Tilbake til Fugletribunalet

– Det er noko tiltrekkande ved det vi ikkje forstår

Fugletribunalet Marie Blokhus

Marie Blokhus har hovudrolla i Fugletribunalet av Agnes Ravatn. Foto: Fredrik Arff.

Marie Blokhus veit korleis det er å audmjuke seg sjølv dag etter dag. Ho er jo skodespelar. No skal ho spele Allis Hagtorn i Fugletribunalet NRK-kjendisen som har skjemt seg ut for heile nasjonen.

– Forteljinga er så thrilleraktig, så elektrisk. Vi får heile tida akkurat nok informasjon til å henge med, og det gjer det utruleg spennande. Og så er det ei veldig ærleg skildring av kor vanskeleg det er å like seg sjølv av og til. Det trur eg folk kjenner seg igjen i. Og det er godt å få lov til å le av det. Alt dette trur eg vi skal klare å få over på scenen, seier Marie.

Allis er NRK-kjendis, har stått i med kringkastingssjefen og vore utru mot mannen sin. Kollegaene har sett det. Heile Noreg har lese det i avisa. For å få folkesnakk, mediestøy, og ikkje minst si eiga skam på avstand, tek ho arbeid hos ein mann som treng hjelp til å stelle hus og hage.

– Er dette feigt eller modig?

Marie blir stille og vrir seg i stolen. Ser i taket og sukkar.

– Eg veit ikkje om eg vil seie det er modig, men eg trur ikkje ho ser noko anna løysing. Ho ber ei stor einsemd i seg. Det er ikkje nødvendigvis negativt. Eg kjenner meg òg ganske godt igjen i sjølvfordømminga som ho held på med. Kanskje spesielt fordi eg har dette yrket der folk meiner noko om arbeidet ein gjer eller kven ein er heile tida. Slik er det jo også for Allis. Ho er òg ein offentleg person. Eg kan merke at eg somme tider blir litt trøytt av det. Det går veldig inn på meg, seier Marie.

Sidan ho gjekk ut frå Teaterhøgskolen i 2010 har Marie Blokhus hatt hovudrolla i ein spelefilm og ei rekkje store roller på Det Norske Teatret. Ho spelar ei av dei største rollene ein skodespelar kan ha; Hamlet, ho gjestar norske heimar kvar laurdag i beste sendetid som Maria i situasjonskomedien Side om side, og ho er fast tilsett som skodespelar, noko dei færraste får oppleve i så ung alder. Ho innrømmer at det nok er ho sjølv som er den strengaste kritikaren. At ho skulle ønskje at ho kunne vere litt hyggelegare med seg sjølv i periodar.

– Eg fekk veldig vondt av Allis. Herregud, kan du ikkje berre gi deg sjølv litt pusterom? tenkte eg.

– Dette statusfallet, det å rett og slett drite seg sånn ut at du ikkje klarer å sjå deg sjølv i spegelen ein gong, er det noko du kan relatere deg til?

– Ja, eigentleg. For eg opplever at det er noko sjølvdestruktivt ved det. Og det merker eg at eg sjølv er av og til. Det kjem til uttrykk på ulike måtar, eg skal ikkje gå i detalj, seier ho og ler det bort.

I Fugletribunalet fortset fornedringa for Allis når ho kjem til mannen ho skal stelle for. Bagge er slett ikkje gamal og pleietrengande, men ein yngre mann. Kjekk og mystisk. Det byrjar med at Allis er tenestejenta, ikkje ein gong verdig til å ete i lag med mannen i huset. Men det endar i eit destruktivt kjærleiksforhold.

– Ved å gå inn i ein relasjon med mannen ho skal stelle for, utset ho seg for nok ei krenking. Ho klarer ikkje å stoppe seg sjølv. Eg kan absolutt kjenne meg igjen i å bli dratt mot sånne ting, det som er skambelagt og… ja, så feil. Det er vel derfor Allis har så sterkt behov for å sone for krenkinga si, den er sjølvpåført.

Fugletribunalet er full av vakre naturskildringar. Marie Blokhus er frå Tverlandet, ei lita bygd mellom fjord og fjell utanfor Bodø. Ho kjenner seg sterkt knytt til naturen, til fjæra. Korleis den tek henne imot på same måten uansett kva positive og negative ting som har hendt i livet. Naturen som berre er der, uansett. Dette rømmer Allis til. Men det blir ikkje heilt slik ho har tenkt.

– Allis trur jo at det er ein pleietrengande person ho skal hjelpe når ho drar dit, og ser nok for seg at det skal vere ei mykje større flukt enn det det faktisk blir. Ho flyktar ifrå eigne mønster, sitt begjær og sin personlegdom. Men så kjem ho dit og går inn i eit nytt forhold til denne mannen der ho blir enda meir sjølvdestruktiv. Sjølvutslettande. Og synest til og med at det er spennande! Ho klandrar seg sjølv for at ho gjer det, men held fram. Det ho flyktar frå er jo inne i henne, derfor repeterer ho berre dei same mønstera, analyserer Marie.

– Men kven er eigentleg Bagge? Kva er så fascinerande med han?

– Han framstår for meg som ein veldig mystisk person. Det er jo eitt eller anna veldig mørkt ved han. Dei har jo begge noko dei flyktar frå. Han har jo òg eit ganske sadistisk, eller, maktutøvande forhold til dei som knyter seg til han. Medan Allis har kanskje ei meir sjølvplagande legning. Når desse to møtest, hamnar dei i desse respektive rollene. Samstundes straffar dei begge seg sjølv for at dei har denne dragninga. Så det blir eit forhold fullt av doble spenningar. Ein giftig balanse, seier Marie. Ho let seg fascinere av det mørke ho ikkje forstår.

 

Tekst: Åsne H. Dahl Torp.