Tilbake til Lazarus

Eit siste stjernestøv frå Bowie

"Han var heilt magisk på scenen. Han brøyt barrierar mellom publikum og scene som berre nokre få klarer, " regissør Anders T. Andersen

Som bibelhistorias Lasarus har den avlidne popstjerna fått nytt liv. Hans alter ego blir snart å sjå på Hovudscenen.

Ingen i popkulturen har skifta like elegant og tidsriktig mellom figurar slik David Bowie gjorde. Med Ziggy Stardust tok han for alvor steget inn på den internasjonale musikkscenen tidleg på 70-talet og varierte mellom ei rad ulike og ofte uventa karakterar, inntil han tok på seg ei slags dødsmaske og gjekk ut av tida i januar for tre år sidan. Sjølv sin eigen bortgang hadde han meisterleg regi på.

Mot slutten av den lange og rikhaldige musikkarrieren som strekte seg over nesten fem tiår, var han lenge borte. Etter eit sjukdomsanfall på scenen i 2004 trekte han seg tilbake og levde eit roleg liv i New York, byen han hadde tilhald i dei siste 25 åra av livet. I ein lang periode klarte han ikkje å leve opp til det nivået han tidlegare hadde vist til. Men i ein alder av 69 er det som om kreativiteten får seg eit solid oppsving, og i tida før han forlèt livet arbeider han intenst.  På same tid som han ferdigstiller avskjedsalbumet Blackstar, skriv han saman med den irske dramatikaren Enda Walsh musikalen Lazarus. Anders T. Andersen som har regi på Det Norske Teatret sin versjon av Lazarus har sett det skje hos fleire store musikarar.

Cohen, Cash og Bowie hadde alle lange periodar utan sterk skaparkraft. Så er det som om dei får ein ny kreativ vår og leverer noko heilt hinsides bra når dei veit at dei er i ferd med å forlate oss, seier 52-åringen som har levd med Bowie på øyret heile livet. Som gutunge nekta han å ete opp maten viss ikkje foreldra sette på Rock n roll suicide. Som ungdom var det den eksperimentelle låtskrivaren og artisten som fascinerte, og som vaksen er det scenepersonlegdomen Bowie som er gjenstand for beundring.

Han var heilt magisk på scenen. Han brøyt barrierar mellom publikum og scene som berre nokre få klarer, seier Andersen som tidlegare med hell har ført musikk inn i scenerommet. Verdiløse menn med musikken til Joachim Nielsen (Jokke og Valentinerne) har gjennom ein periode på over 10 år trekt 70 000 publikummarar til Nationaltheatret. Andersen har sidan det blei kjent at Bowie arbeidde med eit stykke for teaterscenen vore gira på å få setje dette i scene.

Det var ei freisting for stor til at eg kunne sjå andre gjere jobben, seier han og flirer.

7. desember 2015 hadde Lazarus urpremiere på Theatre Workshop i New York. Michael C. Hall (Six Feet Under og Dexter) spelar hovudrolla til gode kritikkar og det blir poengtert at han tidvis til forveksling høyrest songleg lik ut som Bowie. Dette er siste gongen David Bowie viser seg offentleg. I januar slepp han albumet Black Star som med ein gong finn vegen til hitlistene. Låta Lazarus opnar med tekstlinjene Look up here, I’m in heaven. Bowie veit at han har ulækjeleg kreft. I videoen som følgjer songen tar han eit farvel frå sjukesenga. Før han trekker seg tilbake til skapet (ut av verda) er han kledd i eit kostyme som er kjent frå foto i samband med utgjevinga av albumet Station To Station frå 1976. Same året som han spelte Newton i filmen The man who felt to earth, basert på boka av Walter Tevis med same tittel. Berre to dagar seinare er han død, ein bortgang som kom som eit sjokk på fans over heile kloden. Tony Visconti, produsent og livslang samarbeidspartnar, uttalte at ‘Bowies død var akkurat som livet hans – eit kunstverk. Han lagde Black Star for oss, som ei avskjedsgåve. Han kjem alltid til å vere blant oss.’

– Musikalen Lazarus har ein dobbel botn. Dette nye teaterstykket plukkar opp Thomas Newtons historie 40 år seinare, seier Andersen.
Newton, ein utanomjordisk karakter, er send til jorda for å leite etter vatn til den uttørka planeten han kjem frå. Han er fanga på planeten, men ønsker seg vekk. Han druknar sorgene i alkohol, i draumar og i dødslengt. Det er klart ein kan lese inn Bowies eige livsløp i denne framsyninga. Newton er ikkje Bowie, men «ein døyande mann som ikkje kan døy», som han seier i stykket. Og når ein koplar det med 14 av de sterkaste låtane frå Bowies katalog er det ikkje mogleg å sjå framsyninga utan å tenke på Newton som eit slags alter ego til Bowie, seier Andersen.

Sjølv var Bowie skjør både fysisk og mentalt under filminnspelinga. Han har uttalt at det han hugsar best frå opptaka var at han ikkje trong å spele. Eg kunne «berre vere meg sjølv som eg var, det passa rolla perfekt. På den tida var eg ikkje av denne jord», skal Bowie ha sagt om Newton-karakteren eit par tiår seinare.

Ikkje lenge etter urpremieren i New York, blei same versjon av Lazarus sett opp på West End for ein avgrensa periode. Så blei det opna for nye versjonar, såkalla non-replica-versjonar, utanfor det engelskspråklege teateret. Bowie budde nokre avgjerande år i Berlin på 70-talet, og tyskarane var raskt ute med å sikre seg rettane til Lazarus. Nordmannen Hans Petter Dahl har gjort stor suksess ved Düsseldorfer Schauspielhaus og i Hamburg er Bowie nesten gjenoppstått i Alexander Scheers tolking av Newton. I den norske versjonen vil det også vere klare referansar til estetikken frå Bowies stil på 70-talet. Kostymedesignar Olav Myrtvedt har kost seg med tilbakeblikk på ei tid med outrerte popidol som syner tydelege stilpreferansar med miks av eleganse, klassisk rock’n roll og fascinasjon for science fiction og framtidsvisjonar. – Eg legg inn ein del popkulturelle referansar, så får det vere opp til publikum å kjenne dei igjen eller fortolke dei, humrar ein nøgd kostymedesignar som får boltre seg i stilartar frå musikkscenen kjent frå eigen oppvekst. Saman med Dagny Drage Kleiva har han ansvar for scenografi og kostymedesign.

Sjølv om vi får lage vår eigen versjon, er det visse kriterium som ligg faste, seier Anders T. Andersen. – Vi er pålagde å framføre Bowies musikk i engelskspråkleg drakt, og arrangementa er noko endra frå det originale. Det er stor variasjon i låtutvalet som spenner frå tidleg 70-tal og fram til det siste Bowie skreiv. Monsterhits som Changes, Heroes og Life on Mars er blant låtane som eit songsterkt og musikalsk tent ensemble på 7 skal formidle. Men også Black Star og Lazarus frå det siste albumet er med, låtar som er av heilt overjordisk kvalitet. Dette ser eg verkeleg fram til, avsluttar regissøren om oppgåva han går til med djup respekt etter årelang inspirasjon av ein av musikkens store geni.

TEKST IDA MICHAELSEN. FOTO SIREN HØYLAND SÆTER