Lansering av repertoaret for våren 2018!

Planar for våren? Ikkje det? Då kan du glede deg til nyheitene vi slepp onsdag 1. november kl. 11! 

Alle framsyningane for våren kjem i sal kl. 11, og kl. 19 same kvelden kan du følgje ein livestream frå Målarsalen vår der teatersjef Erik Ulfsby vil legge fram repertoaret. Du kan gle deg til gjestar, omtale og innslag frå vårens produksjonar.

Du finn livestreamen på Facebooksida vår frå kl. 19 den 1. november.