Tilbake til Johnsen og Johnsen i live

Å prate eller ikkje prate – det er spørsmålet

Held vi ikkje ut i lag med folk som bablar, blir vi sittande igjen aleine, skriv omsetjar Marita Liabø.

TEKST Marita Liabø

Å kor lei ein kan bli av prat – orda folk lirer av seg. Popstjerner. Eigedomsmeklarar. Sjefen. Kona. Naboen som seier ‘ikkje sant’ heile tida. Kollegaen som alltid overdriv. Dei som rakkar ned på andre. Nettrolla. Å, kor folk gnålar. Politikarar. Journalistar. Forfattarar. Will Eno, for eksempel, pakkar veldig mange ord inn i eitt stykke.
Men vi heng med. Vi les. Vi lyttar. Vi responderer. Det er det som gjer oss til folk: Teier vi, blir vi ikkje kjende med kvarandre. Lyttar vi ikkje, blir vi ikkje venner. Held vi ikkje ut i lag med folk som bablar i utide, snakkar for høgt, mumlar eller held kjeft på feil plass, blir vi sittande igjen aleine.

Will Eno blir samanlikna med Beckett og Pinter; det som skjer og blir sagt på scena, kan verke irrasjonelt og meiningslaust. Eno har sagt at då han skreiv Johnsen og Johnsen i live, ville han skape noko heilt realistisk og naturalistisk. Dialogen, der fire personar pratar forbi kvarandre meir enn med kvarandre, blir til tider absurd.

JOHN: Eg er ikkje den som er opptatt av detaljar.
JENNINER: Før var eg ikkje det. Eg liker huset dykkar.
JOHN: Nei, det gjer du ikkje. Har du lyst til å gjere det der, der ein tenker på eit tal mellom éin og ti?
JENNIFER: Greitt.
JOHN: Har du nokon gong hatt ein bror?

John-og-Pony-Johnsen-pratar

Foto: Dag Jenssen.

Samtidig har Johnsen og Johnsen i live eit plot og karakterar vi kan identifisere oss med. Jennifer, Bob, Ponny og John prøver, slik vi alle gjer, å sette ord på tankar og kjensler. Vi bruker orda vi har lært fordi vi ikkje har andre måtar å uttrykke oss på, men ofte er dei berre forstyrrande. Og når ein prøver å reflektere over kor vanvittig det er at ein (1) lever og (2) evnar å tenke, ytre seg og bli forstått, blir ein så ør at det er betre å våse om vin og interiør.
Som John seier:

Du skjøner ikkje kva eg seier. Ikkje din feil. Ord hjelper ikkje lenger, uansett. Det er berre kroppar og lys. Folk seier det er død og avgifter, og det er sjølvsagt vel og bra, men, nei, for meg er det kroppar og lys. Til syne, ute av syne, det er det heile. Veit du kva eit klystofom er?

Livet går sin gang, same kva du seier, og så døyr du.

Bob-og-Jennifer-pratar.-Bob-ler

Foto: Dag Jenssen.

Orda du les no, på denne sida, blei til i eit møterom i Libanon, like ved grensa til Syria. Scena ser slik ut: Rundt tretti personar – vaksne og ungdommar – sit på benkar rundt ein kakkelomn. I eit hjørne står eit juletre pynta med raude kuler. I eit anna hjørne står eit fjernsyn. Fjernsynet står på; vi ser ein såpeopera. Bak ein staseleg skrivepult står ein eldre, dresskledd ordstyrar. Temaet er samarbeid og kommunikasjon – fred, meir eller mindre. Libanon, som består av kristne, sjiamuslimar og sunnimuslimar i halvskjønn foreining, iblanda flyktningar frå Palestina og Irak, har nemleg tatt imot 1,5 millionar flyktningar frå Syria, og no er Libanon, som ikkje er større enn Rogaland, nær ved å kollapse. Søppelet flyt, fengsla er overfylte, skulesystemet hanglar, regjeringa sjanglar og folk manglar vatn og straum. Enno er det vanleg å ha slaveliknande hjelp frå Etiopia eller Filippinane i huset, men prisane stig og folk mistar jobben.

Dei syriske flyktningane får ikkje lov til å jobbe, så dei utkonkurrerer libanesarane ved å jobbe svart for luselønn. Husleiga er høg, sjølv i teltleirane. Skulen kostar, legehjelp kostar og syrarane får uansett lov til å flytte på seg; kvar veg blir kontrollert. Libanesaren i gata seier: ‘Send dei tilbake til Syria. Hjelp dei der – ikkje her.’ Syraren i flyktningleiren seier: ‘Vi mista alt, men her er det verre. Vi må til Europa.’ Søreuropearen seier: ‘Vi kan ikkje ta fleire. Nord-Europa må ta dei.’ Nordeuropearen seier: ‘Dei må då for faen kunne rydde opp sjølve nedi der.’ Nordmannen på julegåvehandel seier: ‘Gud, det er hektisk. I dag er det julebord, i morgon er det teater, og eg berre … Nei. Snakkast.’

Jennifer-og-Bob-Johnsen-klemmer-

Foto: Dag Jenssen.

Eg burde lytte, alvorleg, til alt som blir sagt om krig, fred og samhandling, men nei, eg rablar: Alt som blir sagt på arabisk, blir omsett til engelsk og vice versa, og tolken eg har ved sida av meg, trur at eg noterer kva som blir sagt, men det eg er opptatt av, er kva som skjer på fjernsynsskjermen: Ei vakker, nydusja kvinne får besøk av ein vakker mann. Dei kranglar. Han går. Med eitt slåst han med tre menn. Så er det reklame. Ei nydeleg, blond kvinne skiftar bleie på eit spedbarn.

Ein mann joggar. Ein mobiltelefon er fantastisk. Rundt meg blir det snakka og kviskra. Enkelte gomlar på eit eller anna. Det pip i telefonar. To nye menn kjem inn i rommet. Det blir helst høglydt, hjarteleg. Eg høyrer sirener. Mannen i dress taler igjen. Eit slags vil-du-bli-millionær-program tar over for såpa. Eg er svolten; eg tenker på mat. Og så må eg uttale meg om eg veit ikkje kva. Eg seier noko om midnattssola. Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg er Ponny i Johnsen og Johnsen i live: ’Eg prøver å utvide horisonten,’ seier ho. ’Eg prøver å sjå ting i auga. Eg meiner, ikkje alt.’

Livet går sin gang, og så døyr vi.