Uttrykksfoto til framsyninga Utiseta.
Bakgrunnsartikkel

Teaterhausten!

Her er alt du kan gle deg til på Det Norske Teatret i haust. Velkommen!

Haustens store teaterhending

Frå lyst og begjær, tru og tvil, til trass og skam – Kristin Lavransdotter slit seg gjennom eit liv med store svingingar. I hendene på regissør Kjersti Horn, får du oppleve heile trilogien i løpet av åtte intense teatertimar. Uttrykket på Hovudscenen blir rått og moderne, men teksten er tru til Sigrid Undsets verk. For tar ein vekk det laget som høyrer mellomalderen til, vil ein oppdage at mykje fell saman med det moderne kvinnelivet. Eller kjensler og tankar som menneske til alle tider har hatt.

Rolla som Kristin Lavransdotter blir spela av Sara Khorami. Preben Hodneland speler hennar store kjærleik Erlend.

Ei magisk juleforteljing for heile familien!

Maja Lundes juleroman i 24 delar med nydelege teikningar av Lisa Aisato blei utropt som ein klassikar allereie da den kom ut i 2018. Boka blei ein braksuksess med rekordhøge lesartal, og fleire aviser rulla terningkast 6. No kan du endeleg oppleve den varme historia Snøsøstera på teaterscenen for første gong.

Urpremiere 22. oktober på Hovudscenen.

Vetle Bergan spelar rolla som Julian, og Gina Bernhoft Gørvell spelar den mystiske Hedvig.

Kvifor er menneska dømde til å grave sin eigen undergang?

I Olje og vatn er Scene 2 fylt av eit enormt basseng av svart granulat. Skodespelarane vil bade, dykke og grave seg ned, verder vil oppstå og forsvinne, for så å stå opp att. Slik Gud ifølgje Bibelen forma menneska i sitt bilde, har menneska frå tidenes morgon forma naturen i sitt. Det kan jo ikkje gå bra.

Inn frå regnet av Frode Grytten.

Bygda er øydelagd av flaum. Heile hus har sigla vekk frå grunnmurane, liv har gått tapt. Men lokalpolitikar og fagrørslemann Olav Svendsen nektar å la seg evakuere – til familiens store irritasjon.
Bygda er øydelagd av flaum. Heile hus har sigla vekk frå grunnmurane, liv har gått tapt. Men lokalpolitikar og fagrørslemann Olav Svendsen nektar å la seg evakuere – til familiens store irritasjon.
For Olav er det ei politisk markering, mot demonteringa av sjølve samfunnet. Urpremiere 17. september på Scene 2.
For Olav er det ei politisk markering, mot demonteringa av sjølve samfunnet. Urpremiere 17. september på Scene 2.
Med flaumen stig både politiske og familiære usemjer opp til overflata. Kona Ruth og dei tre sønene vekslar mellom å true og å lokke, men Olav har ikkje tenkt å rikke seg av flekken.
Med flaumen stig både politiske og familiære usemjer opp til overflata. Kona Ruth og dei tre sønene vekslar mellom å true og å lokke, men Olav har ikkje tenkt å rikke seg av flekken.

Johannes Holmen Dahl, som nyleg vann Heddaprisen for beste regi for Tid for glede, kjem i haust med den eksistensielle og viktige framsyninga Berre verdas undergang. Hovudkarakteren Louis blir tolka av Carl Martin Eggesbø, mora hans blir spela av Gjertrud Jynge. Framsyninga er del av Skeivt Kulturår, som markerer at det er 50 år sidan homofili blei avkriminalisert i Noreg.

Noregspremiere 25. november på Scene 2.

Uttrykksfoto til framsyninga Utiseta.

I 2019 laga regissør Lisa Lie framsyninga Mare på Det Norske Teatret. Framsyninga vann den nasjonale Ibsenprisen året etter. I haust får publikum bli med på utiseta.

I riktig gamle dagar var vi ein del av naturen

Bli med når tre norner, to nissar, ein kvitorm, to perserkattar og eit myrlik inviterer oss inn i skogen, inn i vår eigen skog. Dei tar oss med på utiseta, for å sjå kva innsikter vi kan finne der. Les meir om Utiseta.

Urpremiere 29. oktober på Scene 2.

I desse dagar har urpremiere 13. oktober på Scene 3.

I haust kan du oppleve skodespelar Niklas Gundersen i denne kvikke og elleville monologen på Scene 3.

Når livet krev ein superhelt...

Kva skal ein gjere når ein er blitt singel deltidspappa, og har ei sjuk dotter? Jo, da er det berre å brette opp erma og ta på seg superheltdrakta. Og vips oppstår Captain Amazing. Og alt det som nett var så tungt å bere, blir plutseleg til småting. For verda treng ein superhelt. Verda treng Captain Amazing.

Noregspremiere 1. september på Scene 3.

Pinocchio har premiere 10. november på Rommen Scene.

Korleis leve vidare når rettferd ikkje skjer?

I samisk mytologi har alle dyr ei máddu, ei stammor. Om du plagar eit lite dyr, vil dyrets stammor hemne seg på grufullt vis. Eadne-máddu er alle mødrer si stammor. Ho hemnar seg på vegner av alle døtrer og søner som nokon plagar. Kanskje er det mange som treng ei Eadnemáddu her i landet? Les meir om Eadnemáddu.

Urpremiere 24. november på Scene 3.

I Eadnemáddu har dramatikar Siri Broch Johansen konstruert eit ord som ikkje er i bruk i det nordsamiske språket, men som likevel har sterke konnotasjonar til kjente mytologiske figurar.

Jakta på gamledagar

Frå Det Vestnorske Teatret kjem Linda Eide med den varme soloframsyninga Oppdrag Mottro, der ho utforskar livet til si eiga mor ("Mottro") og det mytiske omgrepet "gamle dagar". Frå 21. september på Scene 3.

Enno ikkje sett desse? Framsyningar som blir med inn i hausten:

Tid for glede av Arne Lygre vann mellom anna Heddaprisen for beste regi.

Tid for glede

«En stor begivenhet i norsk teater» skreiv Aftenposten og trilla terningkast 6. Framsyninga fekk heile 7 Heddapris-nominasjonar. I haust kan du igjen oppleve Tid for glede på Hovudscenen.

Vikla inn i blått

«Ein Dylan-konsert for historiebøkene», skreiv Dagsavisen, og trilla terningkast 6. På scenen står eit songsterkt skodespelarlag klart til å levere sine tolkingar av songane til ein av musikkens og litteraturens meir mangesidige kunstnarar. Les meir om Vikla inn i blått.

Bob Dylan er musikaren og poeten som kanskje meir enn nokon andre har påverka rockemusikken.

«Are Kalvø er fortsatt helt på topp», skriv Dagsavisen om Toppar VG-lista.

Are Kalvø toppar VG-lista

Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas? Svaret får du kanskje på Scene 2 i haust. Les meir om Toppar VG-lista.

Blokk til blokk

Konsertframsyninga Blokk til blokk hadde premiere i 2018, og spela for fulle hus. Aftenposten skreiv at det var «en opplevelse som er større enn en konsert og rikere enn en vanlig forestilling». Endeleg er den tilbake på Hovudscenen. Les meir om Blokk til blokk.

Don Martin, Castro og Fela står på scenen i denne personlege framsyninga om å komme dit du er, ikkje på grunn av, men trass i.

Christian Kallum spelar rolla som Mattis. Gjertrud Jynge har rolla som søstera Hege.

Fuglane

Tarjei Vesaas roman om Mattis og søstera Hege hadde teaterpremiere våren 2022. Aftenposten meinte det var «…hypnotiserende sterkt» og trilla terningkast 5. Les meir om Fuglane.

Gudspartikkelen

«Gudbenådet om gudspartikkelen», skreiv Aftenposten og trilla terningkast 6. Kva er eigentleg skilnaden mellom fysikkens «big bang» og Guds «bli lys»? Svaret får du kanskje i haust, når Svein Tindberg er tilbake med monologframsyninga Gudspartikkelen.

«Forestillingens store styrke er Tindberg selv, som er en mester i formidling», skreiv Dagsavisen etter premieren.

«Faderen er et ulmende maktspill som går rett inn i dagens debatt rundt mannsrollen», skreiv Dagsavisen.

Faderen

I Strindbergs intense kammerspel blir kjønna sett opp mot kvarandre i ein sviande maktkamp. «Svært velspilt. Ubehagelig relevant.» skreiv Aftenposten etter premieren, og trilla terningkast 5. Les meir om Faderen.

Haugtussa

Skodespelar Ane Dahl Torp har klipt og limt i Garborgs medrivande diktsyklus for å kaste nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, i samspel med komponist og trompetist Sjur Miljeteig. «Poetisk og rå», skreiv VG etter premieren i 2013. Haugtussa går framleis på Scene 3.

Opplev Ane Dahl Torp i Arne Garborgs klassikar Haugtussa på Scene 3.

Er den høgt utdanna og liberale middelklassen verkeleg så tolerante og frie som dei hevdar å vere?

Eks

«Det er på et vis trist, men samtidig er det heller ingenting vi ler så godt av som en skikkelig morsom tragedie. Og akkurat det er Eks», skreiv Dagsavisen. I haust er den mørke komedien tilbake på Scene 3. Les meir her.

Tante Ulrikkes vei

«Den sanneste historien om Norge du kan oppleve fra en scene denne høsten», skreiv Dagsavisen om framsyninga da ho hadde premiere. Denne hausten er Tante Ulrikkes vei tilbake på Rommen Scene. Les meir her.

Ei forteljing om det mange ikkje ser, den politisk korrekte elitens blindsone.