Tilbake til Heisenberg

Det guddommelege i oss

I haust skal Marie Blokhus gi Bjørn Floberg eit skjebnesvangert kyss i nakken.

TEKST Åsne Dahl Torp FOTO Eirik Malmo

Bjørn Floberg er presis. Han sit i Det Norske Teatrets restaurant med ein kopp te, stirer ut i lufta og ventar. Velkjend, men samtidig framand for dei fleste, som nok forbind han med meir og mindre usympatiske roller frå norsk film dei siste fire tiåra. Han har ikkje vore å sjå på scenen på Det Norske Teatret sidan 2001, da han var handplukka av Lars Norén til oppsetjinga hans av November. Skodespelaren har alltid ei dempa ro over seg. Ingen har vel sett Bjørn Floberg eksplodere? Han beskriv seg sjølv som anonym, ein som likar seg best i skuggen, trass i at han har ein jobb som gjer han ganske eksponert.

Til hausten skal han spele den noko reserverte slaktaren Alex, som har eit kontrollert tilvære prega av faste rutinar. Bjørn helsar høfleg og byrjar rose sin kollega og einaste motspelar på scenen i haust, Marie Blokhus.
– Ah. Marie. Ho er sjarmerande nervøs. Veldig talentfull. Kor lang tid har vi?
Men Marie er alt komen. Mellom travle kafégjester i ivrig samtale reiser Bjørn seg og plantar eit kyss på kvart av Maries kinn.
– Eg er sveitt, kjem rett frå prøver, orsakar Marie seg. Ho er sjarmerande, og kanskje lett nervøs. Marie Blokhus var ikkje fødd da Bjørn Floberg starta sin teaterkarriere ved Det Norske Teatret for over 40 år sidan. Men likevel er ho kanskje ein nærare kjenning for dei som har frekventert Det Norske Teatret dei seinare åra, eller har sett henne i film eller på TV. Dei ler og smiler til kvarandre, nysgjerrige på kven den andre er. Til hausten får dei godt høve til å bli kjende, når dei skal stå aleine på Scene 2 kveld etter kveld. I teaterstykket Heisenberg er det Marie som kyssar Bjørn først. Dei skal spele to framande som møtest tilfeldig på ein jernbanestasjon ved at ho utan forvarsel gir han eit kyss i nakken. Derfrå startar eit spennande spel om menneskeleg kjemi, einsemd, løgner og korleis kjærleik og vennskap oppstår.

Korleis liv kan forandre seg dersom ein tek steget og blir kjend med ein totalt framand.

Marie har rolla som Georgie, ei livleg, pågåande og ganske impulsiv dame. Alex kunne ha vore far hennar – likevel utviklar dei etter kvart eit underleg forhold ingen av dei heilt veit kva retning vil ta.
– Eg kjenner ikkje Marie, seier Bjørn. Men eg har sett henne på scenen. Ho er betre enn meg. Det er eit enerverande problem.
Han ser med plirande auge bort på Marie, som tar imot komplimenten med latter, og repliserer at ho har sett han på film, og han var betre enn henne, så da har dei eit godt utgangspunkt:
– Og så er eg litt… Oi, eg litt flau når eg seier dette. Men eg har litt sånn… Eg kan vere ganske frekk i trynet. Men andsynes deg har eg ei slags ærefrykt som gjer at eg blir litt blyg, og det hender ikkje med meg så veldig ofte. Og det er det som gjer at eg gler meg til dette. Eg har ei kjensle av at du er mykje sterkare enn eg. Det kjenner eg at motiverer meg veldig.
– Og eg har ei sterk kjensle av at det der går over etter to prøver, Marie, svarar Bjørn roande.

I fjor debuterte Bjørn Floberg som regissør, med stykket Motortown, som også er skrive av Simon Stephens, dramatikaren bak Heisenberg. Han valde sjølv ut stykket, og kan ikkje få lovprist den britiske dramatikaren nok:

– Eg likar at det er så skodespelarbasert. Det er ikkje så mykje armrom for festleg regi og scenografi. Alt kvilar på uttrykket og kompetansen hos skodespelarane. Regissøren treng berre å styre båten, og la skodespelarane gjere jobben, hehe.

Å kysse nokon i nakken, slik Georgie gjer i Heisenberg, kan virke som ei enorm overskriding, i alle fall i edru tilstand. Det er dei to einige om. Marie legg til at det jo er ein stor kompliment.
– Å kysse ein framand i nakken er berre forteiknet på kva eg har gjort, bryt Bjørn inn, og dei bryt begge ut i latter. Marie blir brått litt alvorleg igjen:

– Eg har ikkje gjort noko liknande, men nokre gonger merker eg at folk eg møter angår meg veldig, og da blir det viktig for meg å finne ut kvifor eg har denne kjensla.

Ho er framleis usikker på kvifor Georgie gjer denne tilnærminga til Alex, men trur det har noko med einsemd å gjere. Dei to har til felles at dei er einsame i livet og saknar nærleik, og kanskje Georgie kjenner dette igjen i Alex.

Dei søker begge kontakt i ei verd som står fram som kald.
Bjørn nikkar anerkjennande over bordet:
– Alle mine kjenningar har eg vel møtt tilfeldig, i alle fall 95 prosent.
– Folk snakkar ofte om tilfelle som mindre verdifulle møte. Eg synest det tilfeldige har like stor verdi som det som verkar planlagt. Truleg går vi glipp av ein heil del fantastiske møte fordi vi ikkje kan ta inn alle tilfeldige møte. Men vi menneske treng å ha kontakt med andre menneske. Georgie er nok i ein ganske desperat situasjon der ho ikkje maktar å vere aleine med sitt eige sinn, filosoferer Marie.

LES MEIR: – Eg tenkjer alltid at teaterets oppgåve er å undersøke kva det vil seie å vere menneske, seier Simon Stephens.

– Dei som kjenner meg, vil seie at alle roller eg spelar, nesten alltid er gjennomsyra av ei form for eksistensiell einsemd. Så den einsemda eg opplever i begge desse karakterane, resonnerer veldig i meg, seier ho, og legg til at ho meiner det er derfor folk kjem til teateret: For å blir trøysta: – Eg trur det finst mange einsame sjeler der ute.

Dramatikaren Simon Stephens seier at alle stykka hans undersøker kva det vil seie å vere menneske. Men dei to skodespelarane har ikkje noko godt svar på det evige spørsmålet på ståande fot:
– Du har ikkje eit vanskelegare spørsmål? spør Bjørn, og det blir stilt rundt bordet ei stund.
– Eg er jo såpass gammal at eg byrjar å oppleve livet som meiningslaust. Kva tener alt dette slitet til, når eg likevel skal forlate det? Den tanken slår meg med jamne mellomrom, og det er plagsamt.
Marie nikkar.
– Ja, den tanken slår meg også, svarar Marie. – Men å undersøke kva mennesket er, er det ikkje det vi gjer uansett kva vi gjer, da? Ligg ikkje det i vår natur? Eg trur veldig på sniktrøysting. Eg opplever at kunst, uansett form, samlande opplevingar som får oss til å kjenne oss som del av noko som er større enn oss sjølve, gir oss ei oppleving av å bli halden omkring. Det har ein slags trøystande effekt.

– Lengsel etter å skape meining i livet og lengsel etter å elske, det er to basale behov. Det er vel det næraste ein kjem ein guddommeleg gnist, legg Bjørn til.