Tilbake til The Book of Mormon

Anette Amelia Hoff Larsen – aktuell som Nabulungi

Denne musikalen er ein godtepose av humor, punchline og drive!

Eg trur aldri eg har vore på teater og ledd frå først til sist. Dét gjorde eg då eg såg Book of Mormon i London. Dessutan var det utroleg kult å sjå aldersspennet i salen. Eg sat ved sida av ei dame på 50-60 år som lo så høgt, og eg tenkte: Har vi same humor?! Framfor meg satt nokre 20-åringar som lo akkurat like mykje. Det var som om heile salen var på same bølgjelengd.

Eg speler Nabulungi, ei jente i landsbyen i Uganda. Ho er dotter av Mafala, og blir kjærleiksinteressa til Eldste Cunningham. Ho drøymer om eit betre liv og trur at det finst eit draumeland som ho kan komme seg til om ho berre omfamnar denne mormonartrua. Så det gjer ho og får med seg heile landsbyen i å stå opp mot den valdelege generalen. Songen «Sal-tlay-ka-siti» er ein av låtane i musikalen som tek alt ned, som viser naivitet, sårheit og håp. Det er også viktig i ein sånn samanheng.

Les også: Preben Hodneland – aktuell som Eldste McKinley.

Mykje i denne framsyninga er veldig drygt. Men så merker du at andre rundt deg i salen ler, og det er liksom ein forløysande latter. Det som er genialt med The Book of Mormon, er at dei midt i all humoren har fletta inn så mange viktige tema. Du gir folk latter ein kveld, men forhåpentlegvis også ettertanke.

Les også: lars Bleiklie Devik – frå Ylvis til The Book of Mormon.

Det er Are Kalvø som har omsett stykket, og eg er så glad for at det skal spelast her på Det Norske Teatret. Eg trur det blir mykje morosamare på nynorsk! Men det er det sjølvsagt publikum som avgjer. Eg trur iallfall det blir bra, og eg gler meg!

Fortalt til Erlend Tårnesvik Dreiås Foto Siren Høyland Sæter