Ein krigsmaskin av lys

Øyvind Wangensteen skal bokstaveleg talt setje lys på krigen.

Det er ei oppgåve han går til med stort mot og ein draum om at det skal opplevast som storslått, vakkert og poetisk, Men òg brutalt og ubehageleg. Inspirasjonen har han fått frå Hitlers faste arkitekt, Albert Speer, som var ein meister i å forføre folket og massane ved hjelp av lys. Wangensteen har henta mykje frå dei stormannsgalne nazistane og har like godt bygd ein ny lysrigg som skal hengje under den opphavlege riggen på Hovudscenen.

– Eg ser ikkje på lys som noko teknisk. Eg ignorerer alt som handlar om teknikk til eg har funne ideen min, inspirasjonen min og eit gjennomgåande konsept for den særskilte framsyninga. Speers lyssetjing av praktbygg og bruken av sterke luftvernslys var laga for å imponere. Han forsterka omgjevnadene gjennom lysstrålar og – søyler som verka både suggererande og massive. Riggen eg har laga, kan minne om det han dreiv med, seier Wangensteen.

Licht-Dom-Andre-verdskrigen-Det-Norske-Teatret

Albert Speers Licht Dom i Nürnberg. Foto: DPA / NTB scanpix.

– Når alle kastarane er tende vil dei gi ei kjensle av eit stort krigsmaskineri. Lyskastarane er festa på ulike trosseriggar og gjer at eg kan styre lysriggen. Slik kan eg senke taket under framsyninga og skape eit meir klaustrofobisk og trykkande scenerom. Lyskastarane heng symmetrisk, som soldatar oppstilte på rekkje. Kvar kastar er kopla separat, som gjer at eg kan lage tallause kombinasjonar i scenografien, seier Wangensteen. I denne produksjonen vil lysdesignet bli ein del av det scenografiske konseptet. Milja Salovaara har skapt eit lukka rom der skodespelarane er fanga gjennom heile framsyninga. Det er berre ein utgang, og heile atmosfæren kan bli nokså klaustrofobisk.

– Eg vil jobbe med lyset grafisk og er glad for at scenografien er så stram. Det er enklare å jobbe med kontrasten mellom lys og mørke. Eg ønskjer å bruke veggene til å skape skuggespel og golvet til nye rom. Eg har tru på at det vil gi framsyninga eit eige uttrykk og ei eiga stemning. Og denne stemninga vil eg skal gå igjen i alle scenane gjennom dei åtte timane som framsyninga varer.

 

Fortalt til: Ida Michaelsen