Tilbake til Brørne Løvehjarte

Ei tid med leirbål og eventyr

Astrid Lindgren har skrive boka om Brørne Løvehjarte som framsyninga er basert på. Foto: Jacob Forsell.

Astrid Lindgren har skrive boka om Brørne Løvehjarte som framsyninga er basert på. Foto: Jacob Forsell.

Til Nangijala! Til ei tid med leirbål og eventyr! Det er dit ein kjem når ein døyr, fortel storebror Jonatan til veslebror Kavring som ligg og er så sjuk. Kavring undrar seg – korleis kan det få vera slik at ein del må døy sjølv om dei ikkje har rukke å bli ti år eingong? «Eg trur ikkje at det blir så fælt», trøyster Jonatan. Og så fortel han om Nangijala – om landet på den andre sida av stjernene.

Vondskap – godleik. Det svarte, døde – det grøne, blomstrande. Astrid Lindgren (1907–2002) er kontrastanes forfattar. Ho er fullstendig klar over at det vonde finst i alle menneske. I forteljinga om brørne Løvehjarte manar ho likevel til klokskap og godleik, til å kjempe for det som er rett, og til å vera modig. For i alle liv finst det noko ein berre gjera, sjølv om det er farleg – elles er ein ikkje eit menneske, men berre ein liten lort, som Jonatan Løvehjarte så klokt uttrykkjer det.

Da romanen om brørne Løvehjarte kom ut i 1973, hadde Astrid Lindgren allereie rukke å gi ut rundt sytti bøker for barn, unge og vaksne. Ho var heilt på toppen av forfattarkarrieren. I tillegg var ho i ferd med å bli Sveriges aller fremste «opinionsbildare» – eit engasjert samfunnsmenneske som kjempa for fridom, tryggleik, rettferd og anti-vald både i familien og i samfunnet. Så da var det kanskje høveleg med ein anti-valds-roman med heltar som kjempar for nett dei verdiane forfattaren sjølv stod for?

Som dei fleste bøkene til Astrid Lindgren handlar forteljinga om brørne Løvehjarte om det å vera menneske, og – ikkje minst – om kor vanskeleg det kan vera å vera menneske. Det er ei kompleks og allmenngyldig forteljing som mellom anna tematiserer einsemd, sorg, lengsel, død og dødsangst – men også kjærleik, mot, og ei innsikt i kor dyrebart livet er. Det er ei forteljing som barn og vaksne ofte les på ulike måtar. Mange barn les boka som ei skummel, men likevel lykkeleg forteljing om eit sjukt og utsett barn som døyr, og som trass i all vondskap i Nangijala får eit betre liv. Særleg slutten – der Kavring blir helten som hoppar med storebror Jonatan inn i ljoset i Nangilima – les mange barn som ein lykkeleg og håpefull slutt. Vaksne les i større grad boka som ein draum som Kavring drøymer mens han ligg dødssjuk på sofabenken. I den vaksne lesinga døyr ikkje Kavring før på siste side i boka. Astrid Lindgren sa sjølv at «den vaksne i meg veit at det er slik, men barnet i meg aksepterer det ikkje».

Noko av det skumlaste vaksne kan lese om, er kanskje barn som døyr. Nokre vaksne lesarar har gått så langt som å påstå at romanen er ei oppmoding til sjølvmord. Ein ung psykolog Astrid Lindgren møtte ein gong, sa at han aldri ville klare å lesa slutten av romanen for eit barn. Han meinte det var så frykteleg å tenkje på at brørne måtte døy to gonger. Da svarte den slagferdige forfattaren dette: «Du forstår det, at jo fleire gonger du døyr, desto meir venner du deg til det.» Same kveld fekk Lindgren ein telefon frå Lena Wisborg som spelte vesle Ida på Katthult i Emil-filmane. Hennar reaksjon var: «Takk for at du laga ein så lykkeleg slutt!» Dei mange breva Lindgren fekk frå mellom anna legar som behandla dødssjuke barn og frå barn som sjølve var sjuke og redde for å døy, tyder på at boka fungerer som trøyst. Endeleg er det nokon som tar barn på alvor, som ikkje berre glattar over og seier at alt skal bli bra, men som tør å seia høgt at også barn kan døy. For Astrid Lindgren meinte heilt alvorleg at ein kan tala med barn om alt. Ein kan og skal tala om vanskelege ting, men ein skal bruke ord som barn forstår.

Mange av forteljingane til Astrid Lindgren har starta med eit namn. Slik var det også med historia om brørne Løvehjarte. «Nangi, nangi», sa Olle, barnebarnet som var to år i 1971. «Eg la til ‘jala’, og så vart Nangijala funne opp, landet med eventyr og leirbål», har Lindgren fortalt. Men dette var berre ei av fleire kjelder til inspirasjon. Ein vintermorgon i 1971 reiste ho med toget langs innsjøen Fryken: «Det var ein sånn fantastisk morgon med rosa ljos over vatnet – ja, det var så overjordisk vakkert, og da fekk eg plutseleg ei sterk oppleving, ein slags visjon av menneskeslektas daggry, så eg byrja mest å skjelve. Samstundes kjende eg korleis noko vart tent i meg – det her blir det kanskje noko av, tenkte eg.»

I fleire intervju har Astrid Lindgren fortalt om korleis ho pleidde å streife rundt på kyrkjegardar – det var faktisk ein favoritthobby ho hadde. Noko av det ho la særleg merke til, var jernkrossane på gamle barnegraver. Ein slik kross fann ho på Vimmerby kyrkjegard, og på denne vakre krossen står det den dag i dag: «Späda Bröderna Johan Magnus och Achates Phalén, döde 1860.» Ho vart gripen av dei «spede brørne», og dermed visste ho at ho skulle skrive ei forteljing om døden og om to brør. Men det var enda ein ting som leidde fram til brørne Løvehjarte. Rett før den første filmen om Emil i Lønneberget vart innspelt, fekk Lindgren ideen til det berande temaet i forteljinga – nemleg kjærleiken mellom dei to brørne: «Det var da vi skulle velja ut Emil til filminnspelinga. Det var ein veldig ståhei, og fotoblitsen lynte rundt vesle Janne Olsson. Da alt endeleg var klart, smaug han seg ned og sette seg på fanget til storebroren. Han smaug seg inn i famnen hans, og storebroren bøygde seg fram og kyssa han på kinnet. Da såg eg brørne Løvehjarte framfor meg.»

Astrid Lindgren er ein meister i å skrive om sånt som barn vil lesa om, og ikkje berre nordiske barn. Nest etter Pippi-bøkene er boka om brørne Løvehjarte den mest omsette og selde boka av alle Astrid Lindgrens meir enn hundre bøker. Det ikkje alle veit, er at Lindgren – etter stort påtrykk og mange brev frå ivrige barnelesarar som ønskte seg ein oppfølgjar til boka – publiserte eit brev i avisa Expressen 26. februar 1974 der ho avslørte litt om korleis Kavring og Jonatan har det i Nangilima. Og viss du ikkje vil vita noko om det, så må du slutte å lesa nå, for her er litt om livet i Nangilima: Brørne kjem til Mattias og får bu i Mattisgården som ligg i ein stor frukthage. Dei klatrar i tre og drar på lange turar og tenner leirbål og badar. Men dei kjem alltid tilbake til Mattisgården. Og ein dag får Kavring sin eigen hund! Det er ein villhund som kjem til menneska av heilt fri vilje. Han får namnet Mecke og vil vera med Kavring heile tida. Men den v Tengil, kva skjedde med han? Jo, Tengil kom til ein plass som heitte Lokrume. «Eg trur ikkje han fekk det så ille der», skriv Astrid Lindgren, «men aldri meir kunne han plage og undertrykkje noko menneske». Hos Astrid Lindgren blir ikkje vondskap straffa med meir vondskap – i staden syner ho at det er mogleg for det gode å vinne fram.

 

Tekst: Agnes-Margrethe Bjorvand, Universitetet i Agder