Tilbake til Røff

Eit møte med Beckett på Cafe Lilla

Becketts dramatikk sit i veggene på Det Norske teatret. Når Bjørn Sundquist no presenterer sin tredje Beckettproduksjon på like mange år, akslar han ein solid tradisjon på Det Norske Teatret, som både set ein standard og inspirerer.

TEKST Bjørn Endreson FOTO Rosemarie Clausen/Ullstein/Ullstein Bilde/Getty Images
Teksten blei første gongen publisert i 1982

Den såkalla «Beckettgjengen» på DNT, med omsetjar og regissør Bjørn Endreson i spissen,  produserte med velsigning frå meisteren sjølv ikkje mindre enn 10 oppsetjingar av dei viktigaste større stykka hans og ulike samansetjingar av småstykka, i åra frå 1970-1991, og med eit lite etterspel så seint som i 1996. Dette var mogleg fordi Endreson fekk til eit personleg og nært samarbeid med Beckett. I artikkelen under fortel han om ein kveld saman med meisteren på ein stamcafe i Paris heilt på slutten av 1970-talet. Her står det svart på kvitt at Endreson der og da fekk rettane til tekstar som til da ikkje var framførte – nemleg Teater I og Teater II, begge er med i sesongens Beckettframsyning Røff.

bjorn-Endreson-i-Beckett-gjengen

Bjørn Endreson fotografert under prøvene til Trass i alt, som hadde premiere på Prøvesalen, Det Norske Teatret i 1991. Foto: Leif Gabrielsen.

Eit svar på eit visittkort, 23 ord: Kom når du vil. Heime i heile haust.

«Cafe Lilla», 139 Boulevard Montparnasse, halv åtte. Mildt yr, ho-regn som indianarane seier. Blanke gater. Eg gjekk og nynna på nokre liner han hadde laga for tretti år sidan.

Eg ønskjer at min kjæraste døydde
Og at regnet fall på kyrkjegarden
Og på meg som går i gatene
Og sørgjer over ho som elska

«Lilla» med stort vindauge der svarte humrar kraup rundt i vatn mellom to glasruter blant steinar og tang. Var det laga til ære for stamgjesten? Eller kanskje han hadde sete der inne ved vindauget og skrive historia Dante og hummaren? Hummar på land, levande kokt. – «Well thought Belaqua, it’s a quick death. God help us all. It is not.»

Vente-paa-Godot-1970

Tom Tellefsen som Estragon og Bjarne Anderson som Vladimir i Mens vi ventar på Godot, Hovudscenen, Det Norske Teatret, 1970. Regi: Bjørn Endreson. Foto: Sturlason.

Han stod der med ryggen til. Men eg visste det var han: Det smale hovudet, det tettgrodde, gråstrie håret, kortklipt ved dei store øyra bretta litt framover, som på ein som har lydd mykje.

– Mr. Beckett? Han snudde seg.

– Oh yes, there you are. Pause. Taus vandring til bord som ein kveld for ti år sidan eller i går. Kelner. Beckett sa noko og såg på meg. Cola-vodka, sa eg. Eg hadde ikkje kome for å spørje om noko. Han hadde svart nok. Det var helst han som spurde. Om oppsetjingane heime, og om det vi skulle gjera. Like låg røyst som eg hadde tenkt, lik rollene hans. Like knapp og presis i formuleringane. Mild i måten. Sjølvsagt. Og pausane like sjølvsagde. Til ein av oss braut. Tett. Interessert. Ingen tolkingar og synsmåtar. Konkrete detaljar: Vladimirs lommerusk, Clovs pigg, Arsenal – Ipswich 2-0, pappmånen i Godot som vi gjorde med berre lys. OK. Vindauga på bakveggen i Sluttspel-rommet som vi let vera i veggen mot salen. Bra. Enda så nøye han er med sceneskildringane. Som om vi spela sjakk. Plutseleg ei anna brikke enn venta. Av og til i London. Nei, ikkje på teater. På cricketmatch.

Ventar-paa-godot-2013

Stein Grønli som Estragon og Jan Grønli som Vladimir i Mens vi ventar på Godot, eit samarbeid mellom Det Norske Teatret og Riksteatret. Turnépremiere 2013, blei spelt på Scene 3 på Det Norske Teatret i 2014. Regi: Bjørn Sundquist. Foto: Leif Gabrielsen.

Drinkane kom. Kelneren gjekk. Høgt gals med whisky og store isbitar. Han samla dei lange fingrane til eit hegrenebb som han stakk ned i glaset, fekk tak i isbitane, lyfte handa høgt og sende innhaldet i parketten med ein piskesnert så spruten stod. Kva var det eg såg? Stumme Gløggs pisk i eit høyrespel, rolege Krapp som plutseleg riv rullane av bandspelaren og hiv dei siste dagboksorda i golvet. Roleg vende Beckett seg mot meg og sa:

Merkeleg at ikkje folk skjønar kva eg seier.

– Skjønar betre no, sa eg. For tjue år sidan gjekk folk midt under Sluttspel og smelte med dørene. I dag kan stykket stå på plakaten i fleire månader.

Sluttspel-av-Beckett

Åsta Voss som Nell og Kåre Wicklund som Nagg i Sluttspel, Scene 2, Det Norske Teatret, 1971. Regissør: Bjørn Endreson. Foto: Sturlason.

Det måtte ha vore ein ny kelner. Han kom bort for å byte drinken.

– No, no. It’s allright. Ice gone. Eg høyrde sidan at irlendingar sjeldan vil ha whiskyen kald.

– Kor lang tid tok Not I? Nesten førti minuttar i Berlin. Ufyseleg heilkveld.

– Atten.

– Bra. Må vera ein stad mellom femten og tjue. Folk skal ikkje gjespe seg heim.

Siste-bandet

Bjarne Andersen som Krapp i Siste Bandet i 6 BECKETT – 6 småstykke av Samuel Beckett, Scene 2, Det Norske Teatret, 1975. Regissør: Bjørn Endreson. Foto: Sturlason.

Eg sa vi tenkte å bruke Pust som siste nummer av ein kveld med einaktarar (varer tretti sekund). Men nei. Folk kunne tru det var det siste han hadde skrive. Mindre og mindre.

– Bruk det før og etter og mellom dei andre. Pust er i alt eg har skrive. Trekte det tilbake da det vart misbrukt som forspel til Oh Calcutta. Der brukte dei nakne lår blant alt rasket. Det finst ikkje kroppar i Pust, berre uorganiske restar, andedrag og skrik.

Krapps-siste-spole-med-Jan-Grønli-2015-6

Jan Grønli som Krapp i Krapps siste spole på Det Norske Teatret, Scene 3, 2015. Regi: Bjørn Sundquist. Foto: Dag Jenssen.

Pause.

Seia noko her og no. Ikkje om noko. Omsnakking vart han ferdig med på skulen. Slutta som lærar fordi han kjende at ingenting av det han sa var sanning. Gjekk ut og leita og fann ut at det å ha «meiningar» er umogleg. Kan ikkje kjenne seg sjølv, derfor heller ikkje andre, derfor heller ikkje noko i det heile. Prøver å seia så presist som mogleg at det å seia noko endeleg om noko ikkje er menneskeleg mogleg. Krakken blir sparka vekk frå ørkenvandraren i Spel utan ord i det han skal setja seg. Kan ikkje seia noko, vil ikkje, tør ikkje, . Og for å vri litt på vennen Descartes: Veit ikkje, altså er eg. Har det vondt, ergo er eg. Og så le litt, vera klovn. Ingenting er så morosamt som det ulykkelege, seier Nell i søppelkassa mens ho ventar på døden eller nirvana. Men Miltons utkasta Adam og Eva fann hendene til kvarandre. Vera saman i elendet, lik Didi og Gogo, Nell og Nagg, alle para i Becketts verd, ber ein over så mykje. Og varmen, der han måtte finnast.

Teater-1

Tom Tellefsen som A og Bjarne Andersen som B i Teater 1 i BECKETT 75 – 5 småstykke og dikt av Samuel Beckett på Scene 2, Det Norske Teatret, 1981. Regissør: Bjørn Endreson. Foto: Sturlason.

Eit dragspel ute på gata. Musikk?

– Ja, musikk er alt eg har laga. Nokre urtonar. Om att og om att. Med variasjonar.

– Bur rett borti gata her. Arbeider helst i hytta ved Seinen, utanfor byen. Vinteren i Marokko. Du finn meg om du vil. Eg har funne eit par småting i skuffen. Teater I og Teater II. Dei kan du få sepla. Som dei første.

Teater-2

Tom Tellefsen som B og Bjarne Andersen som A i Teater II (same som Røff for teater II) i Pust og fire på Scene 2, Det Norske Teatret, 1980. Regissør: Bjørn Endreson. Foto: Sturlason.

Kvelden blir lang. Brune sigarettar med svart tobakk. Og i sløret av røyk dette andletet meisla i marmor, teikna i honning på same tid, slite ned til sirlege fòrer, brunt som pensla med lys tjære. Malmfuru. Like dei urokkelege grunntema hans, og forma. Utan tvil, utan nåde, stein ved havet reinska for mose, slam og sniglar. Rom utan tapet og nips, inne ved den inste kviskring der vi alle er stakkarar i filler og tap og anger og uvisse.

Han tok vennleg farvel med kelneren med isen. Vi vart ståande ei stund utanfor mellom ei østersbu og hummarvindauget. Lufta var framleis yr og det berre hovudet hans fekk perler. Høghalsa genser, ru lang skinnjakke med saueragg til fòr, hadde ikkje tatt han av inne.

– Hels alle som arbeider for meg der oppe, sa han. Skriv eg meir før eg fer, skal eg sende det til deg.

BECKETT PÅ DET NORSKE TEATRET

Mens vi ventar på Godot (1970), Sluttspel (1971) Seks Beckett (1975), Pust og Fire (1980), Beckett 75 (1981), Vera saman (1983), Katastrofe av og til Havel (med tekstar av Beckett, Václav Havel, Arthur Miller og Eugène Ionesco, 1984), Glade dagar (1986), Trass i alt (1991) og Ein sørgeleg time med TT eller TD (1996). I 1976 fekk Endreson Kritikarprisen for ei heil veke med Beckettprogram.