Det skjøre livet

Det Norske Teatret og Dramatikkens hus har inngått ei avtale om å sette opp sju nye norske teatertekstar. Først ut er Eirik fauskes åstaddikting, om kor brått livet kan endre seg for alltid.

ÅSTADDIKTING
AV EIRIK FAUSKE
URPREMIERE LAURDAG 25. FEBRUAR KL. 18.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

– Teatera har opna seg for ny norsk dramatikk, og slik vil det halde fram, seier teatersjef Erik Ulfsby, som i år kunne skilte med heile 10 av 12 norske urpremierer på vårrepertoaret. I år starta i tillegg Det Norske Teatret og Dramatikkens hus eit samarbeid der sju nye norske scenetekstar skal bli sette i scene.

Livet som togreise

åstaddikting av Eirik Fauske er første tekst ut. Utgangspunktet for tekstarbeidet var Åstaulykka, men prosjektet har utvikla seg til å bli som ei togreise der vi følgjer heilt vanlege menneske i augeblikk som endrar retninga på livet deira. Det store smellet, eller hendinga som opnar for tankar rundt dei store spørsmåla, viser tydeleg kor skjørt livet kan vere.

Tablå og situasjonar

Eirik Fauskes poetiske scenetekst tematiserer ei rad menneskelagnader som i eit utvida augeblikk kjem eller ikkje kjem i berøring med ei stor ulykke gjennom poetiske bilde: I ein kupé sit det ein og diktar. Eit rednings-mannskap samlar seg. Nokon leitar etter ein pust i ei barneseng. To personar møter kvarandre for første gong.