Bli gruppekontakt

Vil du vere kontaktperson mellom arbeidsplassen/organisasjonen din og Det Norske Teatret?

Gruppekontaktordninga vår er opprette for å gi eit tilbod til grupper på 20 billettar og fleire, som ønskjer å gå samla i teateret. Vi kan i tillegg til billettar tilby; omvising, møte med skodespelarane og bevertning i LØVE Restaurant & Bar.

Som gruppekontakt får du:


Fortløpande informasjon om teateret per e-post og invitasjon til ulike arrangement.
Invitasjon til prøveframsyningar i forkant av kvar premiere, slik at du kan halde deg oppdatert om repertoaret.
Personleg kontakt for gruppebestilling og oppfølging. Grupperabatten er om lag 20% og gjeld ved kjøp av 20 billettar eller fleire.
Kreativ bistand og tilrettelegging om du ønskjer møte, middag, kurs, konferanse eller omvising i samband med eit teaterbesøk.
Teateret sitt repertoarmagasin per post.
Vil du bli gruppekontakt? Fyll ut skjemaet under, så tek vi kontakt med deg.

Vil du bli teaterkontakt for skole: Les meir HER, eller ta kontakt på skole(@)detnorsketeatret.no.