkje akkurat sjå det fulle potensialet. Det var først da vi laga ein test på hovudscena for nokre veker sidan at eg fekk stadfesta at vi var på rett spor. Da kjende eg lukta av magi.

Even fortel korleis han ser føre seg hesteritt og fossefall med bruk av stoff, løftebord, og vindmaskiner. Mykje tid går med til å prøve å finne ut korleis ein kan få mest mogleg ut av tekniske effektar.

– Eg har aldri laga ein scenografi som fyller så lite i volum samstundes som han kan bli så enormt stor. Eg kan mykje om mange material, men stoff er framleis litt ukjent for meg. Det er som å gå inn i ei ny verd – eg veit ikkje heilt korleis stoffet kjem til å oppføre seg når vi manipulerer det på forskjellige måtar. Ideelt sett skulle eg hatt to månader aleine på hovudscena med berre meg og stoffet og teknisk stab til stades for å utforske alle moglegheitene i ro og fred. Men sånn er jo ikkje røyndommen. Derfor gjelder det å vere godt førebudd, sånn at vi ikkje kastar bort tida når vi endeleg kjem inn på scena.

Dei siste åra har Even fått god trening i å ikkje kaste bort tida. Etter at han blei far for nokre år sidan, har arbeidskvardagen blitt snudd på hovudet.

– Tidlegare jobba eg mykje på kvelden og utover natta. No legg eg meg tidleg og set vekkeklokka på halv fem. Da har eg eit par timar heilt for meg sjølv der eg sit på kjøkkenet og jobbar med modellen, før den eldste dottera mi kjem tuslande. Somme gonger held arbeidet fram sjølv om ho har stått opp. Ho synest modellen er utruleg spennande og er full av ærekjensle viss ho får lov å leike med han. Sjølv leiker eg heile dagen. Det er noko av det beste med jobben min. Eg var guten som leikte i sandkassa til eg var 16 år, og somme gonger tenkjer eg at eg sit der framleis.

 

Tekst: Ingrid Weme Nilsen