Boligmagasinteater

Blir ein lykkelegare av ein vakker heim?

BU BETRE
PREMIERE LAURDAG 14. MARSKL. 18.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Framsyninga Bu betre er jobba fram etter inspirasjon frå fleire tiår med boligmagasin, hovudsakeleg BO BEDRE. Her er passasjar direkte saksa frå bladet, det er songar, dikt og små episodar laga med bakgrunn i interiørjournalistikken. Det er draumar om kjøkkenøyer, epletre i hagen, god høgde under taket, kvite veggar og glade barn. Som leikar med leiker frå 50-talet, for dei ser så bra ut.

Presentert på ein scene kjem komikken i interiørbladene fram: Leik med fargane! Tre er det mest sympatiske materialet. Det treng ikkje vere så dyrt, berre det har personlegdom! Kva skal du gjere med (den stygge) julepynten frå barnehagen? Men også den eksistensielle tomheita blir påtakeleg. Magasin sel draumar. Og der det finst draumar finst det også vonbrot. Draumar som har gått i knas. Ektepar som har pussa seg opp og bort ifrå kvarandre i staden for å komme nærare. Vi drøymer om det perfekte livet som møter oss på dei glansa magasinsidene og jagar etter å lage den perfekte heimen. Men blir vi lykkelegare? Meir harmoniske? Meir glade i andre og oss sjølve? Får vi tid til å nyte den nyoppussa, ryddige og reine heimen vi har jobba så hardt for?

På teateret MUNGO PARK i Danmark hadde framsyninga stor suksess, og dette er ein versjon lagt til rette for norske forhold. Med ironisk snert og lun humor går Agnes Kittelsen, Espen Reboli Bjerke, Per Schaanning og Hilde Olausson laus på sjølve fenomenet å bu betre, under kyndig leiing av regissør Catrine Telle, som nett har hatt suksess med komedien Revisoren på Nationaltheatret.

Nordmenn elskar heimen sin

BO BEDRE er Nordens største interiørmagasin og har i fleire tiår inspirert og realisert husdraumar over heile Skandinavia. Noreg er på verdstoppen når det gjeld forbruk av interiørmagasin, og pengar vi investerer i heimane våre.
Oppussing held norsk økonomi varm, NRK P2 Nyhetsmorgen