Tilbake til OSLO

Draumekanalen

Korleis enda eigentleg eit norsk ektepar opp som fredsmeklarar i Midtausten? spør historikar Ada Nissen.

Kunne verkeleg vesle Noreg bidra til å løyse ei av verdas mest fastlåste konfliktar? Og kva skjedde eigentleg før statsminister i Israel, Yitzhak Rabin og PLO-leiar Yasir Arafat skreiv under den berømte Oslo-avtalen utanfor Det kvite hus i september 1993? Dette er kortversjonen av historia om Oslo-prosessen. Det er ei historie om uventa samantreff, gamle forbindelsar, politisk spel og asymmetriske maktforhold. Det er ei historie om optimisme og djup fortviling.

Les meir om teaterframsyninga om Oslo-prosessen.

Forskaren

I 1989 flytta den 41 år gamle sosiologen Terje Rød-Larsen til Egypt i lag med kona si, diplomaten Mona Juul. Juul, som knapt hadde fylt 30, skulle ha den første posten sin ved den norske ambassaden i Kairo. Larsen var direktør ved forskingsinstituttet Fafo og ivrig etter å finne noko meiningsfylt å arbeide med under opphaldet. Derfor nytta han høvet til å legge til rette for at Fafo kunne gjennomføre ei levekårsundersøking i dei palestinske områda i Gaza og på Vestbreidda.

Ambassaderåd Mona Juul, statssekretær Jan Egeland i UD, spesialrådgiver i Midtøstenspørsmål, Terje Rød-Larsen(gift med Mona Juul) og ass. direktør ved Fridtjof Nansens Institutt Anne Kristin Sydnes (gift med Jan Egeland) på FaFo-festen i 1993. Foto: Bo Mathisen / VG / NTB scanpix.

Planen

Konflikten mellom Israel og palestinarane hadde gått føre seg sidan den israelske staten blei oppretta i 1948. Ueinigheit om rettar til området førte til at millionar av menneske levde under vanskelege forhold. Det gjekk spesielt hardt utover fleire hundre tusen palestinarar som hadde blitt drivne på flukt etter fleire rundar med krig. Resultata frå Fafo si levekårsundersøking blant palestinarane var nedslåande. Det var heilt nødvendig å gjere noko med situasjonen, men kva? Så langt hadde alle internasjonale forsøk på fredsmekling vore mislykka. Konflikten var som ein gordisk knute, meir innvikla for kvart år som gjekk. Men var ikkje poenget med ein gordisk knute også at han kunne løysast på ein resolutt og radikal måte? Ein plan begynte å spire hos Terje Rød-Larsen.

I samband med Fafo-undersøkinga hadde den norske samfunnsforskaren greidd å etablere relasjonar til sentrale aktørar på både israelsk og palestinsk side. I 1992 fekk han attpåtil ordna seg eit møte med viseutanriksministeren i Israel, Yossi Beilin. Her overraska Rød-Larsen med å tilby ein hemmeleg kanal for dialog. Beilin var skeptisk, men skulle vurdere tilbodet.

Det internasjonale biletet

Parallelt med initiativet til Rød-Larsen, gjekk det føre seg offisielle fredsforhandlingar i Washington som amerikanarane leidde.  Heilt sidan Israel blei oppretta i 1948 hadde alle amerikanske presidentar forsøkt å skape fred mellom israelarane og palestinarane. Men ingen hadde lykkast så langt. I 1991 satt leiarane frå Midtausten nok ein gong ved forhandlingsbordet, men også denne gongen var det fleire problem. For det første nekta israelarane å forhandle direkte med den palestinske frigjeringsorganisasjonen PLO, som dei definerte som ein terroristorganisasjon. For det andre hadde PLO gjort seg svært upopulær i den arabiske verda etter å ha støtta Saddam Hussein sin invasjon av Kuwait i 1990. I tillegg var PLO så godt som bankerott. Maktforholdet mellom dei to partane var med andre ord svært skeivt. Dei offisielle samtalane gjekk fort i vranglås.

Den norske forhistoria

For Terje Rød-Larsen baud denne situasjonen på nye moglegheiter. Hausten 1992 inngjekk han eit samarbeid med utanriksminister Thorvald Stoltenberg og statssekretæren hans, Jan Egeland. Planen var å etablere ein norsk bakkanal. Det var avgjerande at det var Stoltenberg og Egeland som sat i UD på dette tidspunktet. Noreg hadde pleidd kontakt med Israel sidan 1948, og Det Norske Arbeidarparti og Thorvald Stoltenberg hadde vore i dialog med PLO sidan slutten av 1970-åra. Ved to høve, i 1979 og 1989, hadde PLO-leiar Yasir Arafat endåtil peika ut Noreg, ein liten, ufarleg Israel-ven og USA-alliert som meklar i ein dialog han ønskte å starte med Israel. Stoltenberg hadde jobba iherdig med å realiserer forslaget til Arafat, men utan hell.

Hemmeleg møte i London

Då Terje Rød-Larsen tok kontakt med UD hausten 1992, hadde altså norsk mekling vore foreslått to gonger allereie.  For Stoltenberg og Egeland passa dessutan ideen som hand i hanske med deira visjon om å synleggjere Noreg som internasjonal fredsmeklar. Fafo kunne fungere som skalkeskjul for eit første hemmeleg møte, medan UD tok hand om sikkerheit og finansiering. Målet var å utforme eit «veikart for fred» som kunne spelast inn i dei offisielle forhandlingane i Washington.

Men i Israel var regjeringa skeptisk. Direkte dialog med PLO var faktisk forbode ved lov. Det gjekk derfor fleire månader utan at noko skjedde. Men så, i desember 1992, tok situasjonen ei ny vending. I all hemmelegheit møtte Yair Hirschfeld, som var ven av viseutanriksminister Yossi Beilin og akademikar med gode kontaktar blant palestinarane, sjefen for den økonomiske avdelinga i PLO, Abu Ala på The Ritz Hotel i London. Her blei dei to einige om å jobbe mot eit møte med Noreg i samarbeid med Terje Rød-Larsen.

Samtalar i Noreg

I januar 1993 møtte Abu Ala og to andre PLO-representantar akademikarane Yair Hirschfeld og Ron Pundak til samtalar i Sarpsborg. Den amerikanske regjeringa var informert, men det var ikkje regjeringa i Israel. Reisa til Hirschfeld og Pundak var nemleg berre klarert med viseutanriksminister Yossi Beilin. Dette innebar at samtalane hadde eit uklart utgangspunkt. Kva for mandat hadde eigenleg to akademikarar til å forhandle?

Den vesle norske gruppa som kjende til samtalane gjorde i alle høve sitt beste for å skape ein trygg og tillitvekkande atmosfære. I tillegg til Terje Rød-Larsen var det berre Mona Juul og statssekretær Jan Egeland samt utanriksminister Stoltenberg og statsminister Gro Harlem Brundtland som visste kva som gjekk føre seg. Planen var enkel. Palestinarane og israelarane skulle komme saman i fredfylte omgivnader og sjølv drive samtalane framover. Nordmennene var upartiske, venlege hjelparar, men blanda seg ikkje direkte inn i diskusjonane.

Etter nokre dagar blei partane einige om eit «veikart for fred», den såkalla Sarpsborgerklæringa. Dette var ei prinsipperklæring som blant anna kravde full israelsk tilbaketrekking frå Gaza, eit internasjonalt hjelpeprogram for dei palestinske områda samt betre økonomisk samarbeid.

Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, da den ble signert i Parkveien 45 i 1993. I midten ved bordet sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst, og rett bak seg har han Israels utanriksminister Shimon Peres den gongen. Holst er flankert av den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir (til høgre) og hans palestinske motpart Abu Ala. Bak Peres står dei tre norske diplomatane som var mest aktive i dei hemmelege forhandlingane; Statssekretær Jan Egeland, Mona Juul og mannen hennar Terje Rød-Larsen. Foto: J. David Ake / AFP / NTB scanpix.

Israelsk oppgradering og kontroll

Yossi Beilin vidareformidla vegkartet til utanriksminister Shimon Peres og statsminister Yitzhak Rabin. Dei to uvitande ministrane reagerte med overrasking og skepsis, men gav til slutt Beilin grønt lys til å forfølgje sporet. Men PLO kunne ikkje halde fram med å forhandle med akademikarar. I mai 1993 oppgraderte derfor Israel representasjonsnivået sitt og sende den høgtståande diplomaten Uri Savir til Oslo som sjefsforhandlar. Denne gongen blei nordmennene instruerte om ikkje å informere amerikanarane. Israel frykta at dei ville bli kritiserte for at dei braut sine eigne prinsipp om å ikkje forhandle med PLO, og at dei ikkje tok forhandlingane i Washington på alvor. No var altså det som gjekk føre seg i Noreg kjent for den israelske regjeringa, men ikkje for den amerikanske. Dette var eit første teikn på korleis Israel evna å kontrollere forhandlingane og bestemme agendaen.

Etter oppgraderinga hardna den israelske posisjonen. I lag med juristen Yoel Singer gjekk Savir tilbake på alle kompromissa i Sarpsborgerklæringa. Særleg Singer hadde lite til overs for tillitsbygging og venleg atmosfære. Ærendet hans var forretningar, og han brydde seg lite om mellommenneskelege relasjonar. I juli 1993 presentere Israel ei ny prinsipperklæring der dei nekta å diskutere substansielle spørsmål om tilbaketrekking, Jerusalem, flyktningar, busettingar og grensekontroll. Denne totale u-svingen passerte utan protestar frå nordmennene som jobba med å legge til rette for forhandlingane, trass i at vendinga var totalt umogleg for PLO.

Den norske rolla blir forandra

På same tid som at Israel oppgraderte, hadde Noreg fått ny utanriksminister. Frå mai 1993 var arbeidarpartipolitikaren Johan Jørgen Holst djupt involvert i prosessen. Medan Stoltenberg hadde ønskt ein uformell kanal, ville Holst at den norske regjeringa skulle vere involvert på høgste nivå. Det norske teamet forlet dermed rolla som fasilitator, og fekk ei meir aktiv rolle som meklar.

I løpet av sommaren 1993 var det norske meklarteamet direkte involvert i samtalar og utforming av avtaleforslag. Holst, Rød-Larsen og Juul reiste til Tunisia og Israel for å samtale med Arafat og den israelske regjeringa. Dialogen med Israel var spesielt tett. Målet var å få Arafat til å forstå at PLO aldri ville kunne få ein betre avtale enn den som no låg føre.

Mens nordmennene hadde halde seg passive da Israel forkasta Sarpsborgerklæringa, jobba dei no hardt for å overtyde Arafat om å bøye seg for Israel. Kva i all verda hadde skjedd med dei upartiske nordmennene som jobba med å legge til rette for forhandlingar? Enkelt forklart hadde dei norske meklarane innsett at avtalen stod og fall på velvilja til Israel. Det ville ikkje bli nokon avtale dersom ikkje alle deltakarane spelte etter Israel sine reglar. Skulle Noreg lykkast med oppdraget sitt, var den einaste moglegheita å følgje Israel sin veg.

Telefonsamtalen

I eit forsøk på å gjere Arafat til lags tilbydde Israel til slutt ein pakke-avtale som inkluderte gjensidig godkjenning dersom PLO gjekk med på Israel sitt krav om utsette alle substansielle spørsmål til seinare. Noreg blei igjen bedd om hjelp til å legge fram forslaget for Arafat. Seint i august 1993 ringde derfor Holst og Rød-Larsen til Arafat frå eit hotellrom i Stockholm mens utanriksminister Shimon Peres sat ved sida av og lytta. Frå eksilet sitt i Tunisia aksepterte endeleg ein pressa Arafat forslaget.

Israels statsminister Yitzhak Rabin, USAs president Bill Clinton og PLOS formann Yasser Arafat ved signering av den offisielle avtalen framføre Det Kvite Hus 13. september 1993. Foto: Gary Hershorn/Reuters / NTB scapix .

Avtalen

Den 13. september 1993 blei Oslo-avtalen formelt signert på plenen framfor Det kvite hus. 3000 inviterte gjestar var vitne til handtrykket mellom erkefiendane Yasir Arafat og Yitzhak Rabin. Vesle Noreg hadde greidd å etablere den draumekanalen politikarar og diplomatar frå stormaktene hadde drøymd om i generasjonar. Problemet var berre måten avtalen var utforma på. Ettersom han ikkje tok for seg substansielle spørsmål fekk ikkje palestinarane nokon garantiar for opprettinga av ein stat, for stans i bygging av israelske busettingar, eller for flyktningar sin rett til å flytte heim. På israelsk side meinte konservative jødar at PLO hadde fått for mykje. Dette fekk mykje å seie for avtalen sitt etterspel. Stikk i strid med intensjonen bidrog Oslo-avtalen til å komplisere i staden for å løyse konflikten. Prosessen som begynte med eit blaff av håp, enda med ei ny rekke konfliktar følgd av djup fortviling. Tjuefem år seinare er det norske initiativet framleis mykje debattert. Mange meiner endatil at avtalen aldri burde vore inngått.

PLO formann Yasser Arafat, Israels utanriksminister Shimon Peres og Israels statsminister Yitzhak Rabin viser fram Nobels Fredspris som dei mottok samla for fredsavtalen. Bildet er tatt i Oslo Rådhus 10. desember 1994. I dag veit vi at avtalen ikkje førte fram til nokon varig fred. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix.

 

TEKST Ada Nissen, historikar tilsett ved UiO med doktorgrad i Noregs fredsarbeid
TIL NYNORSK ved Inger Johanne Sæterbakk