Den vanskelege Brand

Korleis kan ein tolke Brand som ein idealist i i eit sekularisert Noreg? Svein Tindberg og regissør Kjetil Bang-Hansen konsentrerer seg igjen om tema knytt til det å tru.

BRAND
PREMIERE FREDAG 9. JANUAR KL. 20.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Så langt har samarbeidet mellom Tindberg og Bang-Hansen resultert i m.a. Evangeliet etter Markus, Apostlenes gjerninger og Abrahams barn, framsyningar som har skapt reine folkevandringar til teatersalane. Det handlar framleis om gudstru, men denne gangen møter vi ei tru så sterk at ho grensar til – eller blir til – fanatisme. Brand ofrar alt han er glad i i den tru at det er for ei større sak. I dei største rollene finn vi Svein Tindberg som presten Brand, Agnes Kittelsen er kona, Agnes, og Mads Ousdal speler rolla som som den gamle skolekameraten Einar.

I Ibsens samtid blei Brand framheva som eit ideal. Heil ved, ein mann som stod last og brast ved det han hadde sagt og ikkje endra kurs eller gjorde kompromiss. Eit føredøme.

Ver fullt og heilt den mann du er
og ikkje delt i all di ferd.

Utgivinga av Brand som dramatisk dikt i 1866 blei ei stor litterær hending. Det blei omtalt i alle dei store skandinaviske avisene og selt i rekordmange eksemplar i både Noreg, Danmark, Sverige og Finland.

Sidan er stykket blitt meir komplisert å forholde seg til. Ibsen skreiv ikkje eit stykke om fanatisme, men om idealisme: Brand er mig selv i mine bedste øjeblikke, sa Ibsen sjølv om karakteren. Er det muleg å lese Brand-skapnaden som noko anna enn ein fanatikar i dag, ei tid der folk har fjerna seg frå trua? Vi vil jo gjerne stå for noko, ha ideal, gjerne vere villige til å ofre noko for det vi trur på. Livet kanskje til og med?

Posta 13. desember 2014.