Bikube-hausten opnar med kunstangrep

Under Oslo Kulturnatt kan allting skje! På Det Norske Teatret opner vi dørene til haustens første Bikubekveld med eit urbant kunst-angrep.

BIKUBEKVELD
KVAR FREDAG KL. 22.30
BIKUBEN, DET NORSKE TEATRET

FØRSTE BIKUBEKVELD HAUSTEN 2015: URBAN ART ATTACK!
11. SEPTEMBER KL. 22.30, OSLO KULTURNATT
GRATIS INNGANG

Urban Art Attack ønskjer å vise breidda i det urbane kunstmiljøet og å vere ein brubyggjar mellom det tradisjonelle teatret og det urbane miljøet, ein plass der «alle møtast».

– Med urban kunst meiner vi alt innanfor hiphop-kulturen, slik som rap, breaking, popping, locking, grafitti, sjablongkunst og slampoesi, seier Belinda Braza, som saman med Victor Ødegaard Prag står bak Urban Art Attack-kveldane. Dei ønskjer å gjere teaterelskarar kjende med eit miljø dei kanskje ikkje kjenner så godt frå før: – Vi dei vil bli vilt forelska i den urbane kunsten! seier Braza.

Etter kvart håpar initiativtakarane også at det vil bli til møte mellom teater og urban kunst å sjå på scenen.

For kvart event samlar dei artistar og utøvarar frå det urbane miljøet og inviterer dei inn i teatret. Fredag 11. september er det mellom anna sjablongkunst, eit aftrikansk-karibisk dansecrew, eit dansekompani som blandar hiphop med moderne dans og ein slampoet som blir inviterte inn på teaterscenen.

Sjå fullt program for haustens Bikubekveldar

Bikubekveldar hausten 2015

 

Fredag 11. septeber
Urban Art Attck!

 

Fredag 18. septeber
Kabaret Makaber

 

Fredag 25. september
Petter Winther

 

Fredag 2. oktober
Urban Art Attack!

 

Fredag 9. oktober
Rollebyte med Anna Bache-Wiig, Mattis Herman Nyquist og Morten Borgersen

 

Fredag 16. oktober
Billie Holiday: Ei kjærleikserklæring

 

Fredag 23. oktober
Side Brok

Fredag 30. oktober
VoiceOver – Feelin’ Good

Fredag 6. november
Urban Art Attack!

 

Fredag 13. november
Susanne Fuhr

 

Fredag 20. november
Guro von Germeten

 

Fredag 27. november
Urban Art Attack!

 

Fredag 4. desember
Frikk Heide-Steen: Sinatras jul