Det Multinorske-studentane blir uteksaminerte

Skodespelarstudentane ved Det Multinorske – Noregs første skodespelarutdanning for nordmenn med ikkje-vestleg bakgrunn – er klare med avgangseksamen: Eit politisk debatt-stykke av den svenske dramatikaren Jonas Hassen Khemiri.

EG RINGER MINE BRØR
EKSAMENSFRAMSYNING OG NOREGSPREMIERE 21. MAI  KL. 20.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Tre år er gått sidan det første kullet med skodespelarstudentar ved Det multinorske starta utdanninga si her på Det Norske Teatret. Fire studentar med vidt forskjellig bakgrunn, men med det til felles at dei er representantar for det nye Noreg. Det Norske Teatret blei oppretta av og for folk som kom utanbys frå. Sidan starten har Det Norske Teatret vore mangfaldig, og slik skal det vere i framtida også. Norsk er eit langt meir mangfaldig omgrep i dag enn berre for få tiår sidan. Derfor starta teatersjef Erik Ulfsby for tre år sidan denne utdanninga, for at norske teaterscener betre skal kunne spegle Noreg slik det er i dag. Alle dei fire skodespelarane som blir uteksaminerte med denne framsyninga, har fått engasjement ved teatret til hausten – men da som ferdig utdanna skodespelarar.

Politisk debatt-stykke

Eg ringer mine brør er den hylla svenske dramatikaren og forfattaren Jonas Hassen Khemiris eige teaterstykke basert på ein kronikk han hadde på trykk i Dagens Nyheter etter bombingane i Stockholm i 2010.

Stykket er eit både humoristisk og slagkraftig debattinnlegg om integrering og utanforskap. Etter bombeangrepa opplevde svenske innvandrarar for første gong korleis det var å bli mistenkte for å vere terroristar berre på bakgrunn av korleis dei såg ut. Folk var redde for dei. For kva er normal oppførsel? Kven er ein potensiell gjerningsmann?

I 24 intense timar er vi inne i hovudpersonen Amor sitt hovud, der grensene mellom forbrytar og offer, kjærleik og kjemi, fantasi og verkelegheit blir stadig meir utviska.