DISCO, KONFETTI, KJÆRLEIK – OG DØD

Romeo og Julie finn seg sjølve og kvarandre. Men døden innhentar dei og kjærleiken deira.

ROMEO OG JULIE
Premiere 5. mars kl. 17.30
Scene 2, Det Norske Teatret

Romeo og Julie er tenåringar og sprengfulle av kjensler. Dei veit enno ikkje heilt kven dei er, men kjenner seg annleis enn andre. Dei lever i ei brutal verd av vald og maktspel, men stiller seg på sidelina. Framandgjorde for vennene og foreldra. Den pågåande konflikten mellom familiane deira har ingenting med dei å gjere. Dei vil berre elske nokon. I kvarandre finn Romeo og Julie ein som forstår, som elskar for den dei er. At dei to ikkje kan få kvarandre gjer berre tiltrekkjinga sterkare. Og farlegare. Forelskinga blir ein flukt frå den harde og uforsonlege verkelegheita, men også eit opprør mot foreldra.

UNG OG FRISK SHAKESPEARE

Shakespeares Romeo og Julie er ungdommeleg kjærleik. Denne gongen er det Axel Gherken Bøyum, kjend frå NRK-serien Øyenvitne, og den ferske skodespelaren Kjersti Dalseide som skal spele dei unge elskande. Regien er ved Maren Bjørseth, utdanna i Nederland. Ho ønskjer å lage ei visuell og humoristisk framsyning med vekt på ungdommelege kjensler. Scenograf Olav Myrtvedt har skapt ei treborg med klatrevegg og utstyrt skodespelarane med kjeppar i staden for sverd. Det blir fest med eurotrashmusikk, discolys, konfetti og maskespel. Og så klart blod – og død

DEI PASSAR IKKJE INN

– Romeo og Julie treng kvarandre for å bryte ut, for å flykte vekk frå den håplause verda og foreldrefeiden som ikkje har noko med dei å gjere, seier regissør Maren Bjørseth (30).
Les heile intervjuet med regissør Maren Bjørseth

DESPERAT FORELSKA

Axel Gehrken Bøyum (20) og Kjersti Dalseide (29) spelar det forelska unge paret som vel døden framfor å leve utan kvarandre.
Les intervju med Romeo og Julie