Ble med inn i prøvene på Fuglane

Korleis blir teater til? Vi inviterer deg med på ei reise frå prøvesal til premiere. Følg prøvane på framsyninga Fuglane kvar veke på Twitch.

Sjå direktestrøyming kvar torsdag kl 12!

Vi strøymer direkte frå prøvesalen eller scenen kvar torsdag kl. 12-13, og for å sjå direktestrøyminga må du gå til twitch.tv/detnorsketeatret

Kvar direktestrøyming vil vere frå dei faktiske prøvane der regissør Luk Perceval saman med skodespelarane jobbar med ulike delar av manus. Dialogen mellom Luk og skodespelarane vil gå på engelsk, men sjølve replikkane blir sagde på norsk.

Twitch, sa du?

Twitch er eit nettsamfunn av ulike menneske som direktestrøymer - eit slags Youtube for direktestrøyming. Dersom du registrerer deg, kan du pate med oss og stille spørsmål og kome med forslag. Strøyminga er uansett open om du er registrert eller ikkje - men vi sett stor pris på om du ville snakke med oss undervegs!

Fuglane

av Tarjei Vesaas
I jubileumsåret til Tarjei Vesaas hentar vi fram eit meisterverk frå den nynorske litterære kanonen, nemleg Fuglane. Historia om Mattis, eller "Tusten", som bygdefolket kallar han, har rørt generasjonar av lesarar sidan boka kom ut i 1957. Romanen er ei djupt kjærleiksfull skildring av dei som er litt "annleis", og som mange ikkje forstår.

Les meir om framsyninga