Hausten er her – endeleg!

Vi elskar hausten. Nye premierar, folk i teateret, seine kveldar og ny innsikt.

Når vi no opnar dørene for ein ny teatersesong er det med vissheit om at vi har ein haust full av framsyningar som utfordrar. Både oss som teater og dei som gjestar oss. Vi har eit breitt repertoar og det er tydeleg at publikum finn noko som appellerer. Aldri før har så mange funne vegen til Det Norske Teatret som denne våren. Vi ønskjer vel møtt til ein folkerik og kunstnarleg spennande teaterhaust!

Det Norske Teatret har så langt i år opplevd eit oppsiktsvekkande godt år. Totalt har vi så langt i år hatt eit besøk på 102 500, altså ein auke på over 10 prosent. 2015 var det beste året i teaterets historie. 2016 er med andre ord eit historisk godt år for Det Norske Teatret – så langt.

Det å stå i spennet mellom vågale prosjekt og kravet om brei folkeleg appell, som dei store nasjonale kulturinstitusjonane gjer, er ein balansekunst der graden av suksess må målast på langt fleire verdiar enn berre reine tal. Årets Heddaprisutdeling er eit prov på det: Heile fire prisar gjekk til Det Norske Teatret, der særleg Solaris korrigert utmerka seg.

Her finn du heile repertoaret