Tilbake til Soga om Egil Skallagrimsson

Egilssoga

Islendingesoga om Egil blir rekna som sjølve meisterverket mellom dei islandske ættesogene.

Islendingesoga om Egil går føre seg på 800- og 900-talet, og er mest truleg skriven ein gong før 1240. Somme meiner det er Snorre Sturlason som står bak, men ingen veit sikkert. Soga blir rekna som sjølve meisterverket mellom dei islandske ættesogene.

Hovudpersonen Egil er ein galning. Men han er òg ein gudbenåda skald. Karakteristisk for Egil er at han skaper kvada sine der og da. Her kjem kjenslene til overflata, og det er dette som gjer Egil til ein motsetnadsfylt og interessant karakter.

Handlinga tek til i Noreg, der vi møter bestefar til Egil, Kveldulv, og dei to sønene hans; den lyse Torolv og den mørke Skallagrim. Alle menn i slekta er anten lyse, vakre, greie og samarbeidsvillige, eller mørke, stygge, ville og hemngjerrige.

Skallagrimsson-2

På denne tida driv Harald Hårfagre og samlar Noreg til eitt rike. Han innfører verneplikt og tøffe skattar og det blir naud og stor politisk uro i landet. Torolv og Skallagrim blir skattlagde hardare enn andre, og dei to brørne startar eit opprør mot kongen. Torolv blir drepen, men Skallagrim held fram med å kjempe til han blir nøydd å fly landet. Han er lyst fredlaus og dreg til Island.

I Borgarfjorð blir Skallagrim høvding, og får to søner; Torolv og Egil. Torolv er den lyse typen, Egil er av det mørke slaget. Som ung dreg Egil til Noreg og ryk straks uklar med Hårfagre-sonen, Eirik Blodøks. Da han mange år seinare seglar på grunn utanfor England, blir han ført fram for Blodøks, som han i mellomtida hadde reist nidstong mot. For å berge livet må han dikte eit hyllingskvad til kongen. I staden for å velje ein ærefull død, vel Egil å dikte seg fri og berge skallen sin med det kjende kvadet Hovudløysinga.

Egil-skallagrimsson-rapper

Egil framfører kvadet Hovudløysen, som reddar hovudet hans frå Blodøks sitt sverd. Foto: Dag Jenssen.

Egil fører eit omflakkande liv etter dette, men alt tek ei dramatisk vending når han mistar sonen Bodvar, som druknar på sjøen. Han stenger seg inne og vil verken ete eller drikke. Men dottera Torgerd får til slutt lokka han fram, og han skriv kanskje sitt finaste dikt, Sonetapet, over den døde sonen.

Lenger følgjer ikkje vi denne handlingsmetta soga om diktaren, vikingen og det samansette mennesket, Egil Skallagrimsson.