Brand: Premiere fredag

Brands Gud er hard og ubøyeleg, som ein storm. Han krev at ein ofrar alt, sjølv sitt eige barn. Kan ein forstå Brand som idealist i dagens sekulariserte Noreg? Fredag er det premiere på Svein Tindberg og regissør Kjetil Bang-Hansens siste prosjekt der dei igjen konsentrerer seg om tema knytt til det å tru.

BRAND
PREMIERE FREDAG 9. JANUAR KL. 20.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Så langt har samarbeidet mellom Tindberg og Bang-Hansen resultert i m.a. Evangeliet etter Markus, Apostlenes gjerninger og Abrahams barn, framsyningar som har skapt reine folkevandringar til teatersalane. Det handlar framleis om gudstru, men denne gangen møter vi ei tru så sterk at ho grensar til – eller blir til – fanatisme. Brand ofrar alt han er glad i i den tru at det er for ei større sak. I dei største rollene finn vi Svein Tindberg som presten Brand, Agnes Kittelsen er kona, Agnes, og Mads Ousdal speler rolla som den gamle skolekameraten Einar.

Scenografien av John-Kristian Alsaker er direkte inspirert av teaterets sceneteppe av Jan Groth, ein kunstnar scenografen karakteriserer som ein Brand-skapnad som urokkeleg stod ved sin idé. Komponist Håkon Berge har skapt klangfull musikk og Torkel Skjerven har sett eit lys som til tider kan virke overjordisk.

Brand som ideal
I Ibsens samtid blei Brand framheva som eit ideal. Heil ved, ein mann som stod last og brast ved det han hadde sagt og ikkje endra kurs eller gjorde kompromiss. Eit føredøme.

Ver fullt og heilt den mann du er
og ikkje delt i all di ferd.

Utgivinga av Brand som dramatisk dikt i 1866 blei ei stor litterær hending. Det blei omtalt i alle dei store skandinaviske avisene og selt i rekordmange eksemplar i både Noreg, Danmark, Sverige og Finland.

Sidan er stykket blitt meir komplisert å forholde seg til. Ibsen skreiv ikkje eit stykke om fanatisme, men om idealisme: Brand er mig selv i mine bedste øjeblikke, sa Ibsen sjølv om karakteren. Er det muleg å lese karakteren Brand som noko anna enn ein fanatikar i dag, i ei tid der gudstrua ikkje står like sterkt? Vi vil jo gjerne stå for noko, ha ideal, gjerne vere villige til å ofre noko for det vi trur på. Livet kanskje til og med?

Britt Langlies siste
14. januar fyller Britt Langlie 70 år og spelar med rolla som Brands mor si siste framsyning som fast tilsett skodespelar ved teatret. Etter at Langlie blei fast tilsett ved Det Norske Teatret i 1967, har ho vore ein av dei sentrale drivkreftane ved musikkteatret. Spesielt godt huska er rolla som Josefine i Bør Børon jr. (1974) og hovudrolla i Piaf frå 1980, som ho same året fekk Teaterkritikarprisen for. Men ho har også skapt mange sterke kvinneportrett både innan moderne og klassisk drama. Ho har òg markert seg i film og på fjernsyn, mellom anna i filmatiseringa av Ungen frå 1974.