Bli med inn i prøvene på Fuglane

Korleis blir teater til? Vi inviterer deg med på ei reise frå prøvesal til premiere. Følg prøvane på framsyninga Fuglane kvar veke på Twitch.

Første direktestrøyming: Torsdag 27. januar kl. 12.00 - 13.00.
Vi strøymer direkte frå prøvesalen eller scenen kvar torsdag, og for å sjå direktestrøyminga må du gå til twitch.tv/detnorsketeatret

Sjå direktestrøyming kvar torsdag kl 12!

Kvar direktestrøyming vil vere frå dei faktiske prøvane der regissør Luk Perceval saman med skodespelarane jobbar med ulike delar av manus. Dialogen mellom Luk og skodespelarane vil gå på engelsk, men sjølve replikkane blir sagde på norsk.

Sjå prøvane i opptak her!

Du kan sjå Twitch direkte når det skjer og delta i chatten og stille spørsmål undervegs.

Men du kan også sjå opptaka her.

Twitch, sa du?

Twitch er eit nettsamfunn av ulike menneske som direktestrøymer - eit slags Youtube for direktestrøyming. Dersom du registrerer deg, kan du chatte med oss og stille spørsmål og kome med forslag. Strøyminga er uansett open om du er registrert eller ikkje - men vi sett stor pris på om du ville snakke med oss undervegs!

Fuglane-regissør Luk Perceval: Eg vil invitere publikum inn i prøvesalen!

- Eg har laga teater i 40 år. Eg har heile tida prøvd å finne ut: Kvifor når vi berre «teater-folk»? Ved å invitere publikum inn på prøvane til Fuglane gjennom strøymeplattforma Twitch håpar eg at vi kan nå eit heilt anna publikum.

Les intervjuet!

Fuglane

av Tarjei Vesaas
I jubileumsåret til Tarjei Vesaas hentar vi fram eit meisterverk frå den nynorske litterære kanonen, nemleg Fuglane. Historia om Mattis, eller "Tusten", som bygdefolket kallar han, har rørt generasjonar av lesarar sidan boka kom ut i 1957. Romanen er ei djupt kjærleiksfull skildring av dei som er litt "annleis", og som mange ikkje forstår.

Les meir om framsyninga

Opptak frå første Twitch!

Her kan du sjå opptaket frå første direktesendte prøve på Fuglane, der regissør Luk Perceval øver på første scene i manus med skodespelarane Christian og Gjertrud!

Gå til Twitch her!