Tilbake til Sorga kler Elektra

Eugene O´Neill

O´Neill blir rekna som gudfar for det moderne amerikanske dramaet.

Den amerikanske dramatikaren Eugene O’Neill (1888-1953) er nok mest kjend for Lang dags ferd mot natt (1941), oppført første gong i Stockholm i 1956, tre år etter han døydde. Stykket hentar handlinga frå O’Neills eigen oppvekst i ein omreisande skodespelarfamilie. Eugene O’Neill blir, etter avbrotne studium og ei omflakkande ungdomstid, etter kvart USAs leiande dramatikar og blir rekna som ein gudfar for det moderne amerikanske dramaet. Han har ein stor produksjon, og fleire av stykka hans er spelte her på Det Norske Teatret. Han fekk Pulizerprisen for beste drama heile fire gonger, og i 1936 fekk han Nobels litteraturpris.