Bli gruppekontakt

Vil du vere kontaktperson mellom arbeidsplassen / organisasjonen din og Det Norske Teatret?

Gruppekontakt er eit servicetilbod for dei som ønskjer oppfølging i samband med gruppebestillingar. Som gruppekontakt har du personleg kontakt med teateret og ordninga gjeld ved samla bestilling og betaling av 20 billettar eller fleire.

Som gruppekontakt får du:

- Fortløpande informasjon om teateret per e-post. Sjå også nettsida vår www.detnorsketeatret.no for oppdatert informasjon.
- Personleg kontakt for gruppebestilling og oppfølging.
- Tilrettelegging om du ønskjer meir enn framsyning, til dømes lett servering eller middag i Løve Restaurant & Bar i forkant av framsyninga, eller ei omvising på teateret.
- Invitasjon til prøveframsyningar i forkant av nye premierar, slik at du kan halde deg oppdatert om repertoaret.
- Teateret sitt repertoarmagasin per e-post.

Vil du vere gruppekontakt? Meld deg på via skjemaet under og vi tek kontakt med deg.