Gåvekort som julegåve?

Kjøp gåvekort
Kjøp ei julegåve ingen har frå før – eit gåvekort på teaterbillettar!
Gåva er like godt eigna til venneparet og mormor, som til kollegaer. Vi har framsyningar som passar for alle!
Du bestemmer sjølv kor stor gåve du vil gi. Gåvekortet kan du kjøpe i billettluka vår eller her på nettsida og printe dei ut sjølv heime. Kjekt om du er ute i siste liten…

Dei som får gåvekortet kan bruke det til å betale for billettar med – og dei kan betale ekstra sjølv om gåvekortet ikkje strekker til. Våre framsyningar kostar frå 250,- til 590,-. Gåvekorta gjeld i to år frå dei er skrivne ut og blir lagt i eit fint omslag.