Beaivváš spøker i Oslo

Vald i familien er ofte noko som forblir skjult for omverda, noko det er vanskeleg å snakke om. Gjennom ei gamal spøkelseshistorie vil Skoavdnji/ Nattskugge sjå nærare på vald i nære relasjonar.

SKOAVDNJI/ NATTSKUGGE
BLIR SPELT 19. OG 20. NOVEMBER KL. 19.00
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET
BLIR SPELT PÅ SAMISK OG SIMULTANOMSETT TIL NORSK

 

Ei spøkjelseshistorie frå eit sjøsamisk miljø på 1920-talet er haustens gjestespel frå Beaivváš. Her tek dei opp spørsmål som korleis vald og kjærleik kan leve under same tak, og korleis er det mogleg at valden forblir skjult for omverda? I kva grad vågar vi å ta oppgjer med gamle ugjerningar, og å konfrontere våre eigne spøkelse?

I Nattskugge møter vi menneskets gode og vonde sider. Stykket er bygd over ei gamal spøkelseshistorie frå kysten av Aust-Finnmark som blei skriven som teaterstykke av den samiske dramatikaren Inger Margrethe Olsen (1956-2010). Framsyninga blei første gong sett opp av Beaivváš i 1994, men blir no spelt som ei heilt ny oppsetjing. Musikken til stykket er nykomponert av den samiske komponisten Frode Fjellheim.