Fagprogram på Det Norske Teatret under Heddadagane

Morgonmøte

8. juni kl. 9.00 i Løve Restaurant & Bar

Morgonmøtet er ein fast møtestad før vi startar festivaldagen. Her får du kort informasjon om kva som skjer i dag, prosjektleiar Kjetil Falkum og kommunikasjonsansvarleg Aleksander Erichsen er til stades kvar dag, og kan svare på spørsmål. Legg gjerne dine morgenmøter hit, eller kom innom for å treffe kolleger.

Løve Restaurant & Bar serverer god og rimeleg frukost frå kl. 8-11 på kvardagar. Laurdag og søndag serverer Heddadagane kaffe i festivalteltet ved Nationaltheatret frå 10-11.

Arrangør: Heddadagane
Passar for:
Teaterleiarar, turnéleiarar for gjestespela, og alle andre som deltek på festivalen. Ope arrangement. Arrangør: Heddadagane.

European Theatre Convention: Drama goes digital

8. juni kl. 10.00 i Bikuben

Internasjonal teaterkonferanse med fokus på utforsking av ny teknologi og teater på tvers av landegrenser.

European Theatre Convention (ETC) er ein internasjonal konferanse med debattar, seminar, verkstader og framsyningar. Konferansen har fokus på internasjonalt samarbeid og bruk av ny teknologi i teater. Framsyningane Den siste kongsfestenIdiomatic og Stage your city er en del av konferansen.

Klikk her for utfyllande program.

Arrangørar: ETC og Det Norske Teatret
Passer for: Deg som er interessert i internasjonalt samarbeid. Deg som er interessert i bruk av ny teknologi i teater.

8. juni, kl. 10.00-17.30 og 9. juni kl. 13.00-18.00 på Det Norske Teatret.
NB! Merk at det berre er programmet innanfor tidene over som er ope for alle.

Scenetekst og spillkonvensjonar

11. juni kl. 10.00 i Bikuben

Dagens teaterlandskap er mer variert enn nokosinne, og ein og same kunstnar kan arbeide i svært ulike format. Kva for verknad har dette mangfaldet på den dramatikken som blir skrive i samtida? Blir det stilt nye krav til openheit og fleksibilitet i sceneteksten? Kva for føringar kan eller bør teksten legge for regikonsept og stilval? Kva for grep blir opplevd som gamaldagse i vår tid?

Deltakarar: Victoria Meirik (kunstnarleg leiar Dramatikkfestivalen og regissør), Tale Næss (dramatikar, dramaturg og noverande stipendiat i scenetekst ved KHIO), Lillian Bikset (kritikar, omsetjar, medlem av og talsperson for Heddajuryen). Fleire deltakarar blir annonserte før seminaret. I tillegg vil minst to av dramatikarane som er valde til Dramatikkfestivalen i 2019 delta og tekstane deira vil bli brukte som eksempel.

Arrangørar: Norsk Dramatikkfestival i samarbeid med Heddadagane

Frilanstreffet

11. juni kl. 16.30 – ca. 19.00 i Bikuben

Ein uformell møteplass for frilans- skodespelarar, dansarar og bransjeaktørar. Årets tema er kunstnarleg innhald. Vi inviterer festivalar, teater og turneorganisasjonar til å gi eit innblikk i korleis scenekunst blir programmert. Moderator er Hild Borchgrevink. Panelet blir annonsert fortløpande.

Arrangørar: Skuespiller- og danseralliansen i samarbeid med Norsk Skuespillersenter og PRODA.

Meld deg på her.

#metoo – kor står teatera no?

12. juni kl. 12.00 i Bikuben

Mykje har skjedd etter at metoo-saken prega nyheitsbildet hausten 2017. Norsk Sceneinstruktørforening (NScF) feirar 70 år og ønskjer å bruke høvet til å sjå nærare på kva som har blitt gjort av konkrete tiltak for å bekjempe seksuell trakassering i norsk teater.

Arrangementet blir ein panelsamtale der deltakarane vil diskutere mellom anna kva som har blitt gjort av konkrete tiltak, endringar i kontraktar, informasjon etc. for teaterarbeidarar, og om teatera bør ha folk utanfor huset til å ta seg av eventuelle varsel som kjem inn?

Med Hedvig Montgomery (psykolog), Julie Støp Husby (skodespelar, mellom dai som jobba med #stilleforopptak), Maria Mediaas (Daglig leiar i Talent Norge, tidlegare sjefprodusent ved Nationaltheatret), og Morten Gjelten (direktør i NTO). Samtalen blie leia av Johan Osuldsen (instruktør, leiar i NScF). Fleire paneldeltakarar blir annonserte seinare.

Arrangørar: Norsk Sceneinstruktørforening i samarbeid med Heddadagane.

Passar for: Teaterleiarar, skodespelarar, instruktørar, og andre som er interesserte i arbeidsmiljøspørsmål. Ope arrangement.

Treng vi ei regiutdanning?

13. juni kl. 12.00 i Bikuben

Norske institusjonsteater nyttar stadig oftare regissørar utan regiutdanning. Norsk Sceneinstruktørforening (NScF) vil sjå nærare på kva teatera, akademia, kritikarar og norske regissørar meiner om denne tendensen. Er det pga. pengemangel, vennetenester eller liten respekt for regifaget? Treng vi i det heile tatt ei regiutdanning i Noreg?

Med Runar Hodne (regissør, Kunsthøgskolen i Oslo), Marit Moum Aune (regissør), Kjersti Horn (regissør), og Mona Levin (teaterkritikar). Samtalen blir leia av Johan Osuldsen (regissør, leiar i NScF).

Arrangør: Norsk Sceneinstruktørforening

Passar for: Teaterleiarar, instruktørar/regissørar og andre som er interesserte i regi og kunstnarleg leiing. Ope arrangement.

Rettigheiter ved bruk av musikk i framsyningar

15. juni kl. 10.00 i Bikuben

Mange er usikre på kva for reglar som gjeld for forskjellig bruk av musikk i framsyningar, og forvirringa er tidvis stor om kor ein skal søke om lov til kva.

Vi har bedt TONO og GRAMO om å hjelpe oss med ei oppklaring. Dei to organisasjonane vil presentere sine arbeidsområde, regelverk og rutinar for rapportering, og i tillegg svare på spørsmål om forskjellige scenario for bruk av musikk.

Arrangør: Heddadagane i samarbeid med TONO og GRAMO.

Passar for: Teateradministrasjon, produsentar, kompani, lydteknikarar, redissørar, koreografar og andre som nyttar seg av eller rapporterer bruk av musikk i framsyningar. Ope arrangement.

Kritiske vilkår – scenekunstkritikk i et nasjonalt perspektiv

15. juni kl. 15.00 i Bikuben

Med utgangspunkt i Kritikerundersøkelsen 2017, inviterer vi kulturredaktørar, kritikarar og teaterleiarar til debatt om scenekunstkritikkens kår.

Debattleiar: Jan Landro, teaterkritikar, medlem av Heddajuryen, og tidlegare redaktør. Paneldeltakarar: Blir annonserte seinare.

Arrangør: Heddadagene i samarbeid med Kritikerlaget.

Passar for: Deg som er interessert i å lese, trykke eller bli utsett for scenekunstkritikk.

Morgenbladetsalongen: Teateret som samfunnsdebattant

16. juni kl. 13.30 – 15.00 i Bikuben

I dagens digitale samfunn forheld vi oss meir til skjermar enn menneske. Kva for politisk potensiale ligg i teaterrommet som møteplass? Kva forteljingar vel teater-Noreg
å iscenesette, og kvifor?

Velkommen til ein samtale om teaterets rolle som samfunnsdebattant!

I panelet: Teaterregissør Marit Moum Aune, kunstnarduoen Toril Goksøyr og Camilla Martens, teatersjef Kristian Seltun ved Trøndelag Teater. Ordstyrar er Ilene Sørbøe, teatermeldar i Morgenbladet.