Tilbake til Fulle folk

Skodespelar Agnes Kittelsen: Emosjonane kjem til overflata når vi er fulle.

Aktuell som Magda i FULLE FOLK, i BU BETRE og som Agnes i BRAND.

 

Dei er jo veldig, veldig fulle, alle karakterane i Fulle folk. Eg trur vi må angripe stykket kroppsleg, at det blir fysisk. Og så er det ein god tekst! Den handlar djupast sett om det å vere menneske, å ønskje å bli forstått, finne sanning, bli elska. Emosjonane kjem til overflata når vi er fulle. Vi vil føle noko, kjenne noko!

Magda feirar at ho har gifta seg. Ein skulle tru at det var den største stadfestinga på kjærleik ein kan få, men ho treng fleire forsikringar om at mannen elskar henne, og det får ho gjennom denne kvelden. Det er eigentleg ei søt historie.

Eg har faktisk aldri hatt det så gøy eller hatt så komplekse roller, som det eg har no etter fylte tretti. Eg kjenner meg som ein mykje betre skodespelar i dag enn for ti år sidan. Agnes-rolla i Brand kunne eg ikkje ha spelt som 21-åring. Det er heilt essensielt for meg å spele teater. Det er eit sosialt arbeid, der ein heile tida må opne seg opp for kvarandre og gjere seg sårbar. Fellesskapet rundt det… Det gjer meg audmjuk. Det rører meg gong på gong.

Bildekunst inspirerer meg. I det heile hentar eg mykje frå andre kunstformer. Musikk, til dømes, det bruker eg ofte i rollearbeidet. For å finne Magda-rolla ser eg for meg at eg kan hente litt inspirasjon frå å observere, kanskje tenke meg tilbake til eg var yngre. Kanskje må eg gjere ekte research? Ha-ha

 

Fortalt til: Åsne Dahl Torp. Foto: Siren Høyland Sæter.