Tilbake til Eg heiter Bente

Intervju med dramatikar Rikke Wölck: Ei hyllest til vennskap

Skodespelar Rikke Wölck har skrive Eg heiter Bente, som handlar om ei kvinne som får konstatert Alzheimers og om reaksjonen til venninnene.

TEKST Nanna Boye. FOTO Dan Møller.
Teksten blei første gong publisert i Lokalavisen Frederiksberg, Danmark

Kimen til stykket går langt tilbake, utgangspunktet handlar om dei vala vi tek i livet. Og dei tankane begynte for alvor først i femtiåra, fortel Rikke Wölck.

Hovudpersonen Bente er journalist, har ein stor vennekrins og ein god karriere, men ingen kjærast eller barn, så det er venninnene som er der for henne da ho blir sjuk og fram til ho døyr.
I takt med at Bente mistar minnet, får det venninnene – og  Bente – til å reflektere over det livet dei har levd og dei vala dei har gjort.

– I dag fyller vennskapsforhold meir enn dei har gjort før. For mange er dei viktigare enn familien. Vennene støttar også i krisesituasjonar, vi følgjer kvarandre når vi mistar noko, når vi er lykkelege eller gjer vanskelege val i livet.
– Derfor er det også naturleg at det er Bentes venner som trør til. Venninnene har følgt kvarandre det meste av livet.
– Stykket er fiksjon, men med inspirasjon frå mitt eige liv og dei nære vennskapsforholda eg har. Eg står sjølv midt i livet, men er samtidig ved å nærme meg ein alder der det ikkje er så mykje att.

Rikke Wölck kjenner ikkje sjølv nokon som har hatt demens, men meiner stykket handlar om å miste kontrollen. Foto: Dan Møller.

Rikke Wölck kjenner ikkje sjølv nokon som har hatt demens, men meiner stykket handlar om å miste kontrollen. Foto: Dan Møller.

Livets val og fråval

– Eg har hatt eit lidenskapeleg og på mange måtar heftig liv. Før var eg nok både utilfreds og uroleg. Slik har eg det ikkje i dag, fortel Rikke og poengterer at stykket skal sjåast som ei hyllest til vennskapsforhold.
– Eg kjenner ikkje nokon som har Alzheimers. Det skal meir sjåast som kontrast til det livet vi lever, der vi har full kontroll over alt, og Alzheimers, som er det ultimate tapet av kontroll over kropp og hjerne.
– Vi er så kontrollerte og dyktige til både å ha fullt trykk på karrieren og ha kontroll på privatlivet, men sjukdom kan vi ikkje kontrollere.
– På mange måtar er det eit smerteleg stykke, men det er også mykje humor i det. – Stykket handlar ikkje så mykje om den fysiske forvandlinga, men meir om dei essensielle vala i livet, og den måten vi forsonar oss med tanken på å bli eldre.
– Alderen har også fått meg til å reflektere over livets val og bortval.

Før kjende eg det som om livet skulle vare evig, men vissa om at eg nærmar meg dei 60, gjer at eg reflekterer over livet på ein annan måte.

Før kjende eg det som om livet skulle vare evig, men vissa om – og den kjensgjerninga – at eg nærmar meg dei 60, gjer at eg reflekterer over livet på ein annan måte, fortel Rikke og tenkjer attende på sine eigne merkedagar i livet:
– Eg ville nødig vere attende i 30-åra, den gongen var graset alltid grønare andre stader, men i 40-åra falda eg meg ut som kvinne. Og i dag nyt eg å vere der eg er og er tilfreds, seier den 59–årige skodespelaren, som også skriv og instruerer. I stykket Eg heiter Bente er hovudpersonen Bente den mest dominerande og sterkaste av venninnene, men det at ho etter kvart mistar språket, utløyser ein ekstra frustrasjon.

20150824-dnt-egheiterBente-1658

Humor og smerte

– Bente kjem gjennom alle fasettane av sorg, glede, panikk og sinne. Men da ho erkjenner at ho skal døy, slepper ho kontrollen, lever meir i noet, og sansane blir forsterka.
– Det er sjølvsagt dramatisk stoff i temaet om det å få diagnosen Alzheimers, men det er også mykje poesi når ein ikkje kan bruke ordet som ein plar.
– Iveren frå venninnene etter å gjere alt så godt som mogleg for Bente, blir nærmast komisk og grufull på same tid. Dei blir utstilte, men eg gjer det kjærleg, fortel Rikke og seier:
– Eg vil ikkje kalle meg dramatikar, men eg har funne ut at eg treffer noko når eg kombinerer humor og smerte.
– Stykket er skrive til kvinner, men temaa og tankane om død, tap og vennskapsforhold kan menn også kjenne att. Det er meir dei menneskelege aspekta eg skildrar, så eg håper også at mange menn ser stykket, seier Rikke.