Tilbake til Abrahams Barn

Trond Bakkevig: Å vere kristen i Noreg

Det er godt å ha ein stad å gå til, sa Trond Bakkevig til seg sjølv, da Det Norske Teatret spurde om han ville skrive om ”korleis det er å leve som jøde, kristen og muslim i Noreg i dag”.

TEKST: Trond Bakkevig, prost i Vestre Aker prosti (teksten er skrive i 2011, etter åtaka på Utøya)

Utanfor Domkyrkja blei det lagt ned friske blomar. Inne i Domkyrkja blei lys tende. Bøner og helsingar blei lagde i ei bønekiste eller på det såkalla sølvalteret. Ved kyrkjer over heile Noreg blei det lagt ned blomar, tent lys og skrive helsingar. Ein stad ville ordføraren i nøytralitetens namn at rosetoget skulle gå til Rådhuset. Toget gjekk dit – og vidare til kyrkja, utan at verken prest eller ordførar hadde bestemt det!

Det er godt å ha ein stad å gjere av sorga, angsten og lengslene. Kyrkjerommet er staden for ei tilhøyrsle som famnar fleire enn berre dei som i det daglege er engasjerte i kyrkjelydsarbeid. Der er det mogleg å sitje på første benk, bak ei søyle, på bakarste benk og også ta seg ein tur ut på kyrkjetrappa. Rommet gir i alle fall ei tilhøyrsle – og rommet er orientert mot ei altertavle eller eit krusifiks, mot det som fortel om sentrum i kyrkjas liv.

Men kva er det å vere ein kristen? Ein kristen i Noreg i dag? Er det å vere ein fast kyrkjegjengar, ein som under dyna knepper hendene i ei stille bøn, ein som er medviten om å høyre heime i ein kristen kulturtradisjon?

”Noreg er jo, trass i statskyrkja, eit noko sekularisert samfunn der religiøse ytringar uansett forteikn vil bli lagt merke til,” sto det i e-posten frå Det Norske Teatret. Kanskje vil somme, etter sommaren 2011, stille spørsmål om kor djupt sekulariseringa stikk.

Det finst ikkje noko nøytralt livssyn. Alle livssyn har tilknyting til ein tradisjon, til noko som er overlevert.

Tilknytinga kan vere motstand, ho kan vere passiv godtaking, eller ho kan vere eit ønske om aktivt å føre tradisjonen vidare. I alle tilfelle vil tradisjonen prege ein person.

Min identitet er knytt til eit livssyn, ein av dei religiøse tradisjonane som har prega Noreg, og som er blitt prega av Noreg. Norsk kristendom er prega av at det norske folks historie og norsk kyrkjehistorie i over tusen år er vovne saman. Den eine historia kan ikkje forteljast utan at den andre også blir fortald.

Samtidig er kyrkjehistoria og mi tru knytte til forteljingar og ein tradisjon som er større enn norsk historie og norsk kyrkjehistorie.

Ho tok til i Jerusalem og har forgreiningar over heile verda. Å bli døypt er samtidig å kunne rekne kyrkjehus og kyrkjelydar over heile kloden som del av mitt liv.

Og – slik framsyninga i kveld viser, har jødedom, kristendom og islam dei same anane, men dei er ikkje tre utgåver av ein religion. Dei er tre og ulike religionar. Til alle tider har det funnest politiske og religiøse leiarar som vil bruke religion til å dyrke spenningar og skape konfliktar. Sommaren 2011 fekk det lagnadstunge konsekvensar i vårt land. Det same har skjedd og skjer til andre tider og på andre stader. Truande og leiarane deira i dei tre religionane har eit spesielt ansvar for å bruke den felles arven til å leite frem de kjeldene i sin egen religion som kan byggje fred og fremme rettferd.

Å leve som kristen i Noreg i dag er for meg å leve i samtale med truande og ikkje-truande. Ein samtale som handlar om tvil, tru og kristen tru.

Det er å arbeide for at vi saman kan forme eit samfunn lokalt og nasjonalt der det blir godt å leve. Det er å engasjere meg for at Noreg kan bidra til at fred og rettferd kan prege det internasjonale samfunn. Det er å leve i ein slik truskap mot mi eiga tru at eg lyttar til, lærer av og respekterer andres tru.