Her er programmet!

Sterk satsing på norsk dramatikk.

Oversyn over heile repertoaret nedst i artikkelen!

Heile ti av tolv produksjonar er nytt norsk teater. Det spenner frå ei gjendikting av vårt eldste kjende diktverk Edda til ei musikalsk dramatisering av Stein Torleif Bjellas univers. I tillegg kjem det ei ny oppsetjing av Beckett i regi av Bjørn Sundquist, Brit Bildøens kritikarroste roman Sju dagar i august er blitt dramatisert for teater og Alan Lucien Øyen tar for seg Lars Noréns Som lauvet i Vallombrosa.

Robert Wilson er tilbake

Robert Wilson er tilbake på Det Norske Teatret, 12 år etter at han sette opp ein Peer Gynt som det framleis blir snakka om. Den verdskjente amerikanske regissøren har fått i oppdrag å setje sin karakteristiske signatur på den norrøne mytologien med framsyninga EDDA, som har urpremiere i ein versjon av Jon Fosse på Det Norske Teatrets hovudscene 4. mars.

Folkekjære songar til scenen

Stein Torleif Bjellas karakterar og musikk er grunnlaget for framsyninga Kan nokon gripe inn, som opnar Hovudscenen til våren. Bjella er for tida aktuell med albumet Gode Liv, som har fått kritikarkorpset til å erklære musikaren som eineståande. Bjella har med sitt melankolske, tekstmateriale etablert seg som ein sjeldan historieforteljar med ei særeiga røyst i det norske musikkfeltet. Lyttarskaren har vakse jamt og trutt sidan solodebuten med Heidersmenn i 2009. I Kan nokon gripe inn er låtmateriale frå alle Bjellas fire album samla, plukka frå kvarandre og bygd opp igjen til ei historie som utspelar seg på ein stasjon ein eller annan stad på landsbygda. Dei fleste tog dundrar forbi, men det er liv i stasjonsbygninga, og her møtest ein gjeng som alle lengtar bort, eller til noko anna.

Lasse Kolsrud har skrive manus og har regi på framsyninga. Han har tidlegare, med stor suksess, skapt forteljingar om vanlege folks liv frå vanlege bygde- og småbysamfunn. I alle desse har musikken vore ein viktig del av oppsetjinga. I Bikubesong av Frode Grytten følgde vi familiane i ei blokk i sentrum av Odda, og her var det The Smiths som lydla scenerommet. Sånne som oss gav eit innblikk i tre generasjonar innbyggjarar i forstaden Loddefjord utanfor Bergen. Her var John Olav Nilsen og gjengen tonefølgjet. Denne gongen har Lasse Kolsrud fridd til ein av notidas aller fremste visekunstnarar.

Med utgangspunkt i norsk samtid

Det Norske Teatret byr på mange norske urpremierar i vår, fleire av dei med utgangspunkt i norsk samtid. I Sju dagar i august, ei dramatisering av Brit Bildøens kritikarroste roman, er sorga etter 22. juli tema.

11 år er ei ny framsyning av duoen Goksøyr & Martens, som nok ein gong har tatt utgangspunkt i dokumentarisk materiale, observasjonar og samtalar. Dei vil lage ei framsyning der publikum blir vitne til hendingar som ligg langt opp til kvardagsrealisme. Vi får vere observatørar i to timar i ein skole ramma av ei sak med svært alvorlege konsekvensar, og det heile vil spele seg ut på bakscenen på Det Norske Teatrets Hovudscene.

Psykoterapiens pionerar


Også framsyninga Overføring er basert på dokumentarisk materiale. Her blir 50 års norsk psykologihistorie teater når regissør Tyra Tønnessen tek samtalar med tretten pionerar frå psykologifaget til scenen. Rollene blir spelt av dei erfarne skodespelarane Toralv Maurstad, Kai Remlov, Britt Langlie, Erik Hivju, Grethe Ryen og Wenche E. Medbøe.

Stjerneskot og ringrev

alan-lucien-oyen

Alan Lucien Øyen er i utgangspunktet koreograf, og har mellom anna vore huskoreograf i Operaen. No skal han sette opp Lars Noréns ordrike Som lauv i Vallombrosa. Foto: Massimo Leardini.

Alan Lucien Øyen kjem frå dansescenen, men har bevega seg meir og meir over i teateret og har også vunne Heddaprisen for beste scenetekst. No vil han sette i scene Lars Noréns pratsomme familiedrama Som lauv i Vallombrosa, som med mykje komikk tek for seg det tragiske ved det å leve.

Bjørn Sundquist har etter regidebuten i 2013 stått fram som ein fornyar av Samuel Becketts tekstar, og tatt opp Det Norske Teatrets tradisjon som Beckett-teater. I vår klatrar regissøren ned frå Scene 3 til den litt større Scene 2 med det nye prosjektet Røff.

Det blir ofte etterlyst nytt norsk teater, og det må vel vårens repertoar ved Det Norske Teatret seiast å vere eit svar på. Her får til og med barna nytt og norsk, med ei dramatisering av to av dei populære bøkene om Jakob og Neikob. Dei aller minste får oppleve ein sanseleg Drake-zoo på Scene 2.

REPERTOARET SOM PODCAST

Teatersjef Erik Ulfsby, dramaturg Ola E. Bø og informasjonssjef Ida Michaelsen i samtale om vårens framsyningar og korleis eit repertoar blir til.

HEILE REPERTOARET

jakob-og-neikob-med-tekstav Kari Stai, dramatisert av Paul-Ottar Haga
Urpremiere 13. januar på Scene 3
Regi: Paul-Ottar Haga

kan-nokon-gripe-inn-med-tekstBasert på songar av Stein Torleif Bjella
Urpremiere 14. januar på Hovudscenen
Manus og regi: Lasse Kolsrud

roffav Samuel Beckett
Premiere 21. januar på Scene 2
Regi: Bjørn Sundquist

det-er-ales-med-tekstav Jon Fosse, dramatisert av Maria Sand
Noregspremiere 28. januar på Scene 3
Regi: Gianluca Iumiento

overforing-med-tekstUrpremiere 18. februar på Scene 2
Manus og regi: Tyra Tønnesen

astaddikting-med-tekstav Eirik Fauske
Urpremiere 25. februar på Scene 3
Regi: Kai Johnsen

edda-dnt-webi ein versjon av Jon Fosse
Urpremiere 4. mars på Hovudscenen
Regi: Robert Wilson

eg-hatar-persiske-teppe-med-tekstav Sara Khorami
Urpremiere 23. mars
Regi: Carl Morten Amundsen

som-lauvet-i-vallombrosa-med-tekstav Lars Norén
Premiere 25. mars på Scene 2
Regi: Alan Lucien Øyen

sju-dagar-i-august-med-tekstav Brit Bildøen
Urpremiere 1. april på Scene 2
Regi: Morten Borgersen

drake-zoo-med-tekstav Dieserud/Lindgren
Urpremiere 6. april på Scene 2
Regi: Christina Lindgren


11-ar-med-tekstav Goksøyr/Martens
Urpremiere 23. mai på Hovudscenen
Regi: Goksøyr/Martens

I REPERTOAR 2017

i-repertoar

BIKUBEN

Teaterets fjerde Scene, Bikuben, kan by på både konsertar og Innsiksprogram.
I tillegg held vi fram med å satse på verkstad-baserte program for barn.