Tilbake til Påfuglen

Dagny Drage Kleiva – scenograf

Dei to produksjonane som eg skal lage scenografien for i haust, er svært ulike, sjølv om fugl går igjen i tittelen.

Påfuglen har ein laussleppt og litt improvisert estetikk. Stykket handlar i korte trekk om påfuglmora som reiser frå Fugleland, ungane og heimen sin i håp om å skaffe mat og pengar. Ho drar til Hundeland, som ligg langt nord og er eit kaldt, men godt fungerande samfunn. Parallellen til romfolket ligg under, og dette ville eg syne i det visuelle. Ein stor del av romfolket bur i svært usle kår i slumområde utanfor storbyar. For å overleve arbeider mange med å finne ting dei kan selje frå søppelfyllingane. Til liks med romfolket er påfuglane nedst på rangstigen i Fugleland. Men dei lever i ei verd prega av mange varme fargar og mønster – både i scenografi og kostyme. Samstundes er det møkkete og ekkelt der. Vi har fylt scenen med madrassar med alle moglege trekk for å skape assosiasjonar til fyllinga, til det utflytande og det skitne. Kontrasten til Hundeland er slåande. Her lever dei velorganiserte og dei rike, og dei minner mykje om oss nordmenn. Som eit bilete på det komfortable samfunnet fyller vi denne verda med dyner som skjuler madrassane, og som samstundes er veldig beskyttande. Teppet av dyner kan også minne om eit kaldt og snødekt landskap.

På Scene 2 derimot skal eg lage eit langt strengare scenerom. Eg vil fange det som kjenneteiknar teksten til Leikvoll i Songfuglen, og ønskjer å vise korleis noko kan vere brutalt og vakkert på same tid. Råe betongveggar fylte med kulehol kan gi assosiasjonar til eit samfunn etter ein krig, eller ein revolusjon, og skal fungere som ein kontrast til venleiken som ligg i musikken og songen. Med det harde uttrykket ønskjer eg også å forsterke opplevinga av kjærleiken som veks fram på scena. Kostyma er ikkje frå ein spesiell periode, eller noko bestemt område. Men dei er ganske nøkterne og har referansar til seint 20-tal, tidleg 30-tal og tida før andre verdskrigen, medan maske og sminke er meir ekspressive og inspirerte av 80-talet – tida før muren fall. Stemninga i rommet minner også om eit totalitært samfunn der menneske lengtar etter fridom til å leve det livet dei vil. Det blir ein kontrastfylt haust.

 

Fortald til Ida Michaelsen. FOTO Siren Høyland Sæther