Tilbake til Draum om hausten

Ei motgift mot døden

I Draum om hausten behandlar Jon Fosse familiære tema som forholdet mellom foreldre og barn, utruskap og lengt etter kjærleik. Dette er tema psykolog og samlivsterapeut Sissel Gran har lang erfaring med. Her er hennar refleksjonar etter å ha lese stykket.

TEKST Sissel Gran FOTO Fredrik Arff
TIL NYNORSK VED Unn Catodotter Fyllingsnes

Tida kan ikkje berre gå
Åra kan ikkje berre gå

Det er den unge kvinna i stykket som seier dette. Det er haust. Det er svart. Det er vått etter regn. Vi er på kyrkjegarden. Jon Fosses drama er ein draum der tida og menneska glir over i kvarandre og der det forgjengelege ved livet spelar hovudrolla. Heilt tilfeldig støyter den unge kvinna på kjærasten frå ungdommen mellom gravene, og den gamle kjærleiken deira blir vekt til live. Han verkar ulukkeleg, men han vegrar seg mot å gi seg hen til henne. Han har kone og barn og vil ikkje vere utru. Men vi skal jo dø, seier ho. Underforstått – vil du verkeleg gi frå deg høvet til å oppleve ny kjærleik i dette korte jordiske livet?

Vi kjenner igjen det som driv karakterane i Fosses drama: Lengta til den unge mannen bort frå eit forpliktande samliv som starta så altfor tidleg, med vakse foreldreansvar frå ungdommen av. Det er mange som han, som spør seg: Er dette alt? Er det slik livet mitt skal vere? Skal eg aldri få oppleve brusande kjærleik igjen? Det er frykta for døden som slår inn, angsten for langsamt å bli utradert, bleikne og svinne hen. Denne kjensla av å bli gjort til inkjes – sjølv om partnaren slett ikkje er nokon terminator – kan utløyse eit panikkarta sakn i mange, men saknet dei kjenner handlar ikkje alltid om å finne ny kjærleik i ein annan, det handlar like mykje om å finne seg sjølv att.
Vi kjenner igjen einsemdskjensla til den unge kvinna:

Eg er åleine
heilt åleine

Vi kjenner igjen frykta for aldri å finne ei hamn, å måtte leve åleine og uelska. Isolasjon er terror, imot naturen, for vi treng eit feste, eit livsvitne, eit menneske som set oss først. Den unge mannen går frå familien sin, og vi kjenner att skuldkjensla hans. Han let att døra til det han forlèt, også sin eigen son. Kvifor? Korleis kan eit menneske gjere noko slikt? Vi kan ikkje fatte det, men det skjer. Menneske deserterer, flyktar frå dei dei ein gong elska, men ein ofrar mykje når ein følgjer lengta i hjartet, og den unge mannen har mistru til kjærleiken:

Den tar ikkje omsyn
den
ja
Eg veit ikkje om eg liker kjærleik
Eg trur eg er imot kjærleik
Kjærleik
som får fedre til å forlate barna sine
er eg imot

Mistrua er langt frå utan grunn. Den som forlèt ofrar tryggleiken til barna, partnaren sitt ankerfeste, familiefellesskapet, hus og heim, og ein bryt løfte, skuffar foreldra sine, svigerforeldre, venner – men alt dette er prisen for fridommen. For å tole å skuffe så mange, er det ikkje uvanleg å stålsetje seg, og difor verkar mange utbrytarar forherda og uforsonlege. Slik vernar dei seg mot å kjenne si eiga smerte og smerta til dei forlatne, og slik vernar dei om det nye livet og den nye partnaren sin. Straffa for mange er likevel opplevinga av eit slags tilvere i limbo, av aldri å kunne vere heilt til stades korkje i det nye eller det gamle livet, av aldri å strekkje til, av alltid å pinast med eit murrande, dårleg samvit.

Ein ubehageleg, nervøst vibrerande og hjelpelaus morskarakter i Draum om hausten representerer den klandrande røysta som mange sonar og døtrer flyktar frå. Det er den intense lengta hennar som er underteksten, men skuldkjensla som den alltid utløyser skuvar vekk den ho saknar:

Du har jo ikkje vore og besøkt oss
på fleire år
du
Den nye kona di
har vi jo aldri fått treffe
De har jo aldri besøkt oss
meiner eg
Den tidligare svigerdotter vår er langt oftare
og besøker oss
enn vår eigen son

Ein får ikkje lyst til å presentere den nye partnaren sin for ein dommar, ein som alltid vil samanlikne den nye partnaren med døden og den gamle med livet. Da unngår ein mor så godt ein kan. Men kva med far, den eldre mannen i stykket, kva rolle har han? I Draum om hausten er farskarakteren ein som oppgitt strever med å glatte over, som gjer alt han kan for å normalisere og avdramatisere. I forsøket på å verne om mor, blir han ein sjølvutslettande figur, ein mann sonen ikkje relaterer seg til.

Vi lever alle på lånt tid, ikkje noko varar evig, og denne erkjenninga er bakteppet for alle ting. Menneske som lever i ulukkelege eller keisame parforhold seier ofte: Eg føler at ein del av meg er død. Eg er blitt eit menneske eg ikkje lenger kjenner att. Ny kjærleik kan slå denne skremmande aninga av død og framandkjensle attende og fungere som ei motgift, og gammal kjærleik kan gjere same nytta. Det ligg mykje kraft i ein ungdomsromanse, og difor åtvarar eg spøkefullt den som er nede i ein av dei normale, emosjonelle bølgjedaler i ekteskapet mot å oppsøkje gammal attrå. Dersom ein ønskjer å skjerme parforholdet sitt mot store prøver, bør ein binde seg til masta og ikkje dra på skolejubileumsfesten der ein risikerer at den nyleg skilde kjærasten frå vidaregåande byr på farleg stadfesting og drahjelp ut.

Det er vanskeleg å følgje slike råd, for livet halar og drar i oss og mismot og einsemdskjensle får mange til å stunde valdsamt etter redning. Sorg og skamkjensle over å kjenne på at ein ikkje tyder noko kan få eit menneske til å lengte desperat etter å bli sett og verdsett, etter å kjenne at nokon har lyst på ein og å kjenne ei draging mot nokon, etter å få oppleve eitt liv til før det er for seint. Det er dette som er så umogleg å tole for dei som blir forlatne. Barn har ingen føresetnad for å forstå denne livsattrå hos ein forelder, og ein partnar som blir vraka, ser berre det nådelause, nokre gonger det patetiske, i handlinga til utbrytaren. Fosse tilbyr inga løysing på dette motsetnadsfylte i menneskelege relasjonar, det måtte i så fall vere døden. I livet utanfor scenen finst det heldigvis andre utfall; forsoning, eit nytt liv for både den forlatne og den som forlèt, barn som lever godt i to familiar. Det er ikkje heilsvart. Alt er ikkje ein kyrkjegard.