Tilbake til Som lauvet i Vallombrosa

Ein nådelaust ærleg dramatikar

Lars Norén var ein av dei mest ettertrakta, omdiskuterte og kontroversielle dramatikarane i Europa rundt tusenårsskiftet. Til våren er det tiande gongen eit stykke av han blir sett opp her.

TEKST Cecilia Ölveczky FOTO Jessica Gow / NTB scanpix

Artikkelforfattaren er tidlegare dramaturg ved teateret, har æra for Noréns nære forhold til Det Norske og skriv her frå den tida da den svenske forfattaren debuterte som regissør i Noreg.

Januar 2001,
Lars Norén har urpremière på Det Norske Teatret. Tittelen på stykket er November. Det er ikkje første gong ein av Europas mest spelte og omtykte dramatikarar gir vårt teater retten til ein verdspremière. Men det er første gong han sjølv kjem til Oslo for å setje opp det nye stykket.

November-av-Lars-Noren

Kirsti Stubø som Jenta i November av, Scene 2 på Det Norske Teatret i 2001. Lars Norén hadde sjølv regien. Foto: Erik Berg.

Hans renommé som dramatikar er uomtvisteleg, men personen Norén blir ofte utsett for angrep. Han har eit dårleg tilhøve til pressa, gir svært sjeldan intervju, og visse journalistar som står på svartelista hans, får aldri audiens. Derfor syntest eg at informasjonssjef Ida Michaelsens ønske om å få Norén til å stille på ein pressekonferanse, var å kaste bort krefter til ingen nytte. Men nei, så feil kan ein ta. Svaret var eit vennleg ja.

Nattverden

Unn Vibeke Hol som Charlotte og Ragnhild Hilt som Monica i Nattverden, Scene 2 på Det Norske Teatret, 1985. Regi: Göran Stangertz. Foto: Frits Solvang.

 

Ein fullsett sal på ein pressekonferanse på eit dramatisk teater er mildt sagt eksepsjonelt. At fleire tv-team, mange fotografar, journalistar, litteraturvitarar, teaterfolk frå heile Skandinavia, til og med tysk- og engelskspråklege teaterinteresserte ventar på ein mystisk utilgjengeleg svensk forfattar på ein nynorsk scene var teater i seg sjølv. Det nære tilhøvet mellom den svenske språkkunstnaren og eit nynorskteater var kuriøst for de fleste journalistane. Norén svarer avslappa på spørsmål som krinsar mest rundt hans opphald i Oslo.

Lars-Noren-paa-Det-Norske-TEatret

Lars Norén fotografert på Det Norske Teatret i samband med oppsetjinga av November i 2001. Foto: Erik Berg.

Kvifor vil ein så ettertrakta dramatikar og regissør arbeide på Det Norske Teatret? Er det ein flukt frå Sverige? Er det første gong han set opp eit av sine eigne stykke i utlandet? Kvifor velje Oslo framfor Paris og Berlin?

– Ja det er første gongen. Eg kjem hit fordi eg trivst her, eg likar atmosfæren, skodespelarane er kjempegode, frie, sjølvstendige, det nynorske språket er kraftfullt og vakkert…

Om lag slik lydde svara hans, vennleg, men bestemt for å unngå eventuelle provokasjonar.

Pressekonferansen var sikkert ein skuffelse….for nokon… ingen skandale!

Tida-er-vaar-heim

Trini Lund som Anna, Jan Grønli som Tomas og Vidar Sandem som Nils i Tida er vår heim, Hovudscenen, Det Norske Teatret, 1994. Regi Kjetil Bang-Hansen. Foto: Espen Tollefsen.

Og han treivst verkeleg her på teateret, prøvene gjekk bra og han syntest det var spennande å instruere sin eigen tekst på eit framandt språk. Han var svært takksam for at Jon Fosse tok seg tid til å omsetje November. Men ein dag kom han likevel litt bekymra inn på kontoret mitt.

– Omsetjinga er svært bra, seier han, men eg likar ikkje ordet «kvifor» … nej, nej! Kan vi gjere noko med det..?

Eg måtte halde meg frå å le. Derfor føreslo eg straks att han burde kontakte vår utmerkte nynorskekspert Ola E. Bø. Eg veit ikkje korleis diskusjonen om det stakkars «kvifor» slutta. Eg veit berre at han syntest at Ola var ein klok og sympatisk mann, og til slutt anklaga han seg sjølv for å bruke ordet «varför» alt for ofte, iblant heilt unødvendig. «Kvifor» vart ståande.

Ola E. Bø og eg fekk elles i stand eit møte mellom Lars Norén og Jon Fosse, for det ville jo vere interessant å høyre dei to spennande og særeigne personlegdommane, Nordens leiande dramatikarar, setje kvarandre stemne, så vi inviterte dei til Bristol for å gjere eit intervju med dei. Dei fann straks tonen, men samtalen vart litt annleis enn vi hadde sett for oss.

Fosse-og-Noren

Jon Fosse og Lars Norén møttest på Det Norske Teatret i 2001. Foto: Eirik Berg.

Den fåmælte Jon Fosse prata mest medan Lars Norén tok på seg vår jobb og stilte spørsmål til Fosse. Vi hadde ikkje så mykje anna å gjere enn å ta opp samtalen på band. Intervjuet som stod på trykk i Det Norske Teatrets repertoarmagasin «det norske» (vår 2001) blei seinare sitert i fleire skandinaviske aviser og tidsskrift. Jon Fosse fortalde at det var ei framsyning av Lars Noréns Nattvarden som endra hans negative syn på teater. Takk for det.

Personkrins

Per Schaanning som Den schizofrene i Personkrins 3:1 av Lars Norén, Scene 2, Det Norske Teatret, 1999. Regi: Björn Melander. Foto: Leif Gabrielsen.

Norén hadde mange godord om Fosses dramatikk og språk og synte si verdsetjing med ei framifrå omsetjing av Nokon kjem til å komme. Dette møtet var ei teaterhistorisk hending.

Lars Noréns kjærleik, som han sa, til Det Norske Teatret var gjensidig. Det Norske Teatret hadde nemleg synt stor interesse for Noréns forfattarskap heilt frå byrjinga av, sjølv om det kunne vere kontroversielt. Da han fekk sitt gjennombrot i norsk teater vart det sagt at nynorsk og det urbane norénske språket ikkje passa saman, og at hans overveldande suksess med Natta er dagens mor ville bli kortvarig – stykket er gammaldags, borgarleg, osb.

Kaos-er-granne-med-Gud

Britt Langlie som Helene og Lasse Kolsrud som Frank i Kaos er granne med Gud, Hovudscenen på Det Norske Teatret, 2006. Foto: Erik Berg.

Men kritikken stilna etter at teateret presenterte den eine gode oppsetjinga etter den andre.

I alt ti skodespel av Norén, med vårens Som lauvet i Vallombrosa, har publikum fått oppleve, fire av desse har vore urpremierar.

Eg skulle gjerne skrive om desse oppsetjingane, om store skodespelarprestasjonar, gode regiarbeid, framifrå omsetjingar, scenografiar, osb. Eg hadde privilegiet å kunne følje dei opp. Men å velje ut favorittar – det kan eg ikkje, og å ta for seg alle ville sprenge rammene her fullstendig. Men eg vågar å seie at det er skodespelarane som får dei største utfordringane hos Norén. Og utfordringar er skodespelarar alltid takksame for.

Lys

Svein Tindberg som Faren og Kirsti Stubø som Dottera i Lys, Scene 2, Det Norske Teatret i 2009. Regi: Erik Stubø. Foto: Erik Berg.

– Eg skriv berre om menneske som eg elskar, seier han ofte.

Det er ein nøkkel til å forstå persongalleriet hans. Skaparverkets største under er ikkje ein enkel skapning hos Norén. Mennesket er uutgrunneleg, kaotisk, vondt, og godt, i same kropp. Men sjølv når vi ser deira verste sider i ein norénsk avkledningsscene, anar vi deira lengsel etter å forandre seg, og forfattarens solidaritet med og kjærleik til dei. Lars Norén overraskar oss alltid. Han vart utropt til genial poet alt i attenårsalderen og forventningane var store. Men han slutta plutseleg å skrive dikt og blei kalla ein ny Strindberg.

stilla_liv-av-Lars-Noren

For første gong sidan 1998 regisserer Lars Norén sjølv eit nytt stykke på Dramaten. Stilla Liv har premiere våren 2017 på Elverket. Han beskriv stykket slik: «Soppkö Stenläggning Enkelhet Barnaska Liar Disfarmer Ljus Pappväskor Robert Bresson Fjäderdun Höjdhopp Inga Landgré Tårtfat Natrium Saxofon Kamera Al Bowlly osv». Foto: Trine Søndergaard, 2010, Interior # 8. Courtesy of the artist & Martin Asbæk Gallery & Bruce Silverstein Gallery

Da 68-generasjonen heldt på med sine sympatiske, men ofte flate, politisk engasjerte teateroppsetjinar, skreiv Norén om relasjonar i familie og parforhold. Og seinare da sjølvransakinga vart mote i litteraturen, da skreiv han skakande verk om offera for velferdsamfunnet; uteliggarar, narkomane, sjuke, gamle, osb. Her blir vi åtvara mot at vegen er svært kort frå å vere framgangsrik og vellukka til å ligge bottenlaust fornedra i rennesteinen. Verka hans frå dei seinaste åra er kortare og meir og meir innovervende og meditative. Dialogens stormeister held no på å avslutte eit nytt stykke – utan ord. Premièren på Stilla liv står på planen til våren på Dramaten i forfattarens eigen regi.