Det Multinorske

No kan du søke om plass på Det Multinorske hausten 2018!

Søke MÅ du gjere her: https://www.nord.no/no/studier/skodespelarfag-bachelorgradsstudium

Søknadsfrist er 5.april. Studiestart er i august 2018. Studiet er gratis og vil etter 3 år gi ein bachelorgrad i Skodespelarfag.

Første prøve vil bli gjennomført
Måndag 16. april Kl. 15.00 – 21.30
Tysdag 17. april Kl. 09.00 – 16.00
Onsdag 18. aprilKl. 09.00 – 16.00
Torsdag 19. aprilKl. 09.00 – 16.00
Fredag 20. aprilKl. 09.00 – 16.00

Du vil bli innkalt til 1 av desse dagane.

Ei stund etter du har søkt vil du motta eit skjema der du kan gje beskjed om det er ein eller fleire av desse tidspunkta som ikkje passer.

Eit avgrensa tal kandidatar vil gå vidare frå første til andre prøve.
Andreprøve blir gjennomført mellom måndag 23.april og torsdag 27. april.

Utfyllande info om opptaksprøver:

Opptaksprøver del 1
Første prøve:
Du må framføre eit program på minimum femog maksimum ti minutt. Innhaldet vel du sjølv, men det må vere ord/tekst i programmet. Teksten kan du hente frå eit eksisterande teaterstykke. Det kan også vere ei anna form for tekst som du meiner eignar seg (f. eks. prosa eller dikt). Målet er at du skal få vist deg sjølv og gje oss eit inntrykk av potensialet ditt. Du kan ikkje ha med deg ein motspelar på scenen. Bruk av rekvisittar bør vere minimalt. Du kan ikkje ha kostyme.
Om du har ein eller fleire spesielle ting du vil vise, er det mogleg (f. eks. song, dans, fortelje ei kort historie/vits). Kanskje du får ei ekstra oppgåve under prøven. Det vil også vere ein samtale med opptakskomitéen. Er du tospråkleg, er det fin om du kan gjere programmet ditt på båe språk. Du treng ikkje nytte nynorsk, dersom dette ikkje kjennest naturleg for deg i dag.

Opptaksprøver del 2
Andre prøve:
Eit avgrensa tal kandidatar vil gå vidare frå første til andre prøve.
Om du går vidare, må du lære deg ei rolle frå ein av tekstane du kan velje frå (du får tilgong til tekstar når søknaden er mottatt av oss). På andre prøve vil du få arbeide med ein motspelar og ein instruktør. Prøven vil gå over fleire dagar og skal vere som ein arbeidsprosess i lag med opptakskomitéen. Improvisasjon, rørsletrening og stemmearbeid vil inngå i denne prosessen.

Opptakskrav
Du må ha familiebakgrunn utanfor Europa. Opptak til bachelorstudiet skodespelarfag skjer på bakgrunn av opptaksprøver. For å bli vurdert til opptak må du ha generell studiekompetanse eller realkompetanse (sjå meir om godkjend kompetanse hos www.lanekassen.no). Unntak frå krav om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som viser spesielle faglege kvalifikasjonar gjennom opptaksprøver. Du må snakke norsk, ikkje ha stemme- eller taleproblem, og vere i stad til å ta del i hard, fysisk trening.
(Ta kontakt om du har spørsmål om studiekompetanse).

 

Det Multinorske er eit initiativ frå Det Norske Teatret for at teatra skal kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg.
Derfor har vi saman med Nord Universitet oppretta ei treårig utdanning for skodespelarar med ikkje-vestleg bakgrunn. Studentane må du ha familiebakgrunn utanfor Europa, og må kunne bruke norsk i daglegtale. Det første kullet blei uteksaminert våren 2015, og 6 nye studentar starta studiet hausten 2015.

Utdanninga er ei fullverdig skodespelarutdanning på lik linje med dei andre statlege teaterhøgskulane i Noreg og Norden og leier til ein bachelorgrad. Studentane vil ha status som studentar ved Høgskolen i Nord-Trøndelag, med rett til lån og stipend frå Lånekassen. Dei som fullfører studiet får tilbod om ein praksisperiode med løn på Det Norske Teatret.

Les meir på Det multinorske sine nettsider.

Studentar ved Det multinorske 2015-2018

Hausten 2015 starta Emil Rodrigo Jørgensen, Mimmi Tamba, Peiman Azizpour, Catharina Vu, Kidane Gjølme Dalva, og Amina Sewali ved Det multinorske. Foto: Siren Høyland Sæter.

 

Bakgrunn for studiet

Det har lenge vore ei felles oppfatning både innanfor og utanfor det norske teatermiljøet at det blir rekruttert altfor få skodespelarar frå innvandringsmiljøa. Det multinorske er eit unikt initiativ frå Det Norske Teatret som meiner at teatra må kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg. Det er derfor Det Norske Teatret er i gang med  eit utdanningsprosjekt i regi av Det multinorske for skodespelarar med innvandringsbakgrunn. Utdanninga er treårig og leier til ein bachelorgrad. Dei som fullfører studiet får tilbod om eit praksisår med løn på Det Norske Teatret. Studiet blir gjennomført i samarbeid med Nord Universitet, men undervisningsopplegget er primært på Det Norske Teatret.

Kontakt: roar.myrvang@detnorsketeatret.no