Tilbake til Solaris korrigert

Intervju: Ane Dahl Torp fyller rommet

Ane Dahl Torp har lært seg å ta stor plass. Det treng ho når ho skal gje liv til framtidsfabelen Solaris korrigert, åleine på hovudscenen.

FAKTA:Fødd: 1975 i Bærum
Utdanning: Gjekk ut frå Teaterhøgskulen i 1999
Teater: Tilsett ved Det Norske Teatret frå 2002, der ho mellom anna har spelt i Hamlet, Mor Courage, Det gode Mennesket frå Sezuan og Haugtussa
Film og TV: Gymnaslærer Pedersen, Svarte penger, hvite løgner, Kvinnen i mitt liv, Kodenavn Hunter, Lønsj, 1001 gram, Bølgen
Tekst: Bår Stenvik / Foto: L-P Lorentz, Stig Håvard Dirdal m. fl.
Året var 2001, og Ane Dahl Torp skulle i ein alder av 26 år spele Hedda Gabler i Ålesund.

Ho hadde gjort den same framsyninga fleire gonger på Teatret Vårt i Molde, og var godt van med den vesle salen der. Men då ho gjekk ut på den store scena i kulturhuset i Ålesund, skjønte ho at det var noko heilt anna. Der vi sit i ein kafé på Majorstua, strekker ho ut handa og peikar på det store vindaugsbordet.

– Om det bordet der er scena, så var eg ei ert! Og det var heilt umogleg for den erta å spele teater. Lenge etter det kjende eg at store rom var vanskeleg. Seinare har ho spelt på mange store scenar,
og i vår dominerte ho hovudscenen på Det Norske Teatret i rolla som Mor Courage. Men no i haust skal ho ta det eit steg lenger og fylle den store scenen heilt åleine, i ei framsyning basert på Øyvind Rimbereids dikt Solaris korrigert.

Heldigvis har ho gjort seg mange erfaringar sidan den gongen ho var fersk skodespelar i Ålesund. Ho har jobba mykje med film og tv, fått Amanda-prisar for rollene sine i Svarte penger, hvite løgner (2004) og Gymnaslærer Pedersen (2006) og Lønsj (2008) og Gullruten 2007 for rolla i Kodenavn Hunter (2007). På scenen har ho gjort alt frå gresk tragedie til forviklingskomedien Boeing Boeing, og sidan den gongen i Ålesund har ho lært meir om å handtere dei store scenane.

Ane-Dahl-Torp-i-fleire-rollar-på-film

Ane Dahl Torp i rolla som Leni i Lønsj (2008), frå filmdebuten Kvinnen i Mitt Liv (2003) og som kommunisten Nina Skåtøy i Gymnaslærer Pedersen.

– Eg hugsar då eg spelte Masha i Måken. Ho er slapp og sur, og eg tenkte: Går det an å vere så slapp på hovudscenen? Det gjekk, og det var morosamt, fortel Dahl Torp, for ho hadde god hjelp av at rolla var så svart og tydeleg. Men andre roller var hardare å hanskast med.
– Som skodespelar må du ønskje at folk skal sjå deg. Det kan vere vanskeleg, for somme gonger har du ei rolle som vil gøyme seg. Då eg spelte i Antigone i Grimstad i 2004, var det eit svært rom ute, og rolla mi var Ismene. Bentein Baardsen var så fin med meg og sa: «Ane, du må male med breiare pensel», men eg fekk det ikkje til, for Ismene ville ikkje bli sett, og korleis skal du spele ei rolle som ikkje er for dei store romma i eit stort rom? Det greidde eg nok ikkje den gongen, trur eg. Det var først då ho fekk hovudrolla som Shen Te i Det gode menneske frå Sezuan på Det Norske Teatret, at ho kjende at ho meistra rommet fullt ut.
– Det var første gongen eg kjende sånn: «Asj, eg er ikkje lita!»
– Kva var det du fann?
– Det er noko som bur på innsida av ein. Ei evne til å kjenne seg stor, sjølv i eit stort rom. Stort inntrykk på publikum og kritikarar gjorde ho òg – den rolla sytte for at ho fekk Heddaprisen i 2012. Juryen skrytte av hennar «nyanserte, truverdige og gjennomførte framstilling» og kalla det ei «strålande og overtydande tolking».

Ane i filmen Bølgen (2015), 1001 gram og som Shen Te i Det gode mennesket frå Sezuan (2012) som ho fekk Heddaprisen for.

Dahl Torp har fått mykje skryt opp igjennom åra, og det byrja allereie då ho spelte heksa i Bærum barneteater si Snøkvit-oppsetting som fjortenåring. Ho hugsar det godt enno, kor stort det var då venninna Anna Bache-Wiig ringde og sa: «Ane, det står om deg allereie i ingressen!» Meldaren vedgjekk at det ikkje sømde seg å trekke fram enkeltaktørar i eit barnestykke, men den unge heksa var så talentfull at her måtte ein gjere unntak.

Som skodespelar må du ønskje at folk skal sjå deg. Det kan vere vanskeleg, for somme gonger har du ei rolle som vil gøyme seg.

Dahl Torp beskriv seg sjølv som ein «heilt vanleg» unge. Interessa for teater og litteratur kom tidleg, med noko rettleiing heimafrå.
– Mor mi prakka på meg bøker. Ho la fram dei som ho trudde eg ville få glede av, og det stemte ofte. Språkinteressa kom også tidleg, med ein norsklektor til mor og språkprofessor til far.
– Eg er jo flaska opp med Norsk Barneblad og Rune Belsvik, og har støtt vore god i nynorsk. Det har vore ein stor fordel med den kjensla for språk eg har med meg heimanfrå. Særleg no, når ho skal i gang med Rimbereids kakofoni av språkimpulsar, skulle ein tru. Ho opnar Solaris-manuset og peiker.
– Eg ser det står «miner robots», skal eg då legge norsk eller tysk uttale til grunn, korleis skal eg seie det? Slikt tykkjer eg er morosamt. Øyvind Rimbereids dikt frå 2004 tek oss med til Noreg i året 2480. Forteljaren snakkar om arbeidet sitt med å styre robotane som held oljeinstallasjonane i sjøen like utanfor Stavgersand – truleg namnet på gamle Stavanger og Sandnes som har vokse i hop. Diktet fortel om at menneska snart skal flytte ned i dei tomme oljebrønnane, kanskje vekk frå ei katastrofe av noko slag. Der skal alle konverterast til digitale kopiar av seg sjølve i ei ny «mirrorvorld». Ane Dahl Torp får ei stor oppgåve med få fram heile universet gjennom tekstens eg-person. Eller, ein «aig-person» er det, sidan heile diktet er skrive i det same bastardspråket av norske, engelske og tyske ord, eit framtidig babelsk sett saman av alle språka rundt Nordsjøen.
– Det aller første eg tenkte var at det her var vanskeleg å skjøne, seier Dahl Torp om sitt første møte med teksten då ho sette seg ned med han ved kjøkkenbordet heime.
– Men så kjem du inn i det og venner deg til det. Eigentlig er det ikkje verre enn kvar gong eg er i England på teater. Då tenkjer eg støtt dei første minutta at eg kan jo faen ikkje engelsk.
– Har du funne ut korleis du skal lese Solaris-språket?
– Eg trur det høyrest litt norrønt ut. Eg skulle gjerne likt at det høyrdest litt afrikaansengelsk ut, som rapgruppa Die Antwoord. Men eg skal ikkje gjere meg for mykje til.

Ane-Dahl-Torp-i-Solaris-Korrigert

Plakatbilete til Solaris Korrigert som har premiere på Hovudscenen 16. oktober 2015

Ho les nokre linjer:
– Wat vul aig bli / om du ku kreip fra /din vorld til uss? Skeimfull, aig trur.
Så ser ho ut i lufta.
– Det nærmar seg nok noko norrønt, ja, og det høyrest ikkje stygt ut, det.
Når ein skal setje opp eit stykke som går føre seg i ei framtid med ny teknologi og framande idear, finst det ein lang tradisjon av kjende stilar å ta av. Solaris korrigert sender tankane til sci-fi-univers som The Matrix, Blade Runner og Brave New World, og Dahl Torp og dei andre som er med å lage framsyninga har allereie mange tankar om korleis dei skal lage sin eigen variant. Ho har støtt vore god til å danne seg indre litterære univers, eller «eigne picts» som ho seier – nokre Rimbereid-ord frå teksten har alt byrja å snike seg inn i hennar eigne setningar.
– Eg hugsar då eg gjekk i førskulen, hadde vi ein sivilarbeidar som las Hobbiten for oss. Me gjekk opp på loftet i barnehagen, og eg hugsar at det ein gong pila ei mus over golvet mens me sat der. Handlinga i boka hugsar eg slett ikkje, men universet står klart for meg. Og ei oppleving av univers som me ikkje har sett, det er også noko eg leiter etter når eg les ein tekst eg skal jobbe med. Den kjensla av universet er ekstremt viktig, den er kammertonen for framsyninga.

Dahl Torp er ikkje heilt åleine i arbeidet, fleire er med på laget som skal dyrke fram universet: Scenograf og kostymedesignar Unni Walstad, lysdesignar Kyrre Heldal Karlsen, videodesignar Roger Gihlemoen, komponist Sjur Miljeteig, dramaturg Ola E. Bø og regissør Peer Perez Øian.
– Peer har eg jobba med i Hamlet, Sjuk ungdom og Antichrist, så vi kjenner kvarandre godt. Peer gjer det ofte vanskeleg for seg sjølv, for han liker sånne pain in the ass-skodespelarar som meg, med mange meiningar. Eg hugsar at vi var fem stykk som sat på ein Hamlet- prøve og sa «Men kva om du …» Til slutt måtte han seie «Hysj, ver stille no eller gå, her er det eg som er regissør.» Ho ler høgt.
– Med Peer kan eg stole på at han seier frå, og då slepp eg å lure på om eg trakkar på tær, gjennom å ta for stor plass eller gå for langt utover skodespelar-rolla. Dei siste åra har ho vorte meir og meir interessert i å vere med og forme heilskapen i ein produksjon, seier ho.

Wat vul aig bli / om du ku kreip fra /din vorld til uss? Skeimfull, aig trur.

–  Tidlegare såg eg meg sjølv som ein fullblods skodespelar, ei som var oppteken av dei små historiene, ikkje dei store. Indre liv og kjøtt og blod var det einaste eg brydde meg om i mange år. No fangar eg ofte opp den delen ganske fort og intuitivt, så eg har vorte meir opptatt av større spørsmål, som Kva vil vi seie med denne framsyninga? Når det kjem til Solaris, vil ho gjerne tøye diktet i ulike retningar, så ho kan gå utanfor eg-stemma, og ho vil heller ikkje avgrense seg til storslått, framandt sci-fi-scenario.

– Eg vil òg gjere det heilt daglegdags. Det er ei linje i diktet der eg seier «tarmar infectad». Det kan eg til dømes gjere heilt sånn, hei publikum, eg var hos legen i går. Ho slår ut med armane.
– Og så kan vi gå frå dét ut til heile svære universet med stjerner og planetar. Det må vere med, synest eg, på ein eller annan måte. Sjølv om handlinga ikkje går føre seg ute i verdsrommet, ville eg kjenne meg snytt om det ikkje var med, for det er science fiction, trass alt. Og eg vil ha litt sånn Kraftwerk. Sjur har laga nokre skisser, og musikken blir dritkul, noko heilt anna enn til Haugtussa. Haugtussa, framsyninga der ho tolkar Garborgs diktsyklus saman med musikar og komponist Sjur Miljeteig, har blitt vist 50 gonger på Det Norske Teatret og ute på turné. Miljeteig skal dele scenen med henne på Solaris korrigert òg, og slik blir det ei vidareføring av samarbeidet deira.
Haugtussa var ein milepæl for meg, ikkje berre fordi vi i så stor grad laga ho sjølv og ho vart ein stor suksess, men også av di ho opna nye rom for meg som skodespelar. Eg har til dømes vorte meir oppteken av alle dei rare fargane du kan bruke i stemma. I Haugtussa brukte ho mellom anna ein effekt på stemma som gjorde ho grovare, for å gje liv til mørkemaktene på skrekkfilm-vis. I Mor Courage hadde ho ingen elektronisk assistanse, men kunne uansett gå frå skarp fresing til mørk Elvis-klang i same replikk, og i ei scene gav ho åleine stemme og kropp til alle karakterane som var til stades. Det var også første gongen ho hadde hovudscenen for seg sjølv i ei framsyning. Og ho var ikkje redd lenger, som den gongen i Ålesund.
– Då eg jobba med den monologen, tenkte eg på Solaris korrigert, korleis det ville bli. Og eg gler meg!
– Du har gått frå ert til stjerne? Ho skrattar.
– Ja, for målet er jo ikkje berre Hovudscenen denne gongen, men heile universet!